Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis utøve god omsorg?

I denne oppgåva skal de diskutere og drøfte kva omsorg er, og korleis de kan utøve god omsorg.
To unge gutar saman med ei lita jente. Den vesle jenta sit på ryggen til den eine guten. Alle smiler til kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Jobb saman i grupper.

Gjer dykk kjende med kva omsorg er, og kva det inneber for ein barne- og ungdomsarbeidar. Drøft og diskuter dei følgjande punkta. Ta notat av det de kjem fram til ved kvart spørsmål.

  1. Kva er omsorg?
    • Kvifor er omsorg ei relasjonell handling?
    • Kvifor må vi ta omsyn til omsorgsmottakaren sine reaksjonar?
    • Kva er god omsorg?
  2. Forklar korleis de kan utøve omsorg

    • i barnehage/skule/SFO/fritidsklubb/bustad
    • når barn og unge ikkje har lyst til å gjere det de har planlagt
    • under ulike kvardagsaktivitetar som til dømes måltidet, påkleding, kvile
    • for barn i leik
    • når barn er i konflikt med kvarandre
    • når du må setje grenser
    • når du møter barn og unge som er sinte
    • når du møter barn og unge som er forsiktige, sjenerte og som ikkje svarer når du snakkar til dei
  3. Korleis kan barn lære å vise omsorg?
  4. Finn ut og drøft kva lovverket seier om omsorg.
  5. Presenter og del det de har kome fram til, for klassen. Vel sjølve kva presentasjonsform de ønskjer.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis