Hopp til innhald

Fagstoff

Stell av hest

Dagleg stell av hesten er ein del av arbeidsoppgåvene til fagarbeidaren. Stellet gjer ikkje berre hesten rein. Du bidreg òg til å dekkje behovet hesten har for sosial kontakt og velvære, og du kan oppdage og førebyggje helseproblem.
Hanskekledd hand med rundbørste på hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med å stelle eller strigle hest meiner vi å børste med børstar, reingjere hovar og gjere ein enkel helsesjekk av heile hesten. Dette gjer vi normalt før og etter trening av hesten. Men òg hestar som ikkje blir trena, treng jamleg stell.

Kvifor stelle hesten?

  1. helsesjekk – lett å oppdage om noko er unormalt
  2. kommunikasjon med hesten – naturleg åtferd for hesten, knyter band og aukar tillit
  3. reingjering – hindrar gnaging frå utstyr og får hesten til å sjå bra ut

Grundig strigling – rekkjefølgje

  1. Rundbørste/massasjebørste blir nytta i sirkelrørsler på dei muskulære delane av hesten. Løftar opp døde hudceller og bringar skit og støv til overflata. Masserer òg musklane til hesten og set i gang blodsirkulasjonen.
  2. Man- og halebørste greier ut flokar i man og hale og fjernar eventuelt støv og flis.
  3. Stivbørste/rotbørste. Børst i same retning som hårlaget til hesten. Blir nytta til å fjerne skit og støv frå overflata til pelsen. Han er òg godt eigna til å få av storkna søle på beina.
  4. Finbørste/kardarsk er ein mjuk børste med tett bust. Blir nytta i same retning som hårlaget til hesten. Han gjer hesten blank. Finbørsten kan òg bli nytta på hovudet til hesten og stader der hesten er ømfintleg.
  5. Hovkrok/hovskrape blir nytta til reingjering av hovar.
  6. Svamp eller våtserviettar nyttar vi for å vaske auge og nesebor for støv. Sjekk munnviker for matrestar eller sår.

Gå gjennom presentasjonen under for å sjå bilete av dei ulike reiskapane som blir nytta til stell av hest:

Tryggleik

Det sikraste er å binde opp hesten når han blir strigla. Bruk eit kort tau og grime, slik at hesten ikkje kan surre tauet rundt halsen eller tråkke på det. Ein panikk-krok eller tryggingsknute gjer det mogleg å få hesten laus raskt om han skulle få panikk. Den som steller hesten, bør nytte solide sko. Når ein leiger hest, kan det vere ein ekstra tryggleik å ha på hanskar.

Gå gjennom presentasjonen under for å sjå bilete av utstyr som blir nytta for oppbinding av hest:

For å hindre spreiing av sjukdom bør kvar hest ha sine eigne børstar. Desse blir gjerne oppbevarte i ei bøtte eller striglekasse. Reingjer børstane for støv og hår undervegs og til slutt i arbeidet. Dette kan vi gjere ved å nytte rundbørsten eller ei skrape. Med jamne mellomrom kan vi vaske børstane ved å ha dei i varmt såpevatn og deretter skylje dei godt.

Helsesjekk

Å visitere hesten betyr å sjekke helsetilstanden til hesten. Ein enkel versjon av visitering gjer vi gjerne som ein del av det daglege stellet av hesten. Mens du børstar, bør du kjenne over hesten med handa – pass på at du har teke av deg hansken. Ting du skal vere obs på, er om hesten senkar ryggen når du tek på han, om han har hevelsar eller sår, om enkelte musklar er veldig harde og stive, eller om éin fot er varmare enn dei andre. Før trening er det viktig å ha kontroll på faktorar som kan påverke treninga, og etter trening er det viktig å sjekke om treninga kan ha påført hesten skadar eller ubehag. Har du mistanke om at noko er gale, må du vurdere å setje i gang vidare undersøkingar og/eller tiltak. Er du usikker, er det viktig å spørje om råd.

Kommunikasjon med hesten

Hestar i naturen nyttar mykje tid på å stelle kvarandre. Dette er viktig for å binde flokken tettare saman. Det skaper ro og harmoni. Forsking viser at hormonproduksjonen blir endra når eit menneske stryk på eit dyr, både hos mennesket og hos dyret. Eitt av resultata for menneske er at dei blir flinkare til å lese kjensler og dermed kan kommunisere betre. Forsking på stell av hest viser av stressnivået til hesten blir lågast om den som striglar, er merksam på signala til hesten og tek omsyn til behova til hesten undervegs i stellet. Til dømes viss hesten liker å bli klødd ein spesiell stad, då bør ein ta seg tid til å gjere dette grundig. God kommunikasjon aukar dyrevelferda og gjer det lettare å lykkast med treningsøkta.

To jenter steller ein hest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reingjering

Gut som står ved sida av ein hest. Han jobbar med å vaske hesten. Hesten er bunden opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å stelle hesten handlar òg sjølvsagt om å få hesten rein. Døde hudceller, lause hår, støv og søle kan skape gnagsår frå utstyret hesten nyttar under trening. Vi ønskjer òg at utstyret vi nyttar på hestane, skal haldast så reint som mogleg. Vi kan seie at reingjering av hest har med skikk og bruk å gjere. Vi ønskjer å presentere reine og blanke hestar, og det blir ofte sett på som eit teikn på godt hestehald. Det finst eit par triks som gjer at hesten skin ekstra. Vi kan til dømes nytte litt babyolje som vi smør rundt auge og mule, litt hovolje på reine hovar og ein spraybalsam i man og hale.

Kva når du har det travelt?

Det grundige stellet som er beskrive over, treng ikkje ta så lang tid. Men arbeider du under tidspress, kan du redusere stellet til å kjenne over hesten, børste med rotbørste og reingjere hovar. Det viktigaste er då å vite at hesten ikkje har nokre skadar, og å sørgje for at det er reint der utstyret skal liggje.

Refleksjonsoppgåver

  • Kva er fordelar og ulemper ved å ha hesten laus mens du steller han?
  • Kor lang tid trur du at du nyttar på grundig stell? Kva faktorar kan forlengje tida?
  • Kvifor er det viktig å gjere klar utstyret du skal nytte, før du byrjar å stelle hesten?
  • Kva tenkjer du viss du kjem til ein rideskule der hestane verkar ustelte?

Kjelde

Bref, S. (2020, 28. desember). Forskingskollen: Vi borda bry oss om vad hästen tycker när vi ryktar. Hippson. https://www.hippson.se/artikelarkivet/forskning/forskningskollen-vi-borde-bry-oss-om.htm

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget