Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Definisjonsmakt

Definisjonsmakta i arbeidet med barn og unge er stor. Korleis du utøver makt, har mykje å seie for trivselen og tryggleiken til barn og utviklinga og læringa deira. Det er derfor svært viktig at du er medviten kva makt du har, og korleis du utøver ho.
Ein liten gut leiker med ei sjørøvarskute i sanda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På sjørøvartokt

Tre gutar på fem år leiker Kaptein Sabeltann med sverda som dei har laga av papp. Petter, som er barne- og ungdomsarbeidar, seier at dei kan leike på klosserommet fordi dei vil leike litt meir aktivt og høglydt enn resten av barnegruppa. Gutane går glade inn på klosserommet og leiker ei god stund. Etter ei stund går Petter inn for å sjå korleis det går med gutane. Han ser at dei styrer skuta, som dei har bygd av klossar, og er på sjørøvartokt.

Litt seinare, når Petter sit og les ei bok for tre andre barn, høyrer han ein av gutane gråte. Guten kjem ut frå klosserommet. Petter høyrer ein annan vaksen som spør kvifor han græt. Guten forklarer at ein av dei andre gutane som han leika med, stakk han med sverdet.

Den vaksne trampar då av garde inn på klosserommet for å finne guten som har gøymt seg bak "skuta". Den vaksne dreg guten ut av klosserommet. Ho held han i handa mens ho seier: "Det er ikkje greitt å stikke eller slå andre, det veit du! No kan du setje deg på benken her og sitje her til eg seier ifrå at du kan gå!"

Oppgåver

  1. Kva meiner du om handteringa i denne situasjonen?
  2. Korleis kunne situasjonen vore løyst på ein omsorgsfull måte?
  3. Er det greitt å straffe eit barn slik den vaksne gjer her?
  4. Kva kan Petter gjere når han opplever at den andre vaksne utøver slik definisjonsmakt overfor eit barn?
  5. Korleis kan du gripe inn når medarbeidarar utøver makt overfor barn? Korleis kan du hjelpe barnet i den situasjonen?
  6. Korleis kan de i kollegiet arbeide for å bli medvite eiga makt i det arbeidet de gjer?
  7. Beskriv kva makt du har i arbeidet med barn og unge.
  8. Kvifor er det viktig å vere medvite denne makta?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis