Hopp til innhald

Fagstoff

Profesjonell omsorg i arbeid med barn og unge

Ein overordna verdi i alt arbeid med barn og unge er å gjere det beste for barnet. Profesjonell omsorg handlar om å vurdere om omsorgshandlinga er til det beste for alle barn og unge du møter.
Ei kvinne sit ved sida av ein gut som målar med svamp. Ho held ein tallerken med blå maling for han. Han maler på eit svart ark. Han stikk tunga litt ut og ser konsentrert ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Profesjonell omsorg krev kunnskap

Profesjonell omsorg handlar om å ta vare på behova til alle barn og unge når dei er i institusjonar som barnehage, skule/SFO, fritidsklubb eller barnebustad. Det skal vere god kvalitet på den omsorga som blir gitt, slik at alle barn og unge opplever at du bryr deg, og at dei er verdifulle. Det får betyding for tryggleiken til barn og unge, trivselen deira og at dei har det bra her og no.

Omsorg mellom nære relasjonar, som mellom foreldre og barn, blir kalla privat omsorg. Her er omsorga og nærleiken bygd på nære kjensler og relasjonar mellom barn og foreldre. Det oppstår dermed heilt naturlege og sterke band som toler mykje og som som oftast varer livet ut. Det er eit band med kjærleik utan atterhald.

Som profesjonell omsorgsgivar kjem du òg tett på barn og unge og vil føle godheit og bli glad i dei, sjølv om kjenslene ofte er annleis enn kjenslene foreldre har. Du vil òg oppleve at barna etter nokre år sluttar, og du må bli kjend med og glad i nye barn og unge. Den profesjonelle omsorga eller "kjærleiken" er viktig, men han er meir kortvarig enn foreldrekjærleiken.

Det at du ikkje har det same sterke bandet som foreldra oftast har til barna sine, gjer at kunnskap om omsorg, tilknyting og de grunnleggjande behova til barn blir naudsynt og til stor hjelp for deg når du skal ha omsorg for barna til andre.

Ansvar

Som barne- og ungdomsarbeidar har du ei yrkesetisk forplikting til å vise omsorga for alle barn og unge. Omsorg skal vere ein del av praksisen din. Du skal vise omsorg for alle barn og unge i alle situasjonar.

I arbeidet med barn og unge er likeverd eit viktig prinsipp. Det inneber at du og barnet har same verdi, same menneskeverd. I arbeidet har du likevel ansvaret for å ta vare på, verne og bidra i danningsprosessen til barnet. Du har ansvar for å rettleie barn og unge og hjelpe dei på vegen vidare, samtidig som du har ansvar for at dei skal ha ein god kvardag her og no. Du har mellom anna ansvar for å ta vare på dei fysiske behova til barna som mat, stell og kvile, og du skal stimulere til leik, utvikling og læring. Desse kvardagssituasjonane skal inkludere omsorg.

Relasjonar

Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar har du ansvar for å skape gode relasjonar med alle barn og unge du jobbar med. Relasjonane mellom dei vaksne og barnet kan vere avgjerande for kvardagen til barn. Du har ansvaret for at alle barn blir sette, høyrte og forståtte og opplever at du tek vare på behova kvar enkelt har for omsorg. Å forstå det enkelte barnet slik at du kan møte det best mogleg, skal vere grunnmuren i arbeidet ditt. Skal du handle omsorgsfullt, må du forstå korleis den andre har det.

Du skal rette merksemda di mot alle og vise omsorg for alle barn. Du må dermed ha ein medviten tanke om kva barn du ikkje er like merksam på, slik at omsorga di òg omfattar desse barna. Dette krev målretta og medvite arbeid.

Du må forstå at ikkje alle situasjonar har universelle svar. Barn er ulike og reagerer ulikt. Det som er bra for eit barn, treng ikkje å vere bra for eit anna. Du må derfor kjenne alle barna like godt og tilpasse omsorga til det enkelte barnet. Profesjonell omsorg handlar ikkje om innøvde teknikkar og evner, men handlingar som du må tilpasse til det mennesket du møter.

To små barn framfor ein hekk. Guten har grøne støvlar, svart bukse og mørk jakke. Han har hetta over hovudet. Han kikar mot kameraet. Ved sida av står ei lita jente med rosa parkdress, lilla lue og lilla støvlar. Ho held ein stor rosa ballong, smiler og ser mot noko bortanfor seg. Ho held ein smokk i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kritisk refleksjon

Fordi omsorg er ei handling du gjer mot ein annan, må du tenkje på korleis du opptrer i dette møtet, og kva konsekvensar det får for den andre. Du må ta val og tilpasse omsorga. Det vil seie at du må vurdere kva som blir best i den situasjonen du er i. Ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er i stand til å rette merksemda mot det barnet han eller ho møter, og vurderer kva handling som vil vere til beste for barnet. Det betyr òg at du har evna til å skilje det beste frå det som ikkje er godt nok.

Det medfører at du vurderer handlingane dine undervegs slik at du kan justere til ei betre handling ved behov. I tillegg betyr det at du klarer å sjå tilbake på handlinga og vurderer om det du gjorde, vart bra for barnet. Du vurderer òg om du handla i tråd med verdiar og gjeldande lovverk. Kjenneteikn på ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar er evna til kontinuerleg kritisk refleksjon, slik at handlingane dine ikkje er tilfeldige, men baserte på etiske og faglege vurderingar.

Rollemodell

Når du utøver omsorg, må du hugse at du alltid er ein rollemodell. Du utøver umedviten formidling av haldningane dine via veremåten din. Det skjer når du er til stades og handlar, både verbalt og ikkje-verbalt. Derfor har du eit stort ansvar for korleis du møter barnet på ein omsorgsfull måte. Er du medviten på kva du gjer i møtet med barnet når du møter det på omsorgsfull måte, bidreg du òg til å styrkje evna barnet har til å gi omsorg til andre.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr profesjonell omsorg?
  2. Kva ansvar har du som barne- og ungdomsarbeidar når det gjeld å vere ein profesjonell omsorgsutøvar?
  3. Kva betyr det at du må reflektere og vere kritisk til eigne handlingar når du skal utøve omsorg for andre?
  4. Kvifor må du tenkje over at du er ein rollemodell når du viser omsorg?

Kjelder

Brandtzæg, I., Torsteinson, S. & Øiestad, G. (2013). Se barnet innenfra. Hvordan jobbe med tilknytning i barnehagen. Fagbokforlaget.

Tholin, K. R. (2014). Den viktige omsorgen. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli. (Red.) Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 219–233). Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis