Kva er omsorg? - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er omsorg?

Omsorg er noko vi opplever og føler, og som skjer i forholdet mellom to eller fleire personar. Det er når du gjer noko for andre og får tilbakemeldingar eller signal om at den andre opplever og aksepterer det som omsorg. Omsorg skal speglast i alt du gjer i arbeidet ditt med barn og unge.

Kva er omsorg?

Vi både erfarer og utøver omsorg i kvardagen. Det kan vere at du ser eit barn som fell og græt, så hjelper du barnet opp, tørkar tårene og blæs på såret. Eller når ein ven har opplevd noko trist, og du vil gjerne trøyste og støtte. Det kan òg vere når du hjelper læraren din å rydde i klasserommet. Alt dette gjer du fordi du vil at den andre skal få det betre. Slike situasjonar og reaksjonar kan vere ei form for omsorgsrefleks som medverkar til at du gjer riktige val i omgang med medmenneske.

Vi har ulike erfaringar knytte til omsorg, derfor vil vi ha ulike forklaringar på kva omsorg er. Vi forbind ofte omsorg med å ta vare på, bry seg om eller vise omtanke og kjærleik til eit anna menneske. Vi knyter ofte omgrepet til det å hjelpe og støtte eit anna menneske.

Omsorg er ei praktisk handling. Det er noko vi opplever og føler når andre gjennom ord og handling rettar merksemda si mot oss. Det er gjennom det du gjer, at du kan vise omsorg for eit anna menneske.

Omsorg er noko du føler

Omsorg er når du føler at du er ønskt og velkommen, at det betyr noko at du er der. Det er når du føler at andre aksepterer deg akkurat slik som du er. Du føler at dei er merksame på deg og oppriktig interesserte i deg. Dei lyttar og prøver å forstå deg og opplevingane og erfaringane dine, og dei respekterer tankane, meiningane og kjenslene dine. Du opplever at stemma di tel, og at det du har å seie, er viktig for fellesskapet. Du har moglegheit til å påverke og ha innverknad. Du får hjelp, støtte og oppmuntring på ein slik måte at du føler at andre vil at du skal meistre og lykkast. Du føler deg verdifull.

For å få barn og unge til å føle seg verdifulle må du vere tilgjengeleg og sjå behova til den enkelte og stille deg sjølv spørsmålet "Kva kan eg gjere for at du skal ha det godt og føle deg verdsett?"

Kroppslege og mellommenneskeleg behov

Når du arbeider med barn og unge, skal du bidra til at dei får dekt dei grunnleggjande kroppslege behova for mat, stell og søvn (fysiske behov). Du skal sørgje for å sikre omgivnadene slik at dei har det trygt og kan unngå skadar. I tillegg skal du bidra til at barn og unge får dekt dei mellommenneskelege behova sine (psykiske behov). Du skal handle slik at dei føler seg verdifulle og har det bra med seg sjølve og dermed tør å delta i samhandling med andre, utvikle venskap og oppleve å ha det godt i kvardagen.

Vi utøver fysisk omsorg når vi dekkjer dei fysiske behova til barna. Men for at det skal vere god omsorg, er ikkje dette nok. Barn og unge må føle at dei er verdifulle òg. Dermed må du alltid tenkje på korleis du òg varetek psykisk omsorg når du bidreg til å dekkje dei fysiske behova. Det må til for at vi skal kunne seie at det er god omsorg.

Omsorg blir skapt når du involverer deg i møte med barnet i dei ulike praktiske handlingane du gjer for å ta vare på dei fysiske og psykiske behova til barnet. Omsorga blir opplevd gjennom stemninga, berøringa og varme blikk. For å utøve god omsorg når du gjennomfører praktiske handlingar, må du ta deg tid. Det er lett å gløyme omsorga når det er hektisk og du skal vere effektiv og rask. Du handlar mekanisk for å bli ferdig. Eit døme er når du skal hjelpe barnet med påkledning og du er mest oppteken av at det skal gå raskt og effektivt. Då er det lett å gløyme at det er eit barn du jobbar med, og barnet treng omsorg òg i denne situasjonen.

Gode relasjonar

Det er vanleg å tru at vaksne gir omsorg, og at barn tek i mot. Slik er det ikkje. Omsorg er ei handling som inkluderer to partar, den som gir og den som får. Omsorg er tosidig, og den som får omsorg, må derfor svare.

Omsorg skjer i relasjonen mellom menneske (det er ein relasjonell handling). Relasjon er det forholdet eller sambanda mellom menneske. Omsorg er ein verdifull relasjon.

I ein omsorgsfull relasjon er de begge aktive deltakarar, du som omsorgsgivar og barnet som omsorgsmottakar. Det er berre mottakaren av omsorg som kan seie eller uttrykkje om det du gjer, blir opplevd og akseptert som ei omsorgsfull handling. Ved at du som omsorgsgivar lyttar aktivt og tolkar barnet sine (omsorgsmottakar) signal og uttrykk, har du moglegheit til å tilpasse handlingane dine slik at dei blir betre og blir oppfatta som omsorg. Når du tek initiativ til omsorg, er det viktig at du undersøkjer om det blir motteke som omsorg.

For å kunne vise god omsorg i ein omsorgsfull relasjon må du vere fininnstilt på den andre. Det vil seie at du både lyttar til kva den andre seier, og kva personen uttrykkjer med både kropp og gjennom åtferd. Du nyttar alle sansane dine for å innhente denne informasjonen. Du må bli kjend med heile mennesket for å kunne sjå kva behov det har.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan omsorg opplevast?
  2. Korleis kan ein skilje mellom ei handling og ei omsorgsfull handling?
  3. Kva betyr det at omsorgsrelasjonen er verdifull?
  4. Kva betyr det at det er barnet (omsorgsmottakar) som kan avgjere om noko er ei omsorgsfull handling?


Kjelder

Tholin, K. R. (2014). Den betydningsfulle omsorgen. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 219–233). Fagbokforlaget.

Tholin, K. R. (2019). "Å være pålogget og aktivt til stede". Hvordan fremstiller framtidige barnehagelærere omsorg i barnehagen? Norsk pedagogisk tidsskrift, 103(2–3), 133–144. https://doi.org/10.18261/issn.1504-2987-2019-02-03-06

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 03.11.2020