Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis forstå og hjelpe barn?

I denne filmen fortel Eli Rygg om korleis du kan forstå, hjelpe og støtte barn. Ho fortel om kor viktig samhøyr er for barn, og kor viktig det er at vaksne er omsorgsfulle i møte med barn.

Oppgåver

  1. Kva trur du Eli Rygg meiner med at vi må kjenne att kjensler for å forstå korleis ein annan har det?
  2. Kva er medkjensle?
  3. Korleis kan du møte og snakke med barn som er sinte?
  4. Forklar korleis du kan hjelpe eit barn som er lei seg eller sint.
  5. Kva er samhøyr?
  6. Kva gjer barn for å føle samhøyr?
  7. Diskuter kva som blir meint med "late som-masker".
  8. Kva er god omsorg?
  9. Forklar kva som blir meint med utsegna "vi veit så lite om korleis andre eigentleg har det".
  10. Kva skal du gjere dersom du er bekymra for eit barn, og kva kan konsekvensen vere dersom du ikkje gjer noko?
  11. Kva trur du Eli Rygg meiner når ho seier at ho aldri har møtt ein versting?
CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid , Bente Hårberg og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis