Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Observere avføring frå kyr og kalvar

I denne oppgåva skal du observere og vurdere normal og avvikande avføring frå sinkyr, lakterande kyr og kalvar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avføringa kan fortelje oss mykje om helsetilstanden til eit dyr. For å kunne sjå om eit dyr har unormal avføring (til dømes diaré, blod i avføring eller liknande), er det viktig først å vite kva som er normal avføring, for å ha eit samanlikningsgrunnlag.

Vel to sinkyr, to kyr i produksjon og to kalvar. Observer avføringa og beskriv det så nøye som mogleg. Få med farge, konsistens, fôrpartiklar, form og lukt.

Korleis gjer du dette i praksis?

  • Vel deg ut eit dyr. Det kan vere lurt å ta eit dyr som ligg, for det vil ofte gjere frå seg når det reiser seg. Eller du kan følgje med på dyra som står og går, og sjå om nokon av dei gjer frå seg.
  • Beskriv kva du ser.
  • Bruk gjerne det vedlagde skjemaet til å dokumentere.

Kva skal du observere?

  • Konsistens: For å bedømme konsistensen kan du trakke forsiktig i avføringa og sjå kor tydeleg støvelmerket er i avføringa. Dess tydelegare du ser mønsteret etter støvelen i avføringa, dess hardare er konsistensen.
  • Fôrpartiklar: Kan du sjå restar av fôr (gras) i avføringa? Kor lange er desse restane?
  • Lukt: Luktar det meir eller mindre enn normalt? Kva er normal lukt?
  • Beskriv form og farge.

Filer

Relatert innhald

Dagleg helsesjekk er eit nøkkelverktøy i drifta. Det gir betre dyrevelferd, arbeidsmiljø og økonomi.

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020

Læringsressursar

Dyrehelse