Hopp til innhald

Fagstoff

Omsorg og makt

Å arbeide som barne- og ungdomsarbeidar inneber tett samvær med barn og unge og med kollegaer. Veremåten din og evna di til å utøve omsorg har mykje å seie for trivselen til barn og unge, og for utviklinga og læringa deira.
Liten gut græt og er lei seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omsorg og makt

I arbeidet som barne- og ungdomsarbeidar har du mykje makt. Makt til å påverke kvardagen og livet til barn og unge. I kraft av at du er vaksen, har du makt til å ta og gjennomføre avgjerder som berører livet til andre menneske.

Med makt følgjer ansvar. Derfor må du ha innsikt i og vere medviten om kva innverknad og makt du har. Med innsikt og kunnskap om eigen maktposisjon har du moglegheit til å nytte makta di til det beste for barn og unge. Korleis du nyttar makta di i arbeidet, har betyding for barna og ungdommane du jobbar med.

I løpet av ein dag tek vaksne mange avgjerder på barn og unges vegner. Kva klede dei skal ha på seg når dei skal ut? Må dei ete heile brødskiva, òg skorpa, sjølv om dei er mette? Tek du bort ein leke viss dei ikkje klarer å bli samde om kven som skal ha ho? Kor lang tid skal kvar enkelt ungdom sitje ved datamaskina? Kven skal delta i ulike grupper? I slike tilfelle er det naudsynt å tenkje gjennom kva du gjer, kvifor du gjer det slik, og kva betyding det du gjer, får for den enkelte.

Definisjonsmakt i omsorg

Definisjonsmakt betyr at ein person har makt til å få gjennomslag for versjonen sin av røyndommen. Når vaksne pålegg barnet kjensler, sinnstemningar og behov, utan å ta omsyn til meiningane og behova til barnet, utøvder dei definisjonsmakt. I omsorgssituasjonar kan vi derfor seie at viss den vaksne ser på eigen praksis som omsorg utan å ta omsyn til opplevingane til barnet, blir det praktiserte definisjonsmakt.

Slutt å gråte!

Ei lite omsorgsfull handling er kjenneteikna ved at den vaksne ikkje bryr seg om kjenslene til barnet og dikterer kva barnet skal føle og gjere. Til dømes:

Eit barn fell, græt og tårene trillar nedover kinnet. Den vaksne seier: "Å, det gjekk bra. Det er ikkje noko å gråte over. Reis deg opp! Slutt å gråte!" Eller: Når Klara græt fordi sykkelen er oppteken, og den vaksne seier: "Nei, Klara, sykkelen er oppteken. Det er ikkje noko å gråte for. Sånn er det berre, du må vente på tur."

Her er det lite anerkjenning av det barnet bringar inn i situasjonen. Dette er døme på at den vaksne ikkje er lydhøyr og manglar forståing for det barnet uttrykkjer både verbalt og med kroppen. Her blir både kjenslene til barna og kva dei skal gjere med kjenslene, definerte av den vaksne. Det er nesten slik at dei skal slutte å føle, er det ikkje?

Lita jente med lyst hår. Græt og er trist og lei seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Et opp maten din, gut!

Sebastian (4 år) har ete opp nesten alt på tallerkenen, men han har mykje mjølk igjen i glaset. Den vaksne seier at han må drikke opp mjølka. Sebastian seier han er mett og ikkje klarer meir. Han ser litt bedande på den vaksne. Den vaksen seier: "Du treng mjølk, så du må drikke opp mjølka di." Sebastian ser bort og verkar ulykkeleg.

Her kan det verke som den vaksne har vorte for sikker på kva som er det beste for barnet. Den vaksne vektlegg behovet til barnet for drikke under måltidet, sjølv om vi veit at dei fleste barna stort sett får i seg det dei treng, og at kroppen sjølv normalt sett regulerer dette. Det er òg tilgang på vatn heile tida.

Når du blir for sikker på kva som best for barnet, utan å vere lydhøyr og sensitiv på signala til barnet, blir du mindre kjenslevar for det barnet uttrykkjer her og no. Du definerer og nyttar definisjonsmakta di overfor barnet.

Kom dykk ut!

Tre gutar på SFO har gått inn for å leike med bilane. Ein vaksen kjem inn og kjeftar: "No har eg sagt mange gonger at de ikkje skal vere inne! Er det heilt umogleg å høyre etter? Kom dykk ut! Eg blir så lei av at eg må seie det så mange gonger, og at de ikkje kan høyre etter!"

Denne historia viser at definisjonsmakta til vaksne er mektig, og at stemmene til barna meir eller mindre blir borte. Gutane får ikkje eingong sleppe til med historia si. Kva var grunnen til at dei gjekk inn? Når dei vaksne misbruker definisjonsmakta si, kan det bidra til å motverke sjølvrespekten og sjølvstendet til barn. Det er utruleg viktig å vere klar over den definisjonsmakta du har, når du arbeider med barn og unge.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar er medviten den makta du har over barn og unge?
  2. Kva er definisjonsmakt?
  3. Kva ville du har sagt og gjort i møte med Klara og Sebastian slik at det vart ei omsorgsfull handling?


CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Omsorg i praksis