Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingar med fôring av hest

Fôring av hest er ei praktisk arbeidsoppgåve.
Tørrhøy. Foto.

Elevøving 1

Fyll 3 kg grovfôr i ein pose, til dømes i eit høynett eller ein Ikea-pose. Bruk vekt for å sjå at du får nøyaktig 3 kg. Kjenn godt på kor tung posen kjennest. Prøv deretter å fylle tre posar med så nær 3 kg du klarer å kome utan å bruke vekta. Etterpå kan du vege posane og sjå kor nær 3 kg du klarte å kome berre ved å vege fôret "i handa".

Det går an å lage ein konkurranse i klassen og sjå kven som klarer å kome nærast riktig vekt.

Elevøving 2

Fôr hestane i stallen etter oppsett plan. Ofte står det ein fôrplan på boksen til hesten, og på enkelte stallar finn du eit oversyn over kva alle hestane skal ha, på fôrrommet. Prøv å finne ut korleis du mest effektivt kan fôre hestane i den stallen du er.
Husk å følgje fôringsråda, desse kan du lese meir om i artikkelen med fôringsråd.

Elevøving 3

Finn ut kor mykje tørrstoff det er i det ensilerte fôret!

Du kan finne delen tørrstoff sjølv ved å ta 100 gram ensilasje frå ein rundballe og tørke det i omnen på temperatur 80–100 gradar. Det tek 10–15 timar å tørke grovfôret avhengig av kor fuktig det er. For å vere sikker på at det er heilt tørt, kan du ta ut tørrfôret og vege det med ein times mellomrom. Når vekta ikkje endrar seg mellom to vegingar, veit du at grovfôret er heilt tørt.

Veg det tørka fôret 40 gram, veit du at tørrstoffprosent i denne rundballen er 40 %. Den resterande delen av vekta, 60 gram, var vatn som no har fordampa. Veg det tørka grovfôret 60 gram, er det 60 % tørrstoff i fôret og så vidare.

Du kan gjere same øving i mikrobølgjeomn, dette går fortare, men det er ein fare for at grovfôret tek fyr når det blir heilt tørt. Veg derfor fôret kvart minutt og senk effekten på oppvarminga utover i prosessen.

Relatert innhald

Fordøyingssystemet til hest er tilpassa jamn tilgang på gras. Her tek vi føre oss åtte konkrete fôringsråd som hjelper deg å halde hestane friske.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget