Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Inviter barn til skulen

I denne aktiviteten skal de invitere barn til skulen. Ta kontakt med ein barnehage eller ein SFO og inviter ei gruppe barn til skulen (saman med vaksne). De skal lage plan, gjennomføre aktivitetar og evaluere. Målet for økta er å vise omsorg.
Ei lita jente står med den eine foten i ei stor bøtte med måling. Ho står mellom to høge stolar. Det står eit målingsspann på den eine og det ligger eit spann på den andre. Jenta har målarpensel i handa og smiler breitt. Jenta og stolane står på plast og det er òg plast bak ho. Det er måling i forskjellige fargar over alt, både på golv og vegg, stolane og på jenta, både på kleda, kroppen, ansiktet og i håret hennar. Foto.

Oppgåve

De skal planleggje, gjennomføre og evaluerer aktivitetar for ei gruppe barn som de inviterer frå ein barnehage eller skule/SFO.

Det er lurt at læraren tek/har kontakt med barnehagen eller skulen/SFO på førehand, slik at dei har god informasjon om det som skal skje.

Målet med opplegget

Barna skal oppleve å bli møtte med omsorg i ulike aktivitetar. Dei skal oppleve å ha ei fin stund saman med dykk. Dei skal bli sette, høyrde, lytta til, anerkjende, respekterte og forståtte av omsorgsfulle barne- og ungdomsarbeidarelevar.

Planlegging

Jobb saman i grupper med ca. tre–fire elevar på kvar gruppe. Inviter så mange barn at det blir mellom tre og fem barn per gruppe.

Det overordna målet for besøket er gitt ovanfor. Ut frå dette skal de lage ein plan over kva de skal gjere, og korleis de vil gjennomføre det.

Føresetnadene til barna og ulike rammefaktorar

For å lage ein god plan må du ta utgangspunkt i føresetnadene til barna og i rammefaktorane. Diskuter og noter stikkord til dei følgjande punkta:

  • føresetnadene til barna: alder, interesser og erfaringar. Kva kan barna meistre?
  • rammefaktorar: talet på barn, talet på vaksne, stad, tid, rom. Kvar skal aktiviteten gå føre seg? Kva du må ha på plass av det praktiske for å gjennomføre aktiviteten?
  • innhald eller tema. Kva skal de gjere, eller kva tema vil de ha for besøket?

Lag plan over innhaldet/aktivitetane

  • Kva skal de gjere?
  • Korleis vil de gjere det?
  • Kvifor gjer de det?
  • Kven har ansvaret?
  • Kva hjelpemiddel treng de?
  • Lag ein liknande tabell som tabellen nedanfor, og fyll inn for kvar aktivitet de planlegg.
Aktivitetsplan

Kva?
(innhald)

Korleis ?(arbeidsmåtar)

Kvifor?(mål)

Kven har ansvaret?

Hjelpemiddel

Ønske velkommen

Aktivitet 1

Aktivitet 2

Avskjed

Lag invitasjon

Lag ein invitasjon til barnehagen/SFO. Han skal innehalde naudsynt informasjon og bilete slik at barn som ikkje kan lese, kan sjå og forstå og få lyst til å besøkje dykk. Her er det viktig med gode bilete som kan gi informasjon og inspirere.

Gjennomføring

Ta imot barna og ønsk dei velkommen. Presenter dykk og la barna få seie kva dei heiter. Fortel kva de har tenkt å gjere. Gjennomfør aktiviteten/e saman med barna – ha fokus på omsorg og at barna skal ha det bra. Avslutning: Takk barna for at dei kom. Spør/utforsk korleis dei har opplevd å vere saman med dykk. Still opne spørsmål som til dømes: "Kan du seie litt om korleis du har hatt det her i dag?" og "Kan du fortelje oss litt om kva du synest om ...?"

Å ha med både velkomst og avskjed i planen gir dykk ei god oversikt.

Rydd

Kvar gruppe må rydde på plass utstyr, og de må rydde/vaske det området de har nytta.

Evaluering

Her skal du reflektere over / tenkje på kva som gjekk bra, og kva som kunne vore gjort annleis. Bruk gjerne spørsmåla under til hjelp for å evaluere.

  • Fekk du vist omsorg til barna? Korleis gjorde du det?
  • Lytta du aktivt og tolka barnet (omsorgsmottakaren) sine signal og uttrykk så du hadde moglegheit til å tilpasse handlingane dine til barnet, slik at det vart oppfatta som omsorg av barnet? Beskriv kva du gjorde, og korleis barnet reagerte. Ser du at det kunne vore gjort på ein annan eller betre måte? Viss det er tilfelle, gi døme og forklar korleis.
  • Kva mål vart nådde/ikkje nådde/delvis nådde?
  • Kva fungerte godt/mindre godt, og kvifor?
  • Kva erfaringar har de i gruppa gjort dykk med tanke på eigne arbeidsmåtar og arbeidsfordeling?
  • Kva bør de arbeide betre med?
  • Hadde de beskrive godt nok i planen korleis de skulle vise omsorg?
  • Korleis passa aktivitetane til alderen og modninga til barna? Meistra dei aktiviteten?
  • Skriv minst tre ting du synest fungerte bra.
  • Skriv ned ein eller to ting du vil gjere på ein annan måte neste gong.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 30.11.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis