Hopp til innhald

Fagstoff

Zoonosar

Ein sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske eller frå menneske til dyr, blir kalla ein zoonose. Du må vere spesielt observant på zoonosar, fordi dei har mykje å seie for mattryggleik, dyrehelse og folkehelse.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Zoonose – smitte mellom dyr og menneske

Ein sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske eller frå menneske til dyr, kallast ein zoonose. Det er ikkje alle infeksjonar av denne typen som gir sjukdom hos dyr, men dyra kan likevel vere berarar av smittestoff og overføre dette til menneske. Sjukdommane blir forårsaka av fleire ulike smittestoff som bakteriar, virus, parasittar, sopp og prion.

Nokre av desse infeksjonssjukdommane kan gi alvorleg sjukdom og død, medan andre er mindre farlege. Det er anslått at opptil 60 prosent av alle årlege sjukdomstilfelle globalt stammar frå smittestoff som kjem frå mat eller frå dyr. Av alle nye infeksjonssjukdommar er det anslått at 75 prosent av sjukdommane har opphavet sitt frå dyr.

Den zoonosen som har påverka oss mest i nyare tid, er koronaviruset som gir sjukdommen covid-19. Forskarar har ikkje greidd å stadfeste med 100 prosent sikkerheit at det er flaggermusa som er opphavet til akkurat dette koronaviruset, men dei veit at koronavirus-slekta opphavleg stammar frå dyr. Fleire artar har sitt eige koronavirus, til dømes storfe som kan få bovint koronavirus. Dette er ikkje ein zoonose og kan altså ikkje smitte til menneske.

Smittevegar

Via mat og drikke

Nokre smittestoff finst i kjøt, mjølk og egg. Eit godt døme på det er storfetuberkulose, som er forårsaka av ein bakterie. Sjukdommen smittar til menneske viss dei drikk upasteurisert (ikkje varmebehandla) mjølk frå ei infisert ku. Denne sjukdommen er utrydda i Noreg, men finst framleis i mange land, òg i Europa. Upasteurisert mjølk kan òg innehalde mellom anna bakteriane campylobacter, E. coli og listeria som alle kan forårsake sjukdom.

Egg kan føre med seg smitte av salmonellabakterien som kan gi ein smittsam mage-tarminfeksjon, og i kjøt kan du finne toxoplasma. Toxoplasma gondii er ein parasitt som har katt som hovudvert, men som nyttar andre dyr, inkludert mennesket, som mellomvert for å kunne formeire seg. Parasitten kan føre til abortar og fosterskadar hos både dyr og menneske.

Farga elektronmikroskopbilete av E. coli-bakterien. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Indirekte smitte

Menneske kan òg smittast indirekte dersom dei et grønsaker som har vorte gjødsla med gjødsel som inneheld skadelege bakteriar, eller dersom det er fekal forureining av drikkevasskjelda med til dømes bakterien campylobacter eller parasitten giardia.

Direkte frå levande eller døde dyr

Du kan bli smitta via direkte kontakt med levande eller døde dyr. Rabies er eit døme på ein zoonose som kan smitte ved direkte kontakt, til dømes gjennom hundebit. Miltbrann er ein svært alvorleg, men sjeldan bakteriesjukdom som kan smitte menneske og dyr ved kontakt med dyr som har døydd av ein miltbranninfeksjon.

Via vektorar

Smitte via vektorar er ein annan smitteveg. Ein vektor er til dømes mygg og flått, der dei overfører sjukdommar via bit og stikk. Malaria er ein av dei meir kjende zoonosane som blir spreidde med vektorar, der myggen er vert for malariaparasitten. Mange er òg kjende med at flåtten kan bere med seg bakteriesjukdommen borreliose. Gnagarar og ville dyr er smittereservoar for borreliosebakterien i naturen, og flåtten kan overføre denne smitten til menneske.

Nærbilete av flått som har bite seg fast i huda på eit menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebygging

Forholdsregler

Smittevegane er mange, og det er endå fleire ulike smittestoff. Nokre zoonosar har vi greidd å utrydde, og nokre vaksinerer vi mot, medan andre greier vi ikkje å bli kvitt, sidan smittereservoaret finst i tarmen hos menneske, fuglar, husdyr eller ville dyr. Av den grunn er vi nøydde til å ta forholdsreglar for å verne oss sjølv og dyra. Det er derfor viktig å ha innarbeidd gode smittevernrutinar i eit husdyrrom og ved generell kontakt med dyr eller ved tillaging av mat. Dette kan vere riktig bruk av smittesluse, bruk av smittevernutstyr som hanskar og munnbind der det er naudsynt, og å ha generelt god handhygiene, og dessutan ha fokus på mattryggleiken på kjøkkenet.

Føre var

Skjermutklipp av Norsk Zoonoserapport 2018. Foto.

Årleg blir det sleppt ein zoonoserapport. Han viser talet på smitta personar det året og kva dei har vore smitta med. I Noreg har vi stort fokus på ein føre var-tankegang med førebyggjande helsearbeid, kontrollprogram og overvaking av smittsame sjukdommar hos dyra våre. Det er i tillegg strenge krav for import og bruk av antibiotikum. Dette har gjort at vi har utrydda fleire alvorlege sjukdommar, har færre zoonosetilfelle og kan bruke mindre antibiotikum, noko som bidreg til å forhindre antibiotikaresistens. I Noreg er dei vanlegaste sjukdommane forårsaka av tarmbakteriar.

One health – ei helse

"One health" eller "éi helse" er ein tankegang om at dyrehelse, folkehelse og miljøhelse heng så tett saman og påverkar kvarandre i så stor grad at det i realiteten kan kallast for éi helse. På grunn av éi helse-tankegangen har vi strenge reglar for dyrehelse, folkehelse og mattryggleik. Reglane skal avgrense spreiing av zoonosar via dyr, menneske, mat og vatn og forhindre at menneske og dyr blir sjuke. Det er derfor Mattilsynet har ein frå-jord/fjord-til-bord-tankegang. Dette kan du lese meir om under temaet mattryggleik.

Relatert innhald

Smittesluser forhindrar at det kjem smitte inn i eller ut av dyrehaldet. Lær korleis du skal gjere det i praksis.


CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Dyrehelse