Hopp til innhald

Fagstoff

Helsesjekk av dyr

Helsesjekk er ei grunnleggjande og viktig arbeidsoppgåve for alle som arbeider med dyr. Ansvarlege dyrehaldarar og dyrearbeidarar er opptekne av topp helse på dyra sine og nyttar dagleg helsesjekk som nøkkelverktøy i drifta.
Helsesjekk. Rotte blir halde varsamt i hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Helsesjekk er ei grunnleggjande og viktig arbeidsoppgåve for alle som arbeider med dyr. Du er saman med dyra dagleg og er den som først vil oppdage forandringar. Dyra er prisgitte at vi er opptekne av helsa deira. Alle som arbeider med dyr, må kunne gjennomføre og dokumentere ein enkel helsesjekk på dyr.

Å ha friske dyr har mange fordelar. Det forenklar arbeidet ditt, dyra blir gladare og får betre velferd. Friske dyr er enkle å stelle, og dei opplever ikkje stress, frykt og smerte knytt til behandlingar og sjølve sjukdommen. Du får meir pengar i lommeboka fordi dyra yter betre, og du taper ikkje pengar på lågare yting og høge sjukdomsutgifter. Du kan stolt levere kvalitet, og du gjer verdssamfunnet ei teneste ved å bruke mindre antibiotikum og andre medisinar.

La helsesjekk bli ein dagleg rutine

Set av tid til dagleg helsesjekk. Dette er eit nøkkelverktøy i drifta og vil spare deg og dyra for mykje bekymring og vonde kjensler.

For å kunne vurdere om eit dyr er sjukt, må du først ha god kjennskap til korleis friske dyr ser ut og oppfører seg. Gjer deg godt kjend med arten og med individet. Eit sjukt dyr i naturen blir lett plukka ut som bytte av eit rovdyr. Artar som er typiske byttedyr i naturen, vil derfor ofte gjere alt dei kan for å skjule sjukdom, òg for deg. Åtferdsendring er som oftast det første signalet på at eit dyr er i ferd med å bli sjukt. Kjenner du dyret og arten godt, kan du raskt oppdage forandringar. Ta kontakt med nokon med meir erfaring eller dyrehelsepersonell når du finn noko du er usikker på.

Bruk tid på gjere dyret fortruleg med helsesjekk. Det er ein stor fordel at dyret samarbeider under helsesjekk, og mindre bruk av tvang og halding er tryggare for deg og dyret. Bruk heller tryggingsutstyr som gjerde, bur og munnkorg. For deg som skal arbeide med farlege og ville dyr i dyrehagar, vil trening på helsesjekk vere ein heilt naturleg del av arbeidskvardagen og aktiviseringa av dyra.

Foto av ei sjøløve som gapar opp og viser tennene på kommando, som eit ledd i helsesjekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trinn 1 – sjå på dyret og omgivnadene

Start med å vurdere dyret frå avstand. Sjekk der dyret oppheld seg, og kor aktivt det er. Sjå etter endring i aktivitet eller åtferd, og sjå etter teikn på smerte. Oppheld dyret seg der det pleier? Søv det, sjølv om det pleier å vere vaken? Viser det unormal aggresjon eller frykt?

Vurder rørslene til dyret. Er det jamne, symmetriske og uhemma rørsler? Set dyret seg skeivt? Sym akvariefisken symmetrisk og normalt? Et dyret med berre eine sida av munnen? Rører det seg sakte? Står det krumbøygd? Pressar det for å tisse?

Sjekk om urin og avføring ser normalt ut. For pattedyr skal urin normalt vere lys gul og utan blod eller smuss. Sjekk avføring for blod, slim eller parasittar. Lyst blod er frå endetarm, mørkt frå lenger inne i systemet.

Vurder òg mat og drikkelyst. Sjekk drikkeskåler og trau. Har dyret drukke meir enn vanleg? Et det mindre eller vel andre fôrmiddel?

Trinn 2 – dyret frå tipp til tupp

No kan du undersøkje kroppen til dyret frå tipp til tupp. Nokre artar er lette å bruke hendene på, og dette vil gi deg meir informasjon. Små fuglar og gnagarar, eller artar som er farlege, må du undersøkje på avstand. Gi dyret tid til å vakne skikkeleg, dersom det sov då du kom. Bruk mat og godbitar slik at du får sett dyret frå fleire vinklar og i rørsle.

Portrett av hundehovud som viser at hovudet er symmetrisk rundt ein midtakse. Foto.

Du kan dele kroppen inn i tre hovuddelar: hovudet, forkroppen og bakkroppen. Då observerer du dyret systematisk, og det er vanskelegare å oversjå noko. Ha eit spesielt blikk for normal åtferd og symmetri. Med symmetri blir det meint at noko er likt på begge sider. På dyret skal du då undersøkje at hovud og kropp er likt på begge sider. Du skal òg sjå etter om rørsler er like på begge sider. Om du får ta på dyret, kan du kjenne etter eller måle om dyret er muskelsett likt.

Sjekk òg gjennomgåande for hevelse, raude, varme, smerte og nedsett funksjon.

Tumor, rubor, calor, dolor eit functio laesa er latin for "hevelse, raude, varme, smerter og nedsett funksjon".

Auge

  • Auga er like på begge sider.
  • Auga er klare, kvikke, merksame og heilt opne.
  • Det er inga blakking på overflata eller inne i auget.
  • Auga er våte, men ikkje rennande, og utan puss eller slim.
  • Auga har normal augefarge (berre albinodyr har raude auge).
  • Det tredje augelokket er så vidt synleg.
  • Det tredje augelokket og slimhinna skal vere rosa.
  • Augelokket ligg korrekt og naturleg mot auget.
  • Augevippane peikar utover.

Nase og pust

  • Nasebora skal vere reine og tørre eller lett fuktige.
  • Pattedyr har ofte klar væske frå nasen. Dette er normalt, spesielt etter aktivitet eller at dyret har vore ute.
  • Nasen er utan puss.
  • Det er inga raude eller hevelse.
  • Pusten er jamn, uanstrengd og lydlaus.
  • Pust vil variere mellom artane.
  • Rask eller tung pust er unormalt dersom det ikkje har vore høg aktivitet. Pustebevegelse og pustefrekvens aukar ved aktivitet.

Munn og nebb

  • Dyret har ikkje dårleg ande.
  • Tannkjøtet er friskt, jamt, vått og rosa (kan ha pigment).
  • Sjekk for framandlekamar om mogleg.
  • Tenner er heile og på rett plass. Sjå at tannrekkjene møtest.
  • Sjekk at tennene ikkje er for lange eller veks skeivt.
  • Sjekk for tannstein.
  • Tennene er kvite eller nesten kvite.
  • Nebb er heilt, ikkje for langt eller skeivt.

Sirkulasjon og kapillær fyllingstid

Du kan sjekke sirkulasjonen i munnen hos dyr som lèt seg handtere. Då skal tannkjøtet bli kvitt/lyst rosa når du trykkjer på det og deretter rosa att etter eit par sekund. Dette blir kalla kapillær fyllingstid.

Unormal farge på slimhinna kan indikere akutt sjukdom eller forgifting. Tørre og kvite slimhinner er unormalt og må sjåast til av dyrehelsepersonell.

Øyre

  • Øyra har normal haldning for arten/rasen.
  • Dyret rører øyra eller hovudet etter lydar.
  • Øyra er lys rosa og luktar "godt".
  • Øyra er reine, frie for puss og vond lukt frå øyregang.
  • Øyra er utan skorper, klumpar og sår.
  • Øyra er utan parasittar.
  • Det er ingen unormal, samanfiltra eller overdriven hårvekst.

Klør, hovar, potar

  • Dei er normale for arten/rasen.
  • Dei er heile og jamne.
  • Klør eller hovar har passeleg lengde.
  • Dei er utan sår eller sprekkar.
  • Dei er utan hevelser eller raude.
  • Det er inga misfarging eller bløding.
  • Dyret kan røre seg normalt.
  • Dyret legg lik vekt på beina.

Hud, pels, fjør eller skjel

  • Huda skal vere mjuk. Pels, fjør eller skjel skal vere karakteristisk for arten.
  • Pels eller fjør skal vere stelte og ikkje vere feittete, skitne eller seige.
  • At dyret ikkje driv eigenpleie, er ofte eit teikn på sjukdom.
  • Bruk luktesansen din for å leite etter vond lukt.
  • Sjekk for sår, raude, tørrheit, hovenheit, ujamne parti og varme.
  • Det skal vere utan flokar, klumpar, rifter, hår- eller fjørlause parti, unormal pels/fjør.
  • Fisk kan miste farge i huda, få unormal farge eller miste skjel ved sjukdom.
  • Dyret er utan parasittar. Parasittar kan sjå ut som flass eller mørk sand som rører seg.

No er òg eit godt tidspunkt for å sjå på eller kjenne etter symmetri.

Når du undersøkjer huda, kan du òg sjekke om dyret er dehydrert, viss det er mogleg på arten eller individet. Løft forsiktig opp huda i nakken, og slepp ho fort. Dersom huda verkar seig og bruker tid på å kome på plass, er dyret truleg dehydrert.

Kjønnsopningar

  • Kjønnsopningar er normale for arten og kjønnet.
  • Dei er reine og utan teikn til avføring, puss eller tovar.
  • Det er ingen tørre parti, raud hud, flass eller ujamne parti.
  • Sjekk eventuelt etter begge testiklane.
  • Det er inga utflod eller puss frå forhud/vagina.

Buk og rygg

  • Det er inga unormal fylling i buken.
  • Ryggen har inga unormal krumming.
  • Jur eller pattar er mjuke og jamne.
  • Sjekk jur eller pattar for klumpar, hevelse, raude og ujamne parti.
  • Sjekk for brokk.

Halen og stjerten

  • Hale og stjert skal berast på ein måte som er typisk for arten, rasen og individet.
  • Sjekk for normal rørsle.

Holdvurdering

Ta holdvurdering av dyret. Sjå korleis du gjer det, i artikkelen om holdvurdering.

Kroppstemperatur

Vi tek normalt ikkje temperaturen på dyra dagleg, men det er viktig å vite normaltemperaturen for arten og individet. Du kan ikkje måle feber ved å ta på dyret. Viss du finn avvik, tek du kroppstemperaturen med febertermometer og samanliknar med normaltemperaturen til dyret. Forhøgd temperatur viser at noko er gale, og at du må vurdere å tilkalle dyrehelsepersonell.

Du kan òg vurdere om dyret er overoppheta eller nedkjølt på andre måtar. Teikn på at dyret er nedkjølt, kan vere at det skjelv, rullar seg saman til ein ball, søkjer varme eller blæs opp fjørene. Teikn på overoppheting kan vere kraftig pesing, sikling, at dyret legg seg ned, ikkje vil gå eller søkjer til skugge og kaldt underlag. Tynne, små dyr er mest utsette for nedkjøling og runde/tunge dyr er mest utsette for overoppheting. Dette kan raskt utvikle seg til å bli alvorleg eller livstrugande for hunden. Førstehjelp er utstyr som teppe, dekken, varmelampe, varmeflaske, kjølematte og vått handkle eller å flytte dyret til rett temperatur.

Diskusjon

  1. Gi nokre døme på kva du har funne på ein helsesjekk.
  2. Korleis kan helsesjekk påverke dyrevelferd?

No skal du i gang med praktisk gjennomføring. Gå til Oppgåver til helsesjekk med dyr.

Relatert innhald

Kan du å visitere hesten? Kva vil det seie, og korleis gjer vi det? Å visitere vil seie å kontrollere, og vi kontrollerer helsetilstanden dagleg.

Holdvurdering er eit nyttig verktøy i alle dyrehald. Det bidreg til god velferd, betre helse, betre prestasjon, lengre levetid og meir økonomisk drift.


CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 20.05.2020

Læringsressursar

Dyrehelse