Hopp til innhald

Fagstoff

Mattryggleik og dyrehelse

Mattryggleik handlar om at maten er hygienisk produsert, og at maten er trygg for oss å ete. Som fagarbeidar med dyr har du eit viktig ansvar for mattryggleiken.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mattryggleik

Mattryggleik handlar om at maten skal vere trygg for oss å ete. Dette vil seie at det må vere god kontroll under produksjon av slik at vi ikkje blir sjuke av maten vi et.

Mattryggleik eller matsikkerheit?

Det er viktig å skilje mellom mattryggleik og matsikkerheit. Mattryggleik handlar om at maten er hygienisk produsert, og matsikkerheit handlar om at befolkninga har nok mat. Næringsmiddel er eit samleomgrep på matvarer og drikkevarer som skal konsumerast av menneske.

Matkjeda – frå jord til bord

Matkjeda blir kalla frå-jord/fjord-til-bord. Alle som er ein del av matkjeda, har ein del av ansvaret for at maten er trygg. Sidan konsekvensane av å ikkje ta dette ansvaret på alvor kan innebere at vi blir alvorleg sjuke, og potensielt føre til død, er det nøye beskrive i lover, forskrifter og forordningar kva dette ansvaret inneber.

Grønsaker, frukt, bær og fisk er òg ein del av matkjeda og må òg handterast på riktig måte for at det skal vere trygt å ete, men i denne teksten vil det vere dei matproduserande dyra våre som blir omtalte.

Ikoner som viser fra jord til bord-kjeden: vekst som blir brukt til fôr, lagring av fôr, dyrehelse, transport til slakteri, slakting og nedskjering, transport til restaurantar og butikkar og tillaging av mat. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mattilsynet

For å vere sikker på at lovverket blir følgt, har staten oppretta Mattilsynet. Mattilsynet er eit tilsynsorgan som fører tilsyn, tek prøver og kontrollerer bedriftene for å sjekke at dei følgjer lovverket. I tillegg til mattryggleik har Mattilsynet det overordna ansvaret for å sjå til at dyrevelferda og dyrehelsa er tekne vare på fordi desse tre temaa er tett knytte til kvarandre.

Dyrehelse

Kva har dyrehelse med mattryggleik å gjere?

Ved å sørgje for at dyra i besetninga di er ved god helse, har du teke ansvaret ditt i matkjeda. Du kan med godt samvit sende mjølk med tankbilen, sende dyr til slakt eller levere egg, for då veit du at menneske ikkje blir sjuke av å ete kjøtet eller egga eller drikke mjølka du har hatt ansvar for. Med god dyrehelse har du i tillegg kome eit godt stykke på veg mot god dyrevelferd.

Når dyra er friske, er det trygt for oss at dei kan gå til konsum. Friske dyr har òg betre dyrevelferd.

Ansvar for dyrehelse

Ansvar for dyrehelse handlar om å

  1. gi dyra tilpassa fôr av hygienisk god kvalitet
  2. gi dyra fri tilgang til reint drikkevatn
  3. forhindre at smittsame sjukdommar kjem inn i eller ut av fjøset
  4. oppdage sjukdom/skade så tidleg som mogleg
  5. gjere tiltak som tek vare på det sjuke dyret
  6. halde generelt god hygiene

1. Gi dyra tilpassa fôr av hygienisk god kvalitet

Kalvar ved drikkekar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du må ha kunnskap om kva fôrmiddel dyret må ha for å vekse og trivast. Du må i tillegg kunne vurdere kvaliteten. Mugg er eit teikn på dårleg kvalitet. Du skal ikkje under nokre omstende gi dyra mugge fôr, det må fjernast og kastast.

Du har òg ansvar for at eteplassen er rein. Dette betyr at du dagleg må fjerne fôr dyra ikkje vil ete, og sørgje for at eteplassen er rein, utan avføring, mugg, fukt eller anna møkk.

2. Gi dyra fri tilgang til reint drikkevatn

Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyr skal til kvar tid ha fri tilgang til reint drikkevatn. I tillegg skal drikkekar, vassbøtter eller vasskåler vere reine. Her er det ikkje nok å sjekke dei ser reine ut, då det lett dannar seg ein bakteriefilm på glatte overflater. Ein bakteriefilm eller er ein overlevingsstrategi for bakteriar, som gjer dei svært motstandsdyktige.

Biofilmar som du finn i vassrøyr eller vasskar, er som oftast ufarlige, men det kan gi fotfeste for andre smittestoff. Ein biofilm kan lett blir oppdaga dersom du dreg ein finger nedi botnen av drikkekaret/vasskåla. Du vil då kjenne ei glatt, nesten slimete hinne som har danna seg på overflata i karet. Denne lèt seg blir vaska bort med eit kost og rennande vatn. Her er det viktig å tenkje hygiene, og det kan derfor vere lurt å ha ein kost som du merkar godt, slik at du berre bruker denne kosten til å reingjere drikkekar. Frittståande vasskåler, flasker brukt til mjølk og liknande kan du gjerne bruke såpe i, i tillegg til kost. Hugs å skylje og tørke godt.

3. Forhindre at smittsame sjukdommar kjem inn i eller ut av fjøset

Opne bilete i eit nytt vindauge

Den beste måten å forhindre dette på er å bruke smitteslusa på ein korrekt måte, og dessutan at du hugsar å dusje og skifte klede dersom du skal inn i eit anna fjøs. Har du vore i utlandet, må du vaske klede og sko du hadde med på reisa, sjølv om du ikkje har vore i kontakt med husdyrhald der. Du skal òg vente 48 timar med å gå i eit husdyrrom.

Forhindre betyr å førebyggje. Om du veit at dyra kan bli utsett for ulike parasittangrep, må du setje inn førebyggjande tiltak. Parasittar eller snyltarar livnærer seg av dyret det har teke bustad i. Dyra får derfor ofte nedsett tilvekst og er lettare mottakelege for andre sjukdommar. Du må derfor vite når og korleis du førebyggjer eller behandlar mot parasittar på den enkelte arten.

4. Oppdage sjukdom/skade så tidleg som mogleg

Gjennom å vite korleis dyra oppfører seg når dei er friske, er det lettare å oppdage om dyra er sjuke eller skadd. Dersom du er det minste usikker på kor alvorleg sjukt dyret er, kan du først gjere helsesjekk og deretter ringje veterinær. Då kan veterinærane lettare avgjere om det er noko du sjølv kan gjere eller om veterinæren må kome for å gi dyret behandling.

5. Gjere tiltak som tek vare på det sjuke dyret

Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er alltid ansvaret ditt å sørgje for å gi dyret det det treng ved sjukdom eller skadde. Forutan å ringje til veterinær skal du sørgje for at dyret blir skjerma og sett i ein sjukebinge. Då vil du gi dyret ro og samtidig forhindre vidare smitte av ein eventuell smittsam sjukdom. Der skal dyret ha tilgang på reint vatn og mat. Det kan òg vere naudsynt å tilføre ekstra strø, slik at det er mjukt å liggje eller stå, eller ekstra varme i form av varmelampe eller eit pledd.

Dersom veterinæren har sett i gang ei behandling, kan det hendet at du må halde fram med å gi medisinar, anten gjennom munn eller i form av sprøyter. Du skal få grundig opplæring av veterinæren til dette, slik at du føler deg trygg på oppgåva. Dersom du er usikker, spør du veterinær eller ein kollega som har gjort det før, om hjelp.

6. Halde generelt god hygiene

Støvel som blir spylt med vasslange. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit møkkete husdyrrom blir smitta spreidd lettare. Du har derfor ansvar for å halde det generelt reint og ryddig. Smitteslusa må bli reingjort dagleg, og husdyrrommet skal kostast og vere ryddig. Når husdyra er på beite eller ved utskifting av dyr (til dømes fjørfe og gris), skal heile husdyrrommet bli vaska ned. Handhygiene skal alltid vere i fokus. I tillegg er det viktig at dyra er reine. Møkkete dyr som blir sende til slakt, har større sannsyn for å truge mattryggleiken enn reine dyr. Når dyra blir slakta, er det lettare at utvendig møkk kontaminerer (smittar over på) anlegget i slakteriet og kjøtet under slakteprosessen. I avføring finn du mellom anna E. coli, som kan gi alvorleg matforgifting.

Merking av dyr

Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle dyr som skal inn i matproduksjon, må merkast. Storfe, småfe og gris har øyremerke. På øyremerka står det eit femsifra individnummer og ein sjusifra dyrehalds-ID tildelt av Mattilsynet. Dei fleste hestar er chipmerkte og har pass eller helsekort. Rein blir merkte med snitt i øyret med eigaren sitt registrerte merke.

Produksjonar av fisk eller fjørfe er vanskelegare å merke då det er så mange individ. Ein fiskemerd eller eit hus med slaktekylling blir derfor sett på som ei eining, og helsetilstanden til besetninga blir bedømd som ein heilskap. Sjølv om flokken blir rekna som ei eining, skal sjuke enkeltdyr frå slike einingar ikkje blir sende til slakt, men blir plukka ut og anten behandlast eller bli avliva.

Formålet med merkinga er sporbarheit. Alle matproduserande dyr er registrerte i husdyrregisteret, og dersom eitt av desse eller ein heil flokk blir behandla med medisinar av veterinær eller bonden sjølv, blir dette rapportert inn. Det er fordi du til kvar tid skal vite kva dyr som har vore sjuke, kva sjukdom dei har hatt, og kva dei har vorte behandla med. Det skal òg vere mogleg å kunne spore eit dyr/kjøtstykke heilt tilbake til der dyret er fødd og oppvakse, dersom det skulle vere naudsynt, til dømes ved sjukdom, funn av medisinrestar eller andre feil.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst fleire alvorlege som gjer at vi har behov for sporing. For å ha kontroll på denne sporbarheita er òg dette nedfelt i forskrifter i eit strengt regelverk. Dette er fordi konsekvensane av å ikkje vite om dyret er sjukt, eller om det har medisinar eller andre kjemikalium i kroppen, har mykje å seie for mattryggleiken. Om du ikkje merker dyra dine, kan Mattilsynet krevje at dyra blir avliva slik at dei ikkje hamnar inn i matkjeda.

Tilbakehaldingstid

Alle medisinar har ei tilbakehaldingstid. Det betyr at det kan ta frå nokre timar til veker før medisinen er ute av anten egg, mjølk eller kroppen (kjøt). Då må dyret eller matprodukt frå dyret bli halde tilbake frå matkjeda fram til medisinen med sikkerheit er ute av dyrekroppen. Menneske skal ikkje konsumere produkt med restar av medisinar i, mellom anna for å forhindre antibiotikaresistens. Dersom du sender egg, mjølk eller dyr til slakt før tilbakehaldingstida er ute, blir dyret kassert (destruert), mjølka blir kasta og du kan få ei bot.

Tillaging av mat

Det hjelper lite om bonden, dyrebilsjåføren, slakteriet og butikkane har gjort sitt for å sikre mattryggleiken dersom du ikkje lagar maten på ein korrekt måte heime og har god hygiene på kjøkkenet. Er du usikker på om mat som har gått ut på dato, er trygg å ete, bruk sansane: sjå, lukt og smak. For å lære meir om mattryggleik på kjøkkenet kan du lese artikkelen Sjukdom frå mat og drikke (lenkje under).

Relatert innhald

Film og oppgåver som handlar om kvifor vi kan bli sjuke av mat, korleis mat kan bli bederva, og korleis vi kan unngå dette.


CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen og Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Dyrehelse