Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om dyrehelse og zoonosar

Som fagarbeidar med dyr må du ta stilling til smitte som påverkar dyrehelse og folkehelse. Reflekter og diskuter problemstillingar rundt dyrehelse og zoonosar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Noreg og Island har ulike reglar

Island har nokre av dei strengaste importreglane i verda. All import av hest og andre husdyr til Island har vore forboden sidan 1882. Dette betyr at om du eig ein hest og vil konkurrere, dra på utstillingar eller liknande utanfor Island, så får du ikkje hesten med deg heim att.

  1. Kvifor trur du Island har strengare reglar enn til dømes Noreg?
  2. Kva fordelar finst med å ha så strenge reglar?
  3. Kva ulemper finst med å ha så strenge reglar?
  4. Korleis blir dyrehelsa og folkehelsa påverka av dette?

Oppgåve 2: Oppsummer zoonosar i yrket ditt

  1. Lag ei liste over zoonosar som er aktuelle for fordjupinga di.
  2. Korleis kan zoonosar påverke deg, kundane dine, dyra og verksemda di?

Oppgåve 3: bendelormen til reven

Søk på nettet og les om parasitten kalla dvergbendelormen til reven (Echinococcus multilocularis) og finn ut følgjande:

  1. Kva krav gjeld for å ha med hunden eller katten din til utlandet, inkludert Sverige, med tanke på dvergbendelormen til reven?
  2. Korleis er sjukdomsforløpet for eit menneske som blir smitta av parasitten? Altså: Korleis viser sjukdommen seg hos menneske som blir smitta?
  3. På bakgrunn av svara du har funne i oppgåve a og b, synest du det burde vore strengare reglar for førebygging og behandling mot parasitten? Grunngi kvifor eller kvifor ikkje.

Oppgåve 4: vassborne utbrot

Søk på nettet etter vassborne utbrot eller vassborne infeksjonar. Kva smittestoff kan ein finne i vassborne utbrot?

Oppgåve 5: diskusjon om smittevegar

Smittevegane for zoonosar er mange. Kva smitteveg meiner du kan smitte flest menneske, og kva smitteveg smittar færrast menneske? Forklar kvifor du tenkjer som du gjer.

Oppgåve 6: diskuter påstandar

Kva tenkjer du om desse påstandane? Diskuter påstandane i grupper, skriftleg eller i ein podkast.

  • Menneske bør ha mindre kontakt med dyr på grunn av faren for zoonosar.
  • Vi har så få alvorlege zoonosar i Noreg at det ikkje gjeld her.
  • Alle menneske burde vaksinerast mot zoonosar som er veldig smittsame for dyr eller menneske.
  • Dei aller fleste har jo kontakt med dyr, så då er det ikkje noko poeng å tenkje smittehygiene uansett.
  • Det er ikkje noko farleg om ein blir smitta.
  • Så lenge ein tenkjer smittevern, går det bra.
CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen og Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2020

Læringsressursar

Dyrehelse