Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver – helsesjekk av dyr

Helsesjekk er viktig for å førebyggje skadar og sjukdom, og det er viktig ved ei eventuell behandling av dyret. Du kan sørgje for god dyrevelferd når du har gode evner i helsesjekk.
Dyrepassar sjekkar tennene på ei sjøløve i Borås Djurpark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1 – utfør helsesjekk

Utfør helsesjekk på eit dyr. Førebu helsesjekken slik at dyret føler seg trygg og komfortabel under helsesjekken. Eit godt tidspunkt er samtidig med fôring. Ha godbitar eller maten til dyret klar.

Ha klar ei utskrift av helsesjekkskjemaet og ein penn. Vær fleire saman og notér funn i helsesjekkskjemaet.

Meld frå om avvik til dei som er ansvarlege for vidare stell og omsorg for dyret. Legg gjerne helsesjekkskjemaet i journalen til dyret.

Korleis kan de ha rutinar for å sikre helsa til dyra i dyrehaldet?

Filer

Oppgåve 2 – undersøk rutinar

  1. Undersøk kva rutinar for helsesjekk dei har i dyrehald du kjenner til.
  2. Korleis vurderer du rutinane? Er rutinane gode nok for å oppdage forandringar hos dyret?
  3. Kva forbetringstiltak vil du foreslå?

Oppgåve 3 – fordeler med dyrehelserutinar

Ta for deg ein aktuell produksjon med dyr. Diskuter korleis rutinar for helsesjekk og holdvurdering av dyr påverkar det følgjande:

  1. dyrevelferd
  2. dyrehelse
  3. produksjon
  4. reproduksjon (til dømes talet på avkom)
  5. prestasjon (til dømes konkurransedyr og høgtytande dyr)
  6. folkehelse (til dømes antibiotikaresistens)
  7. marknadsføringa til bedrifta
  8. økonomien i bedrifta
  9. arbeidsmiljø og trivsel

Oppgåve 4 – helseteknologi i dyrehald

Teknologi for helseovervaking er vanleg i mange produksjonar. Nokre døme:

  • Elektroniske sauebjøller som kan hjelpe deg med å lokalisere dyret, og som kan gi tilbakemelding om unaturleg åtferd.
  • Kattedoar som veg tiss og avføring, reinsar sanden og veg katten kvar gong han går på toalettet.
  • Videooverføring frå fødande dyr, slik at du kan overvake tettare utan å vere i same rom.
  • Sensorar på ville og tamme dyr som kan fortelje om liggjestilling, brunst, hjartefrekvens, pustefrekvens, talet på skritt og kva dyr som har konfliktar.

Det finst til og med teknologi som kan analysere andletsuttrykk hos dyr.

  1. Vel deg ein produksjon og kartlegg kva teknologi for dyrehelse som allereie finst.
  2. Kartlegg ny teknologi for å overvake og forbetre dyrehelse.
  3. Kva teknologi meiner du at bør utviklast?
CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2020

Læringsressursar

Dyrehelse