Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med falske nyheiter

Vel ein eller fleire av oppgåvene nedanfor. Jobb med oppgåvene individuelt, men presenter det du finn ut for ein medelev eller for klassen din. Vi lærer nemleg mykje av å setje ord på det vi tenkjer!
Elevar som samarbeider to og to. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Europa sin kamp mot falske nyheiter

Les denne artikkelen på NRK sine nettsider: Europas kamp mot falske nyheter

  • Sett deretter opp fire forslag til tiltak mot falske nyheiter.
  • Presenter desse forslaga for ein medelev og bli saman samde om fire forslag i prioritert rekkefølgje.
  • Presenter forslaga for resten av klassen.
  • Gjennomfør så ein diskusjon i klassen om tiltak mot falske nyheiter.

Oppgåve 2: Studer ein nyheitsnettstad

Studer nyheitsnettstaden Alternative media

Bruk det du har lært så langt, og avgjer om du stoler på dei nyheitene du finn her. Grunngi svaret

Oppgåve 3: Faktasjekk av nyheitssak

Hausten 2016 vart saka « Barnehage ble nektet lussekatter av muslimsk far» frå Frihetsavisen hyppig delt i sosiale medium.

Oppgåve 4: Nyheiter tilpassa den personlege smaken din

I framtida vil nyheitene vere tilpassa den personlege smaken din. Les denne artikkelen på NRK sine nettsider: Skulle du ønske du slapp å lese mer om Trump?

  • Kva skulle DU ønske du fekk lese meir om?
  • Kva skulle DU ønske du fekk lese mindre om?
  • Kva er fordelene og ulempene ved at nyheitene blir tilpassa den personlege smaken din?
  • Kva er ei filterboble?

Oppgåve 5: Kviss om falske nyheiter

Medietilsynet har laga ein kviss om falske nyheiter
Bruk det du har lært om falske nyheiter og gjennomfør kvissen.

Kva blei resultatet?

Oppgåve 6: Engasjement på sosiale medium

Storyboard samlar data som viser kor stort engasjement og spreiing ulike saker og nettstader har i sosiale medium.

Oversikt over nyheitsoppslag med mykje engasjement i Noreg i 2019

  • Gå igjennom denne lista og plukk ut 5 saker som har hatt stort engasjement og som du meiner har lite truverd.
  • Del sakene dine med ein medelev. Grunngi kvifor.
  • Kva medium har publisert oppslaget?

Oppgåve 7: Korleis faktasjekkarar jobbar

Sjå desse videoane:

"Hevdar 90 000 er smitta av koronavirus" på ted.com

"Hvordan bruke Google i kjeldekritikk?" på ted.com

  • Skriv eit kort notat om korleis faktasjekkarar jobbar.
  • Kva for nokre gode tips frå desse videoane kan du bruke sjølv som faktasjekkar?

Oppgåve 8: Spel om falske nyheiter

I spelet “Bad News” tek du på deg rolla som falsk nyheitsformidlar. Oppgåva di er å få så mange følgjarar som mogleg medan du byggjer opp truverd til nyheitssida di. Men pass på: du taper spelet viss du spreier openberre løgner eller svik følgjarane dine. Lykke til!

Filer

Oppgåve 9: Skriv ei ekte og ei falsk nyheit

  • Bruk det du kan og har lært så langt til å skrive ei ekte og ei falsk nyheit. Hugs at i ei nyheitssak kjem det viktigaste først. Bruk òg desse spørreorda til hjelp: kven, kva, kvar, kvifor, korleis og når.
  • Presenter nyheitene for ein medelev utan at du seier kva som er ekte og falskt. Be medeleven gjette.
  • Presenter så nyheitene for resten av klassen på same måte.
  • Deretter publiserer du nyheitene på Facebook-profilen din og utfordrar vennegjengen din til å finne ut kva som er falskt og ekte.
CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar