Hopp til innhald
Oppgåve

Rekneoppgåve – vedlikehald av hesteanlegg

Tid, areal og pengar er viktig innsatsfaktorar. Bruk tid på å berekne for å utnytte ressursane dine på best mogleg måte.

Oppgåve 1: Areal og gjerde

Du planlegg å setje opp ein luftegard til hest. Området du har sett deg ut, er 40 m breitt og 60 m langt (rektangulært).

  1. Kor stort areal får hestane å gå på? Gi opp svar i både m2 og dekar.
  2. Det er tilrådd at ein luftegard for hestar skal vere minst 0,8 dekar per hest. Kor mange hestar tenkjer du det er greitt å ha i denne luftegarden?
  3. Kor langt blir gjerdet?

Oppgåve 2: Pris

Du ønskjer å setje opp gjerde. Det skal bestå av gjerdestolpar i tre og brei straumtråd. Du sjekkar på nett og finn følgjande prisar:

Vare

Pris

Gjerdestolpar

79 kr per stykk

Isolatorar

3 kr per stykk

Straumtråd

340 kr for 200 meter tråd

Tauport med grindhandtak

179 kr per stykk

Set opp eit budsjett over kva materiala til gjerdet vil koste deg. Det skal vere 2,5 meter mellom kvar gjerdestolpe, to høgder med straumtråd og to portar.

Relatert innhald

Fagstoff
Vedlikehald av hesteanlegg

Arbeidet i ein stall består av meir enn berre arbeid med dyra. Både utstyr, bygningar og uteanlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald.