Holdvurdering av dyr
Orda hold blir brukt til å beskrive om eit dyr er for tynn, passeleg eller for tjukk.
Orda holdvurdering beskriv metodar for å vurdere om dyra er for tynne, i passeleg hold eller for tjukke.
Å ha riktig hold har mykje å seie for dyrevelferda. Endring i hold kan òg gi ein rask peikepinn på om dyret er i ferd med å utvikle sjukdom eller har låg trivsel.
Holdet til dyra påverkar produksjonen, reproduksjonen, talet på avkom, risikoen for fødselsvanskar og helse. For dyr som skal prestere, slik som narkotikahundar, førarhundar, sledehundar og løpshestar, er hold og muskelmasse ein nøkkelfaktor. Høgtytande produksjonsdyr som mjølkekyr og verpehøns må dagleg bruke mykje energi, og eit dårleg hold vil raskt gå ut over ytinga. Holdet og energistatusen til dyret gjennom året er truleg den enkeltfaktoren som i størst grad påverkar resultatet i helse, velferd, yting og produksjon. Du får betre økonomi ved å sjekke at dyra har riktig hold.
Du må kunne bedømme om eit dyr får riktig mengd mat, ut frå om dei er i passeleg hold. Berre ved å faktisk undersøke dyret kan du justere fôringa.
Du kan sjølv lære deg å vurdere hold på mange slags dyr. Du må bruke auga og hendene og faktisk røre dyr for å ta ei skikkeleg holdvurdering. Bruk knyttneven din som begynnaropplæring.
Ta òg på mange ulike dyr. Det er lettast å lære seg teknikkane med å starte med store pattedyr.
På små pattedyr er prinsippa dei same. Hoftebein, ribbein og ryggrad skal kjennast, men ikkje synast. På fuglar kjenner du på ribbein og/eller brystbein. Brystbeinet skal kjennast, men ikkje synast. På fisk må du først og fremst bruke synet.
For tjukk
Lukk auga og trykk lett på den delen som knyter saman tommelen og handflata. Ho kjennest kjøtfull og elastisk, men samtidig fast. Det er vanskeleg å finne noko bein når du trykkjer. Slik kjennest det ut når du trykkjer på brystkassa til eit dyr med mykje feitt over ribbeina.
Lag ein knyttneve og la fingrane gli over handbaken. Slik kjennest det ut når du lèt handa gli over brystkassa til eit tjukt dyr.
Passeleg
Lag knyttneve. La fingrane gli over nedste og lengste del av fingrane, like over knokane. Legg merke til at du kjenner kvar finger, men at det er ganske jamt, og du kjenner eit mjukt lag mellom skjelettet og huda. Slik kjennest det ut når du lèt handa gli over brystkassa til eit dyr som er i normalt hold.
For tynn
La fingrane gli over knokane på knyttneven, altså nedste leddet mellom fingrane og handa. Legg merke til at det kjennest hardt og ruglete ut. Når du lèt handa gli over brystkassa til eit tynt dyr, vil du kjenne at ribbeina er utstikkande og distinkte.
- Finn holdvurderingsskjema for aktuelle dyreartar.
- Ta holdvurdering på dyra. Sjå og kjenn.
- Skriv ned kjenneteikn på individ og kva hold du vurderer dyret til.
- Samanlikn vurderinga di med vurderinga til medelevar.
- Fekk de lik holdvurdering? Kvifor fekk de eventuelt ulik holdvurdering?
- Kva kan vere moglege årsaker til at holdet er ulikt mellom dyra?
- Korleis må fôringa justerast?
- Kva for praktiske løysingar må til for at dyret skal få riktig fôring? Må dyret flyttast?
- Kvifor skal vi ta holdvurdering framfor å vege dyret?
- Er det fordelar med at du sjølv kan ta holdvurdering, framfor å måtte spørje ein ekspert?
- Kvifor skal holdvurdering alltid vere ein del av rutinemessig helsesjekk?