Hopp til innhald

Fagstoff

Helsesjekk av hest

Helsesjekk er viktig for å førebygge skadar og sjukdom, men er òg viktig ved ei eventuell behandling av hesten. Vi kan sørge for god hestevelferd når vi har god kunnskap om helsesjekk.

Helsesjekk

Dei fleste som kjenner hesten sin, skjønar fort når noko ikkje er som det skal. Når du dagleg undersøker helsa til hesten, ser du etter om noko har forandra seg. Gjer deg opp ei meining om kva du meiner er normal helse og åtferd hos hest. Snakk gjerne med erfarne hesteeigarar, og sjå på hestar som dei meiner er normale og friske.

Orda helsesjekk og blir brukt om kvarandre. Begge betyr å kontrollere helsetilstand til hesten.

Observer hesten

Når du kjem til hesten om morgonen, skal du ta deg tid til å studere han på litt avstand. Still deg sjølv spørsmål: Korleis er haldninga på hovudet? Heng hesten med hovudet og ser "lei seg" ut? Held han hovudet oppe og ser på deg? Verkar han som han er interessert i at du er der? Sjå på kroppen. Verkar han symmetrisk? Er noko forandra frå i går?

Kjenn på beina. Er dei like tjukke? Tek hesten støtte på alle fire beina, eller er det eit bein han ikkje vil trø heilt ned på?

Sjå på bakdelen til hesten. Er halen rein? Heng halen avslappa over endetarmsopninga, eller blir han halden litt oppe? Dersom hesten har diaré, er ofte halen og bakbeina tilgrisa. Ta deg òg tid til å sjå i boksen. Dersom det ligg avføring der, verkar ho heilt normal? Normal avføring hos hest ligg ofte i ein haug oppdelt i "pærer" eller klumpar på ca. 5–7 cm i diameter.

Har hesten ete og drukke?

Sjå også etter om hesten har ete opp maten frå siste fôring. Har hesten vatn i bøtte, sjå etter om hesten har drukke. Dersom det er drikkekar installert i boksen, sjekk det dagleg for å sjå at det verkar som det skal.

Sjekk hovudet på hesten

Auga skal vere klåre og blanke, det skal ikkje renne noko frå dei. Sjå på huda og augeloket rundt auget. Auga skal òg vere symmetriske. Dersom det er hevelse rundt eitt auge, kan det til dømes verke som det eine auget er mindre enn det andre. Sjå på sjølve auget. Det skal ikkje vere noko raudt å sjå. Trekker du nedre delen av auget ned, avdekker du slimhinna, som skal vere bleikrosa. Hesten bruker øyra mykje i kroppsspråket sitt. Øyrehaldninga kan ofte fortelje oss om korleis hesten oppfattar situasjonar rundt seg. Øyra skal verke tørre, det skal ikkje renne noko frå dei, og dei skal verke reine. Hesten skal ha høve til å bevege begge øyra.

Kjenn over hesten

Pelsen til hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekk heile overflata på hesten. Når du pussar hesten, kjenn etter hevelsar eller klumpar i huda. Kjenn over heile hesten, òg på magen. Finn du klumpar i pelsen, sjå etter om huda under verkar frisk. Frisk hud er mjuk å ta på, kjennest glatt, og hesten ser ikkje ut til å vere plaga av at du tek på staden. Er huda raud og varm, eller verkar fuktig og kanskje øm, må du undersøke ho nærare. Pelsen skal vere rein og skal ikkje flasse.

Rasping av tenner på hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjekk beina. Løft alle fire beina etter tur. Før du løftar for å kikke under hoven, ta deg tid til å kjenne over heile lengda på beinet. Det skal ikkje vere hevelse eller skorper i hud og pels. Huda skal vere utan sår eller raudleik. Sjå òg over utsida på hoven. Han skal vere heil og utan skade. Bruk ei hovskrape til å fjerne spon og smuss som har sett seg under hoven. Gammal skit som sit under beina, kan gi irritasjon og sår på undersida av hoven, og det er smertefullt og plagsamt for hesten.

Mål temperaturen

Normaltemperaturen til hesten er mellom 37,3 og 38,2 gradar celsius. Mål temperaturen i endetarmen på hesten med eit vanleg febertermometer. Mål temperaturen når hesten er i ro og har vore det ei stund. Det er normalt at temperaturen stig når hesten gjer noko fysisk, til dømes blir ridd på eller beveger seg fort på andre måtar. Ved å ta temperaturen på hesten dagleg, til dømes kvar morgon, gjer du to viktige oppgåver: Du venner hesten til å bli undersøkt, og du kan oppdage feber tidleg før hesten viser større teikn til sjukdom. Dette gir deg høve til å få behandle ein sjukdom tidleg, og samtidig er det mogleg å hindre eventuell smitte til andre hestar.


Kva skal vere klart til veterinæren kjem?

  • Grime og leietau. Dette bør alltid vere tilgjengeleg dersom det ikkje allereie heng på utsida av boksen.
  • Ein som kan handtere hesten på ein god og trygg måte. Vedkomande må ikkje vere redd for hestar. Det er ein stor fordel dersom personen òg kjenner hesten godt, og veit korleis han reagerer i forskjellige situasjonar.
  • Stelleplassen. Dette er ofte den beste staden for å undersøke hesten. Det er fint om det er mogleg å binde hesten, men dette kan vere farleg dersom han ikkje er vand til å vere bunden. Det bør vere godt lys der veterinæren skal undersøke hesten. Tenk alltid sikkerheit både for deg sjølv og for hesten. Dersom grimen og tauet på hesten skal festast til veggen, bør det vere ein metallring i veggen som er meint for dette. Festar du hesten til veggen, bør det alltid gjerast med ein sikkerheitsknute/-lykkje. Likevel er det best og tryggast at ein person som kan å handtere hestar, held han.
  • Ei bøtte med lunka vatn. Dersom hesten må behandlast – til dømes ved tannrasping – bør der vere ei bøtte med lunka vatn slik at veterinæren kan skylje utstyret som blir nytta. Det må òg vere mogleg for veterinæren å vaske hendene ein stad, og tørke seg på eit reint handklede.
  • Hovudlag. Dersom hesten skal mønstrast for veterinæren.
  • Helsekortet og helsepasset til hesten. Helsekort og hestepass viser medisinering og behandling, og veterinæren skal føre inn alle opplysingar om dette.

Kva kan du om visitering?

Hugselappen


Å visitere er å observere, kjenne og kontrollere heile kroppen til hesten. Det inneber å sjekke det følgjande:

  • temperaturen
  • pulsen
  • respirasjonen
  • åtferda
  • muskulaturen
  • beina
  • hovane
  • slimhinnene
  • blikket
  • utflod frå kroppsopningane
  • matinntaket
  • væskeinntaket
  • avføring og urin
  • hårlaga/pelsen


Mønstring kan også vere naudsynt ved visitering, for å vurdere

  • rørslemønsteret
  • om hesten er halt


Dersom veterinæren må tilkallast, trengst

  • grime, leietau og hovudlag
  • hestekyndig personell til å hjelpe
  • eigna stad å undersøkje hesten
  • tilgang til vaskeplass for veterinær og utstyr


Alle hestar skal ha

  • helsekort og hestepass
  • stallapotek

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm og Kristin Semb Gjerde.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2017

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget