Hopp til innhald
Fagartikkel

Å utøve omsorg

Kva må til for at den omsorga du utøver, blir opplevd som god omsorg? Du må vite korleis du kan utøve omsorg slik at det blir opplevd godt for barn og unge du møter. Dette må prege både haldninga og handlingane dine.

Å utøve omsorg

Omsorg er når du bryr deg om eit anna menneske. Du bryr deg på ein slik måte at du har heile merksemda di retta mot det andre mennesket, og du har eit oppriktig ønske om å forstå korleis det har det, og kva det har behov for.

Haldningar og handlingar

Omsorg er både ei haldning og ei handling. Haldningane dine påverkar handlingane dine. For å gi omsorg må du sjå barnet eller den unge som eit sjølvstendig menneske og vise respekt, og du må møte dei som likeverdige og aktive deltakarar i eige liv.

Når du skal utøve omsorg, handlar det om at du må "tone" deg inn på den du skal gi omsorg til. Kven er du? Kva treng du av meg? Korleis kan eg gjere det slik at det blir opplevd som god omsorg for deg? Kvifor vel eg å gjere slik?

Til stades med varme og kjærleik

Omsorg inneber at du bryr deg om andre, og det krev at du er til stades og tilgjengeleg. I nærværet må du vise at du vil vere der saman med barna, og at du liker det du gjer, og barna du møter – og at du ønskjer å gjere det beste for barna. Møt barna med varme og innleving.

Å handle ut frå det som er til det beste for barnet, betyr at du engasjerer deg for at barn og unge skal ha det bra. For å vite kva som er til det beste for barnet, må du kjenne barnet godt og vite kva behov det har. Når du er open og sensitiv for opplevingsverda til barnet og har merksemda di retta mot barnet, blir du betre i stand til å forstå opplevingane, kjenslene og behova til barnet. Du vil dermed ha større moglegheit til å forstå kva barnet fortel deg, både med språk og gjennom kroppslege uttrykk og åtferd. Nærværet gir deg moglegheit til å stadfeste at du ser barnet, og du kan gi respons på opplevingar og kjensler. Du er tilgjengeleg og kan dermed glede deg saman med barnet, hjelpe og støtte, og trøyste ved behov.

Å bli sett og høyrt

Barn har behov for at du ser det, gler deg over det og at du har det fint saman med det. Med blikket og merksemda retta mot barnet kan du vise at du ser barnet, og du kan kommentere det barnet gjer, og glede deg saman med det. Gjennom eit smil, eit godt ord eller ei god berøring viser du at du har godheit for barnet. Barn har òg behov for at du passar på og vernar slik at dei føler tryggleik. Når du er nær og tilgjengeleg, er du der når barnet treng det.

Anerkjenne

Å anerkjenne barnet vil seie at du ser barnet som eit medmenneske med likeverdige rettar som deg og verdset det akkurat slik det er. Du viser at du er interessert i kva det tenkjer og føler, og du forstår og aksepterer tankane, kjenslene og opplevingane til barnet. Du må òg vise i handlingane dine at du anerkjenner barnet. Det kan du gjere ved kome ned på høgda til barnet, snakke med det og ta på det viss det tillèt det. Det inneber å ha ei avslappa kroppshaldning og å ha ei venleg stemme sjølv om barnet er sint eller slår eit anna barn.

Ta kjenslene og tankane til barn og unge på alvor

Det gjer du ved å setje deg inn i korleis barnet opplever situasjonen. Du må ta perspektivet til barnet. Forsøk å forstå kva barnet tenkjer, føler og kvifor det handlar som det gjer. Kva kommuniserer barnet med lyd, kropp, mimikk, rørsle og meir? Barn og unge som har språk, vil kanskje klare å setje ord på det som har skjedd, men dei viser ofte kjensler med kroppen, og det er kjensler som ligg bak åtferda.

Du må ta deg tid til å la barn få lov til å vise alle kjenslene sine, både glede og tristheit, sinne eller frustrasjon. Inviter barnet til å dele kjenslene sine med deg. Ton deg inn på kjenslene til barnet slik at du kan vise medkjensle. Barn er kjenslevare for korleis vi formidlar medkjensle til dei. Venlege ord verkar roande og godt. Barn sansar med heile kroppen, derfor vil òg ei god berøring opplevast som medkjensle. Når til dømes Peder er lei seg, kan du ta på han ved å stryke roleg nedover ryggen og med ei varm og venleg stemme gi uttrykk for at du føler med han. Då vil Peder oppleve at kjensla er delt. Peder blir stadfesta og kjend med seg sjølv.

Ved at du lyttar, forstår og viser at du aksepterer kjenslene og tankane til barnet, vil barnet oppleve at det har rett til si eiga oppleving, sine eigne tankar og kjensler.

Respekt

Når du har vist barnet denne merksemda og anerkjenninga, viser du òg respekt for barnet. Du får dermed betre moglegheit til å tilpasse handlingane dine og gi den hjelpa og støtta barnet har behov for i situasjonen. Du kan dermed bidra til at barnet får det betre i situasjonen, og barnet opplever å bli møtt med omsorg.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det at omsorg er både haldningar og handlingar?
  2. Korleis kan du vere til stades med varme og kjærleik i arbeidet med barn og unge?
  3. Kva vil det seie å anerkjenne eit anna menneske?
  4. Kva betyr likeverdig?
  5. Korleis kan du vise at du tek kjenslene og opplevingane til barn og unge på alvor?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Fagbokforlaget.

Tholin, K. R. (2014). Den betydningsfulle omsorgen. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 219–233). Fagbokforlaget.