Hopp til innhald

Fagstoff

Biosikkerheit, zoonosar og "Éi helse"

Vi ser at dyrehelse og menneskehelse heng tett saman. I dei seinare åra har det vorte vanleg å bruke omgrepet "Éi helse" (One World – One Health). Dette er eit tverrfagleg omgrep som skal bidra til å skape ei heilskapleg tilnærming til å kjempe mot sjukdom.
Advarselskilt med teikning av ein gris med politilue og stopp-skilt og teksten "Adgang forbudt uten i samråd med eier". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle må kjenne til farane ved smitte og bidra til å førebygge, dette gjeld anten du er veterinær, dyreeigar, matprodusent, lege, forskar eller noko anna.

For oss som har ansvar for dyra, handlar biosikkerheit òg om økonomi. Blir dyret først sjukt, er dette kostbart, og får vi spreiing av sjukdom til andre dyr og kanskje òg til menneske, kan det vere kroken på døra for ei bedrift. Hugs at det alltid er betre å førebygge enn å prøve å kjempe mot sjukdom.

Biosikkerheit

Biosikkerheit er tiltak som hindrar introduksjon og spreiing av smittsame sjukdommar, framande artar og genmodifiserte organismar. Vi blir stadig fleire menneske og fleire husdyr i verda, og vi fraktar dyr, fôrprodukt og utstyr ofte og over lange avstandar. Biosikkeheit i dyrehald er viktig, uansett storleik på dyrehaldet. Men jo fleire dyr og fleire menneske som er på same stad, jo større er risikoen for smittespreiing.

Zoonose

Zoonosar er nemninga på sjukdommar som spreier seg mellom dyr og menneske. Ein zoonose kan vere virus, bakteriar, sopp eller parasittar. Dyr kan vere berarar av ein slik sjukdom og smittsame utan at dei sjølve er sjuke.

Døme på zoonosar er harepest, som smittar frå gnagarar, salmonella, som er ein bakterie, og rabies, som kan smitte dei fleste pattedyr, men det er mest vanleg at menneske får det frå hundebit. Pandemiar startar nesten alltid med overføring av ein mikrobe frå dyr til menneske. Faktisk kjem to tredelar av alle smittsame sjukdommar hos menneske opphavleg frå dyr.

Døme på biosikkerheitstiltak i dyreavdelinga di

Klede

Det at vi skiftar til eigne klede når vi oppheld oss i dyreavdelinga (stall, fjøs, smådyravdeling og så vidare), er eit godt døme på biosikkerheitstiltak. Ha òg gode rutinar for regelmessig vask av klede. Bruk av hanskar og munnbind kan vere smart.

Smittesluse

I nokre dyrehald må vi ha ei sluse som alle må gå gjennom for å komme inn. I nokre tilfelle er det nødvendig med desinfisering av sko og hender, slik at ein er heilt sikker på at det ikkje blir med smitte inn i dyrehaldet.

Plassering av dyr

Når nye dyr kjem, bør dei isolerast ei stund før dei blir introduserte til resten av besetninga. Eventuelt kan dei setjast saman med berre eitt anna dyr. Etabler faste grupper av dyr som går saman, og unngå kontakt mellom gruppene. Kvart dyr / kvar gruppe bør ha tilgang til eiga vasskjelde, eigen mat og eventuelt eige utstyr. Ha isolasjonsmoglegheiter i tilfelle eit dyr blir sjukt.

Fôring

Eit godt råd er å kjøpe fôr frå ein kjend produsent, gjerne lokalt. Framande artar, bakteriar og liknande kan bli innførte med fôret. Oppbevar fôret tørt og sikkert for mus og småfuglar. Smågnagarar og fuglar er kjende for å kunne føre med seg smitte. Avføring i fôr og vatn til dyra kan føre til sjuke dyr.

Reising med dyr

Når du reiser med dyret, bør du sørge for å ha med eigen mat og eigne fat/bøtter som dyra et av. Unngå nærkontakt med andre dyr på stadene du besøker. Dette er særleg relevant for sports- og utstillingsdyr som blir frakta mykje rundt.

Omgrep

Biosikkerheit er tiltak som førebygger spreiing av smitte, framande artar og genmodifiserte organismar.

Zoonosar er sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske.

Éi helse er ei tverrfagleg tilnærming til god helse. Ser dyrehelse og menneskehelse i samanheng.

Diskusjonsoppgåve

  1. Kva biosikkerheitstiltak har du på dyreavdelinga du er på? (Til dømes der du er i utplassering, eller på dyreavdelinga til skulen.)

  2. Har du forslag til å forbetre nokon av tiltaka?

  3. Er det nokre tiltak du tenker er unødvendige?

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Dyrehelse