Intervju om omsorg - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Intervju om omsorg

Omsorg kan opplevast ulikt frå person til person, og det kan vere ulikt kva kvar enkelt oppfattar som omsorg. I denne oppgåva skal de finne ut kva god omsorg kan vere.

Utforsk omsorg

Finn ut kva god omsorg kan vere. Jobb gjerne fleire saman.

De skal finne ut korleis andre opplever omsorg ved å intervjue dei. Intervju gjerne fleire personar og personar i ulik alder.

  1. Lag spørsmål til intervjua. Under er nokre forslag til punkt de kan nytte:

    • Korleis beskriv dei omsorg?
    • Kva betyr omsorg for kvardagen til den enkelte?
    • Kva må andre gjere for at dei skal oppleve det som omsorg?
    • Har omsorg noko å seie for kva dei tenkjer om seg sjølv?
    • Kva bidreg omsorg til?
    • Har omsorg noko å seie for om dei får lyst til å prøve ting som kan vere utfordrande?
  2. Gjennomfør intervjua.
  3. Summer opp funna de har gjort.
  4. Lag ein plakat med overskrifta "God omsorg". Plakaten skal innehalde punkt de har kome fram til som viser kva god omsorg er, og korleis vi kan utøve det. Bruk gjerne bilete som visualiserer det de skriv om. Etterpå kan de kanskje hengje opp plakaten slik at fleire elevar på skulen kan sjå han?
Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021