Hopp til innhald

Fagstoff

Fotografiet som historisk kjelde

Fotografi kan nyttast som historiske kjelder på lik linje med skrivne dokument. Vi må då vurdere fotografiet kjeldekritisk på den same måten som alle andre typar kjelder.
Arbeidarar framfor eit stort skip på kvalfangststasjonen Grytviken, Sør-Georgia. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ser kameraet alt?

Fotografi blir vanlegvis nytta som illustrasjonar i historiske bøker. Men fotografia kan òg nyttast som historiske kjelder på lik linje med skrivne dokument. Vi må då vurdere fotografiet kjeldekritisk på den same måten som alle andre typar kjelder.

Kameraet fangar inn og bevarer objektet for ettertida. Vi kan seie at "kameraet ser alt", men vi kan ikkje utan vidare gå ut frå at opplysningar på eit eldre fotografi er historisk riktige. Til dømes var kameraa på 1800-talet ikkje gode nok til å kunne ta bilete inne i eit mørkt rom. Løysinga vart å flytte motivet ut i sola. Dei kunne heller ikkje ta bilete av motiv i rørsle. Motivet måtte stå stille. Derfor kan eldre fotografi ofte verke kunstige og stive for oss i dag.

Vi må med andre ord heile tida stille kjeldekritiske spørsmål og prøve opplysningane frå fotografiet mot opplysningar vi kan hente ut av andre kjelder.

Fotografihistoria

Les om fotografihistoria og sjå video om emnet på mediefagsidene her på NDLA.

Fotografihistoria i Noreg

Formålet med biletet

Fotografen kan ha hatt ei bestemd meining med å ta fotografiet akkurat slik det vart teke. Vi kan i utgangspunktet skilje mellom ulike motiv med ulike formål:

  • det presenterande fotografiet, der fotografen ønskjer å dokumentere korleis noko og nokon såg ut akkurat der og då
  • det forteljande fotografiet, der fotografen prøver å vise noko som hende akkurat då, og fortelje om dette

For å kunne bruke eit fotografi som ei historisk kjelde må vi bestemme opphav, innhald, truverd og nytteverdi for fotografiet.

Er fotografiet ekte?

Det første vi må gjere, er å avgjere om fotografiet er det det ser ut til eller gir seg ut for å vere. Kven var fotografen, når og kor vart biletet teke? Vi må setje fotografiet inn i ein større samanheng. Er biletet retusjert eller forfalska på annan måte? For å bestemme opphavet til fotografiet, stiller vi spørsmåla om når, kor, kva, kven og korleis.

Ekte eller falskt?

Lenin og Trotskij framfor ei stor folkemengde i Moskva i 1920. Lenin står på talarstolen med Trotskij ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Lenin på ein talarstol taler til ei stor folkemengde i Moskva i 1920. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva fortel biletet?

Deretter ser vi nærare på kva fotografiet inneheld. Først registrerer vi berre kva som blir synt, så må vi prøve å tolke innhaldet.

Kvifor tok fotografen dette biletet? Om ein ikkje veit noko om den historiske samanhengen, er det lett å leggje til eigen informasjon, basert på personlege erfaringar, i eit forsøk på å gi fotografiet ei meining. Dette kan føre til heilt forskjellige tolkingar av det same biletet.

Døme

Tomme biletrammer på veggar med tapet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Sjå nøye på biletet over. Beskriv kort kva du ser.
  • Kvifor tok fotografen akkurat dette biletet, trur du?

Utan meir informasjon er det vanskeleg å tolke dette biletet. Formålet til fotografen kan vere kva som helst. Biletet i seg sjølv viser berre nokre tomme kunstrammer på ein vegg. Var meininga å dokumentere eit kunsttjuveri?

Heldigvis har arkivskapar (NTBs krigsarkiv) skrive ein forklarande tekst bakpå biletet: "Våren 1940. Tysk innflytelse i Norge. Slik så Nasjonalgalleriet ut i dag; alle malerier er fjernet fra veggene." No gir biletet meir meining. Vi veit når og kor fotografiet er teke. Og dette igjen kan hjelpe oss med å forstå kvifor fotografen valde å ta dette biletet.

  • Sjå på biletet ein gong til. Beskriv på nytt kva du ser, i lys av kva du no veit. Kva fortel biletet oss no?

Når vi har stilt alle dei kjeldekritiske spørsmåla og fått svar på dei, er neste spørsmål om vi faktisk kan bruke fotografiet som kjelde til det vi lurer på. Kan vi bruke dette fotografiet når det gjeld akkurat det historiske problemet vi er opptekne av? Eller fortel det alt om noko heilt anna, og ingenting om akkurat det vi lurer på?

Relatert innhald

Når vi skal danne oss eit bilete av historiske hendingar, er vi avhengige av å tolke kva ulike primærkjelder fortel.

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck og Gunn Løwe. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 21.02.2018

Læringsressursar

Kritisk tenking og kjeldekritikk

Læringssti

Fagstoff