Hopp til innhald

Fagstoff

Ferdsel med hest i trafikken

Å ferdast med hest i trafikken er risikofylt og krev både hestekunnskap og kjennskap til lover og reglar.
Hest og ryttar langs ein veg. Bak kjem ein bil i fart. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å ferdast med hest i trafikken krev både hestekunnskap og kjennskap til lover og reglar. Det finst inga aldersgrense for å ri hest. Det blir likevel tilrådd at unge som ferdast med hest langs trafikkert veg, er minimum 16 år eller ferdast saman med eldre ryttarar. Hest som blir ridd eller køyrd, er omfatta av trafikkreglar på lik linje med andre køyretøy i trafikken.

Viktig å hugse når du ferdast med hest i trafikken:

  • Tilrådd aldersgrense er 16 år.
  • Hestar er flokk- og fluktdyr.
  • Ver vaken og pass på.
  • Ri ein hest som passar ferdigheitsnivået ditt.
  • Ri/køyr i rekke langs veg.
  • Følg vegtrafikklova.
  • Ri/køyr/lei hest i vegbanen, på høgre side.
  • Ikkje bruk mobiltelefon mens du rir.
  • Sørg for å vere synleg.
  • Signaliser tydeleg kvar du skal.
  • Følg elles trafikkreglar som andre køyrande.

Hestekunnskap i trafikken

Den naturlege åtferda til hesten er prega av at han er eit flokkdyr og eit byttedyr. Som byttedyr kan han bli stressa og prøve å flykte viss noko verkar skremmande. Til dømes kan hesten oppleve ein plastpose som rører seg i grøftekanten, som eit rovdyr som er ute etter å ta han. Hestar reagerer dessutan lett på høge eller brå lydar. Om noko bevegar seg anten rett føre eller rett bak hesten, kan òg dette skremme han. Dette er blindsonene til hesten, der han ikkje kan sjå. Reaksjonane til hesten er ikkje alltid like lett å føresjå. Korleis hestar reagerer, er òg litt individuelt ut ifrå lynne og kor godt trena hesten er. Det er ein fordel å ri eller køyre godt skolerte hestar viss du sjølv ikkje har så mykje hesteerfaring. Ver alltid merksam når du ferdast med hest i trafikken. Ha kort nok taum til å kunne stoppe hesten umiddelbart om han skulle reagere på noko.

Flokkinstinktet gjer at hestane føretrekker å bevege seg saman med andre hestar. Langs trafikkert veg bør vi ri eller køyre i rekke etter kvarandre. Det bør vere ein erfaren hest og ryttar/kusk fremst og bakarst i rekka. Er rekka lang, bør vi dele ho opp slik at bilar får moglegheit til å køyre forbi. Skal rekka krysse ein veg, er det viktig at vi rir tett og at heile rekka kryssar samla. Viss ein hest blir igjen på motsett side av ein veg, kan han bli uroleg fordi han vil vere med flokken, og det kan skape farlege situasjonar.

Lov om vegtrafikk og ferdsel med hest i trafikken

Lov om vegtrafikk reknar hesten som eit køyretøy i trafikken, på lik linje med til dømes ein bil. Dette gjeld anten du køyrer, rir eller leier hesten. Du må derfor opphalde seg i vegbanen og følge trafikkreglane på same måte som når du køyrer bil.

Du kan ikkje ri på fortau og motorveg

Det er forbode å ri eller køyre på gang- og sykkelveg om ikkje heilt spesielle forhold tilseier noko anna. Nokre stader i landet blir ikkje denne lova så strengt praktisert. Om du av sikkerheitsmessige grunnar vel å ferdast med hest på gang- og sykkelvegar, må du ta spesielt omsyn til andre som ferdast der. Det er viktig at gåande og syklande føler seg trygge. Det er òg forbode å ferdast med hest på motorveg.

Synlegheit

Når du ferdast langs veg, er det viktig å vere godt synleg frå alle kantar. Ha refleks både framme og bak på hesten og på ryttaren. Køyrer du vogn, skal du ha raude trekantar med spissen opp bak på vogna. Dette viser andre trafikantar at dei nærmar seg eit saktegåande køyretøy. Du kan, men må ikkje, ha lys på vogna. Viss du vel å ha det, skal du ha raude lys bak og kvite framme. Om vinteren, frå 14. oktober til 14. april, skal hestar framfor vogn og slede bere bjølle. Dette er ein gammal skikk som framleis står i lovverket. Grunnen er at andre trafikantar skal høyre at hesten nærmar seg når det er snøføre og hovane ikkje lagar lyd.

Tre bilete som viser hest med refleksdekken og refleksband framme og på beina og ryttar med jakke med refleksband. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Signal

Sidan vi ikkje har lyssignal på hest, må vi nytte hendene for å signalisere kvar vi skal. Ei hand ut til venstre signaliserer at du skal til venstre. Å halde opp flat hand signaliserer stopp. Tek du handa flat opp og ned, betyr det "senk farten".

I denne presentasjonen ser du teikna vi nyttar i trafikken:

Vikeplikt

Du har vikeplikt for alle køyretøy som kjem frå høgre. Du har òg vikeplikt når du kjem frå gardsveg eller sideveg og skal inn på ein større veg som har forkøyrsrett. Du har dessutan vikeplikt for gåande i gangfelt og elles på fortau.

Bruk av mobiltelefon

Det er forbode å nytte mobiltelefon når du rir eller køyrer hest i trafikken. Ta likevel med mobiltelefonen på tur med hest. Telefonen er god å ha for å tilkalle hjelp om noko skulle skje. Hugs å slå av lyden og oppbevar telefonen i ei lukka lomme.

Om du skulle kome først til ein ulykkesstad, ring 113!

Alle har plikt til å hjelpe om dei kjem til ein ulykkesstad. Dette gjeld òg om du er ute med hest. Få oversikt, sikre ulykkesstaden, tilkalle hjelp, drive førstehjelp. Viss du har mistanke om at nokon er skadd, skal du ringe 113 så raskt som mogleg. Set telefonen på høgtalar. Dei som svarer, vil guide deg gjennom kva du skal gjere, og hjelpe deg med avgjerder undervegs. Dei vil òg gjennom samtalen med deg kunne avgjere om situasjonen krev at det blir sendt ut ambulanse og eventuelt andre nødetatar. Døme på ulykker du kan kome ut for, er at du eller ein venn fell av hesten, at de kjem over ein medvitslaus person på tur, eller om de er involverte i eller kjem først til ei trafikkulykke.

Refleksjonsoppgåver

  1. Kva tykker du om at ein ikkje har lov å leie, køyre eller ri hest på gang- og sykkelsti?
  2. Er det greitt å høyre på musikk i øyretelefon når ein rir?
  3. Kva gjer du om ein venn du rir på tur med, fell av hesten og tydeleg er skadd?
  4. Har det noko å seie korleis ein oppfører seg overfor andre trafikantar? Kvifor eller kvifor ikkje?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget