Hopp til innhald
Fagartikkel

Hygiene og smitteavgrensing

Mikroorganismar er små, levande vesen som kan spreie smittestoff. Smitten kan spreiast via bakteriar, virus og algar på hender, klede, fottøy, utstyr og lokale. I dyrehaldet kan du hindre smitte ved å ha smittesluse, og ved å ha godt reinhald og god hygiene.

Mikroorganismar

Mikroorganismar er små, levande vesen vi ikkje kan sjå. Dei lever overalt og kan tilpasse seg ulike miljø. Dei vanlegaste mikroorganismane er bakteriar, sopp og virus.

Mikroorganismar er tilpassa ulike miljø. Nokre liker høge temperaturar, andre liker låge. Nokre trivst med høg salthaldigheit, andre trivst når det er tørt, og nokre liker høg pH.

Dei fleste mikroorganismar er ufarlege, men nokre er sjukdomsframkallande. Desse er smittestoff. Dei kan føre til sjukdom hos fisk, dyr og menneske. Vi må hindre at desse kjem inn i oppdrettsanlegg, i husa til dyra eller i matvarer. Mikroorganismar som framkallar sjukdom, blir kalla patogene organismar.

Tre hovudreglar for å kjempe mot mikroorganismar er:

  • hald temperaturane låge (når det er mogleg)

  • rydd og vask

  • senk pH (når det er mogleg)

Bakteriar

Bakteriar er små organismar som består av éi celle. Dei formeirar seg ved deling og kan dele seg kvart 20. minutt viss miljøtilhøva er gode. Bakteriar er flinke til å verne seg sjølve. Dei produserer slim som legg seg i eit vernande lag rundt cella. Dette blir kalla . Biofilmen gjer at bakteriane blir mindre påverka av det ytre miljøet og kan formeire seg trygt. Beskytta under denne kan bakteriane leve i fleire år.

Virus

Virus er endå mindre enn bakteriar. I praksis er eit virus berre arvestoff i ein kapsel, og det kan ikkje formeire seg på eiga hand. Kapselen festar seg til overflata på cellene og sprøyter arvestoffet inn i cella. Det gjer at cella blir omprogrammert til å produsere nye virus. Til sist sprekker cella, og virusa slepp ut. Virus har ulik utsjånad.

Algar

Mikroalgar er blant dei minste levande organismane i vatn. Dei blir òg kalla planteplankton. Dei fleste er heilt ufarlege, men nokre produserer gift. Planteplankton er viktige produsentar og er mat for både dyreplankton og blåskjel. Dermed er dei starten på næringskjedene i havet og i ferskvatn. Når daglengda aukar om våren, når temperaturen aukar og næringsstoff blir kvervla opp frå botnen, får vi algeblomstring. Algar i store mengder kan irritere gjellene på fisken så det blir vanskelegare å puste.

Tiltak mot smittespreiing

Levande og friske dyr og fisk har eit immunforsvar som forsvarer dyret mot sjukdom og smitte. Hud og fordøyingssystem utan sår hindrar mikroorganismar i å komme inn i kroppen.

Men vernet held ikkje når smittepresset blir for høgt. Det betyr at dersom det er mange nok av mikroorganismane, vil dei forårsake sjukdom sjølv hos dyr som i utgangspunktet er friske. Det er derfor avgjerande å halde mengda smittestoff nede.

Viss det bryt ut sjukdom blant dyra eller fisken, vil veterinæren innføre tiltak for å hindre vidare spreiing av smitten. Slike situasjonar krev ekstra merksemd om hygiene.

Smittesluse

For å hindre at bakteriar og virus kjem inn i anlegg og driftsbygningar, nyttar vi mange stader smittesluser. Her tek vi av oss sko og ytterklede og skifter til arbeidsklede som berre blir nytta inne på anlegget. Vi vaskar og desinfiserer hendene. Besøkande får låne fottøy eller bruker skoovertrekk.

Orden og reinhald

Ingen mikroorganismar kan leve dersom dei ikkje får næring. Fôrrestar, ekskrement, slim og annan skit er mat for mikroorganismane. Godt reinhald er derfor viktig. Både utstyr, arbeidsklede og sjølve lokala må vaskast jamleg. God orden gjer det enklare å halde reint. Spyl eller skyl av den lause skiten med kaldt vatn. Når dette er gjort, er det klart for å fjerne fast skit og biofilm. Bruk gjerne ein høgtrykksspylar.

For å løyse opp biofilmen må vi bruke såpe. Vi skumlegg flatene og spyler det vekk med høgtrykksspylar etter enda verketid. No har vi fjerna det som verna bakteriane, og dei kan fjernast. Når vi skal vaske store flater, er det viktig å bruke ei skumlanse og ei såpe som skummar godt. Legg på nedanfrå og opp, så ser du kvar du har jobba. Det er viktig å bruke rett konsentrasjon og la såpa virke lenge nok.

Til sist sprøyter vi heile området med desinfeksjonsmiddel. Dette skal ikkje spylast vekk, men verke til det tørkar inn. Sollys på rein overflate er òg ein god desinfeksjon, men denne metoden skal brukast i tillegg til og ikkje i staden for godkjent middel.

Personleg hygiene

Personleg hygiene omfattar kroppsvask, hårstell, vask av hender og negler og reine klede. Det hjelper lite å vaske og desinfisere utstyr om vi går rundt og tek i ting med skitne hender. Det er ingen ting som overfører så mykje smitte som skitne hender. Vi må vaske hendene når vi går frå ei avdeling til ei anna, og etter toalettbesøk. God personleg hygiene er ikkje minst viktig ved behandling av råvarer, anten det er snakk om mjølk, fiskefilet eller meir tilarbeidde produkt.

Kva er forskjellen på reingjering, desinfeksjon og sterilisering?

Reingjering

Med reingjering meiner vi god vask med såpe og vatn. Dette skal fjerne all fast skit, feitt og andre belegg. Reingjering er første ledd i alt hygienearbeid, anten det er utstyr, klede eller hender som skal bli reine.

Desinfeksjon

Når vi desinfiserer, bruker vi fysiske eller kjemiske middel. Dette drep mesteparten av mikroorganismane og reduserer vanlegvis risikoen for smitteoverføring i tilstrekkeleg grad.

Sterilisering

Nokre arbeidsoperasjonar krev at utstyret er sterilt. Dette gjeld mellom anna medisinsk utstyr som pinsettar og sprøyter. Sterilisering kan gjerast med varme, gass eller stråling. Utstyr som er sterilisert, må vere pakka i tett emballasje slik at det ikkje blir infisert av mikroorganismar i omgivnadene.

Oppgåve

Kva kan du om hygiene og smitteavgrensing nå? Vel dei rette svara eller påstandane.