Anerkjenning - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Anerkjenning

Å anerkjenne andre er ei innstilling du har. Det er ein verdi, og det blir dermed ein veremåte. Du kan øve på dette på kvar dag, slik at det blir ein del av deg, av praksisen og veremåten din. Her kan du øve på å anerkjenne ein medelev.

Anerkjenning

Eit smil, ei hyggjeleg tilbakemelding, tommelen opp, eit varmt blikk og augekontakt. Dette er små signal på at du blir sett og stadfesta. Nokon er glad for å sjå akkurat deg. Det er viktig at du er her. Det påverkar korleis du har det, oppfører deg og presterer. Det har òg betyding for korleis du ser på deg sjølv (sjølvkjensle) og kan gi deg tru på eiga meistring (sjølvtillit).

Anerkjenning betyr å akseptere eller godkjenne noko som gyldig. Å anerkjenne andre betyr at du aksepterer, respekterer og godtek den andre slik han er. Du stadfestar den andre si oppfatning av røyndommen som gyldig. Du er open for sider ved den andre som er særleg avvikande frå deg sjølv, og du anstrengjer deg for å forstå perspektivet til den andre. Anerkjenning blir derfor ei haldning eller eit ideal du arbeider for å oppnå. På den måten kan du skape gode relasjonar og gi kraft og fridom til den andre. Ein anerkjennande relasjon er ei kjelde til utvikling og vekst.

Øvingar

Øving 1. Sjå og stadfeste

Anerkjenning er små handlingar som krev liten innsats, men som betyr overraskande mykje for andre menneske.

Les gjennom oppgåvene før de startar.

  1. Set dykk saman to og to.
  2. Den eine anerkjenner den andre ved å smile, sende eit varmt blikk og ha augekontakt. Vis at du er glad for at den andre er her. (Du kan gjerne òg seie det med ord, men vis det tydeleg med kropp og mimikk). Gjer det på ein slik måte at den andre føler seg verdifull.
  3. Den som anerkjende ein annan: Beskriv kva du gjorde.
  4. Den som vart anerkjend: Beskriv korleis du følte å bli anerkjend av den andre. Kva kjensler gav det deg?
  5. Snakk saman om korleis de opplevde å bli sett på den måten.
  6. Kva betyding har det for barn og unge å bli sett og få stadfesta at dei er verdifulle?

Øving 2. Lytt og anerkjenn kjensler i ein samtale

Å la den andre få vere ekspert på si eiga oppleving betyr at du må ta deg tid til å lytte og høyre kva personen har å seie, før du kjem med eigen respons. Det inneber at du ikkje kjem med forslag til svar sjølv om det bli ein liten pause i samtalen, eller dersom du aner ei lita uvisse eller noko uklart. Her skal du øve deg på å anerkjenne den andre.

Les gjennom oppgåvene før de startar.

  1. Sett dykk saman to og to.
  2. Ein av dykk fortel om ei oppleving som gjorde deg anten glad, trist, frustrert, irritert, sint, fortvila eller liknande. Det kan vere kva som helst som du vil dele.
  3. Den andre skal lytte. Her er det viktig å tenkje på korleis du kan vise at du lyttar, og at du er interessert i kva den andre fortel. Tenk på blikk, ansiktsmimikk, korleis du sit, og kvar du har merksemda di. Korleis signaliserer du til den andre at du lyttar?
  4. Når du har høyrt forteljinga, skal du stadfeste at du har lytta, og at du anerkjenner opplevinga og kjensla ho gav. Vis at du aksepterer erfaringane og opplevingane til den andre som gyldige, og at du aksepterer dei kjenslene dei gir.
    • Vis at du har lytta og forstått ved til dømes å fortelje att noko av det den andre har fortalt. Viss det var noko du som lyttar ikkje forstod, forfølg det som var uklart, slik at du får klarheit i det.
    • Sett ord på kjensler, til dømes: Du føler ... (sett namn på den kjensla den andre seier noko om).
    • Spegl og anerkjenn denne kjensla, vis at du aksepterer ho. Til dømes: Eg forstår godt at du vart glad/trist/frustrerte/irriterte/sint då … skjedde. Det ville eg òg vorte viss eg hadde opplevd det.
    • Takk den som fortalde historia for at ho/han ville dele ho med deg. "Så fint at du ville dele dette med meg".
  5. Den som fortalde: Beskriv korleis det kjendest å bli lytta til og anerkjend.
  6. Den som lytta: Beskriv korleis det var å lytte merksamt og anerkjenne den andre sine kjensler, tankar og erfaringar.
  7. Byt roller.
  8. Beskriv kva de gjorde då de lytta og anerkjende opplevinga til den andre.

Diskusjon

  1. Korleis kjennest det å ikkje bli høyrd når du skal fortelje noko?
  2. Korleis ønskjer du at andre skal opptre når du fortel noko?
  3. Kvifor er det å anerkjenne ein viktig del av ei omsorgsfull handling?
  4. Kvifor er det viktig å ikkje korrigere kjenslene til barnet?
  5. Kva betyding har det for barn og unge at dei blir lytta til, og at andre forstår og anerkjenner kjenslene, tankane og erfaringa dei har?
  6. Diskuter påstanden: Anerkjenning må tilpassast til kvar enkelt person.
  7. Diskuter påstanden: Ei anerkjennande haldning og veremåte bidreg til at du får tilgang til opplevingsverda til ein annan. Etter å ha fått dette tilgjenget, skal du la opplevinga vere.
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2020