Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Handhygiene

Hjelper det å vaske hendene? I dette forsøket kan de teste ut resultatet av handvasken. Forsøket går ut på å ta på brødskiver med hendene og sjå kva som skjer med skivene etter nokre dagar.
Handvask med vatn og såpe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • 3 ferske brødskiver – gjerne av loff eller anna lyst brød så eventuell bakterie-/muggvekst synest betre
  • 3 lynlåsposar
  • Vassfast penn

Framgangsmåte

  1. Send ei brødskive rundt i klasserommet. La alle ta på ho. Klem hendene inntil på kvar side utan å øydeleggje brødskiva.
  2. Merk ein lynlåspose med «uvaska hender». Legg brødskiva i posen og lukk att.
  3. Alle elevane vaskar så hendene. Utfør handvasken slik de vanlegvis gjer når de vaskar hender. Viktig: Hugs at de ikkje må ta på noko som helst frå de har tørka dykk og til de får ei ny brødskive.
  4. Send ei ny brødskive rundt. Gjenta som under punkt nummer 1.
  5. Merk ein lynlåspose med «normalvask av hender». Legg brødskiva i posen og lukk att.
  6. Sjå denne filmen frå Folkehelseinstituttet om handvask (YouTube)
  7. No skal de skitne til hendene på nytt ved å ta på mobil, pult, dørhandtak, gelender og så vidare. Ta på så mykje som mogleg på veg til der de skal vaske hender.
  8. Vask hendene på nytt. Denne gongen skal de gjere handvasken slik det vart forklart i filmen. Husk igjen at de ikkje må ta på noko som helst etter at de har vaska hendene og til de tek på neste brødskive.
  9. Send tredje og siste brødskive rundt i klasserommet og ta på ho slik de gjorde med dei to første. Merk posen «grundig vask av hender» og legg brødskiva oppi.
  10. Ta vare på posane på ein lun og varm stad. Følg med på utviklinga. Posane skal ikkje opnast undervegs. Kva trur de vil skje med skivene?

Etter 4–7 dagar kan de studere resultatet av forsøket.

Diskuter

  • Er det nokon forskjell på dei tre skivene? Beskriv det de ser.
  • Korleis forklarer de eventuelle forskjellar de ser på dei tre skivene?
  • Kva vilkår må vere til stades for at det skal bli vekst av mugg og bakteriar?
  • I naturbruksyrka arbeider vi med jord, dyr, fôr, kjemikalium og ulike råvarer som skal etast. Kva yrkessituasjonar kjenner de til der handvask er viktig?
  • Kva kan skje viss vi slurvar med handhygienen?
  • Er handvask viktigast før eller etter at de utfører arbeidet dykkar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen, Randi Helene Tillung og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2020

Læringsressursar

Dyrehelse