Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorgsfull handling

Fredrik leiker og har det fint i sandkassa. Han er to år og smakar òg litt på leikane, noko som gjer at han får sand rundt munnen. Kathrine, som er barne- og ungdomsarbeidar, vil gjerne fjerne sanda frå munnen til Fredrik. Korleis kan ho gjere det på ein omsorgsfull måte?
Eit lite barn med sand rundt munnen.  Barnet har på lue og parkdress. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omsorg i relasjon til andre

Vi lever livet vårt saman med andre, og omsorg er noko du gjer i relasjon til andre. Både barn og vaksne er deltakarar i omsorga.

Barn er ikkje berre passive mottakarar av omsorg frå dei vaksne. Dei gir uttrykk for korleis dei opplever omsorga, både gjennom språk og åtferd. Skal det vere ei omsorgshandling, må barnet oppleve og akseptere det du gjer, som ein omsorgsfull handling.

Situasjonsskildring

I barnehagen ser Kathrine som er barne- og ungdomsarbeidar, at Fredrik på to år er skitten rundt munnen etter å ha smakt litt på sanden då han leika i sandkassa. Ho går bak Fredrik, held han fast med ei hand og tørkar bort sanden med den andre. Fredrik seier "væh", gjer grimasar og prøver å vri seg unna. Kathrine held fram med å tørke ansiktet hans. Når Kathrine er ferdig, græt Fredrik og går bort frå sandkassa. Han vil ikkje leike meir.

Kathrine og Fredrik har sannsynlegvis ulik oppleving av denne situasjonen. Her ser vi at Kathrine rettar merksemda mot den praktiske oppgåva og handlinga – å tørke bort sanden. Ho vil kanskje seie at dette er omsorg. Fredrik viser med kroppen uttrykk for ubehag og prøver å vise at han ikkje liker det. For Fredrik er det tydeleg at han ikkje opplever dette som omsorg.

Sentralt i omsorg er at det alltid er to individ som begge er deltakarar i handlinga. Den som skal gi omsorg, kan ikkje velje vekk opplevingane og reaksjonen frå den andre. Dersom vi vurderer ei praktisk handling som omsorg, gir det ikkje eit heilskapleg bilete av situasjonen fordi reaksjonane til barnet blir sedde bort frå. Vi risikerer faktisk å ikkje utøve omsorg når vaksne definerer kva som er bra for den andre.

Hadde Kathrine i staden hatt merksemda på Fredriks oppleving og reaksjon då ho vaska ansiktet, hadde ho hatt moglegheit til å tilpasse handlinga til Fredriks behov. Då kunne det vorte ein omsorgsfull handling. Var det eigentleg nødvendig å vaske bort sanden i ansiktet? Kanskje Kathrine kunne venta til Fredrik var ferdig med å leike?

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan barn uttrykkje kjenslene sine når dei ikkje har språk?
  2. Kva betyr det at omsorg er relasjonell?
  3. Kva er ei omsorgsfull handling?
  4. Korleis ville du gått fram for å handle omsorgsfullt i ein slik situasjon?

Kjelde

Tholin, K. R. (2014). Den betydningsfulle omsorgen. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.) Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 219–233). Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis