Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omsorgsfulle relasjonar

Gode og omsorgsfulle relasjonar mellom vaksne og barn er viktig for trivselen til barn og unge her og no, men det er òg viktig med tanke på utviklinga deira seinare. Her skal de reflektere og diskutere kva som ligg i omgrepet omsorgsfulle relasjonar.

Oppgåver

Diskuter og reflekter saman med ein eller fleire medelevar.

  1. Kva kjenneteiknar gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksne?
  2. Kva bidreg gode relasjonar til?
  3. Kva ligg i metaforen "lading" og det å vere ein "ladestasjon"?

    1. Korleis kan de kjenne at eit lite barn har behov for lading?
    2. Korleis kan de kjenne eller vite når eit eldre barn eller ungdom har behov for lading?
  4. Kva betyr det å anerkjenne barn og unge for den dei er, ikkje det dei gjer? Kva vil anerkjenning bidra til hos barn og unge?
  5. Tenk på situasjonar der de prøvde å forklare barn grenser eller forventningar medan barnet var opprørt eller hadde sterke kjensler. Korleis gjekk det?

    Diskuter kvifor det er viktig å regulere kjenslene til barn og unge før de byrjar med forklaringar.

  6. Kva ligg i metaforen "lysglimtjakt", og kvifor er det ein nyttig metode i arbeid med barn og unge?
  7. Diskuter utsegna: "Barn og unge er alltid i ein læringsprosess, derfor er det betre å tenkje at dei treng hjelp til omdirigering enn å setje grenser."
  8. Kvifor er positive opplevingar saman med barn og unge viktig?
  9. Tenk på ein situasjon der de delte ei positiv oppleving med nokon de ikkje kjenner så godt. Kva betydde denne situasjonen for relasjonen mellom dykk?
  10. Korleis kan de sikre at de har positiv kontakt med alle barna eller dei unge de jobbar med?
  11. Sjå gjerne filmen fleire gonger og reflekter over korleis du kan vere ein god og trygg vaksen saman med barn og unge.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis