Hopp til innhald

Fagstoff

Tilvenning til beite

Om sommaren har vi i Noreg rikelege mengder med grønt, friskt gras. Dette er sunt og godt for hesten, og det er vanleg å gi hestane ein liten ferie på sommarbeite.
Fem brune hestar som går ute på eit beite. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebuingar

Før hesten blir sleppt på beite, trengst det nokre førebuingar av både hesten og beitet. Hesten må vennast til å ete gras, for å førebyggje plager ved overgangen, han må få vaksine og kanskje ormekur, og vi må sørgje for rett hovpleie.

Tilvenning til gras

Dietten på sommarbeite er ganske annleis enn den mange hestar har resten av året. Overgangen frå grovfôr og kraftfôr til grønt, freistande gras er ganske stor. Nokre hestar toler overgangen bra, mens andre hestar kan få problem som kolikk, forfangenheit eller andre lidingar. Det er viktig å ta seg god tid til å venne hesten til graset.

Lidingar direkte knytte til brå fôrovergang

Nærbilete av smørblomst. Foto

Det er fleire lidingar vi er redde for i overgangen til beitesesong. Hovudårsaka er at hestar ofte et meir enn dei treng av næringsrikt gras. Som ved alle andre fôrovergangar der mikrolivet i tarmen må vennast til ny kost, kan for brå overgang føre til kolikk.

Foreting på kraftig vårgras kan òg i nokre tilfelle føre til forfangenheit. Forfangenheit er ein betennelsestilstand i lamellane som held hovbeinet saman med hovveggen. I alvorlege tilfelle vil hovbeinet losne og rotere. Ein forfangen hest vil synast det er svært smertefullt å stå og gå. Han vil typisk stå og lene seg bakover med frambeina strekte framover. Feber er òg eit symptom.

Allergiske reaksjonar kan òg oppstå når hesten skal ut på beite. Nokre hestar et planter dei ikkje toler så godt, som brennesle og smørblomster (engsoleie). Dette kan føre til ein hudreaksjon i form av elveblest. Elveblest er hevelsar i huda. Desse kan klø, men ikkje alltid.

Ved mistanke om at ein hest har ei av desse lidingane, skal du ta kontakt med veterinær for diagnose og behandling.

Denne biletkarusellen viser bilete av hestar med elveblest.

Andre lidingar

I tillegg til lidingar på grunn av fôrskifte, er det òg meir vi må vere obs på når hesten skal på beite. For nokre hestar fører allergi mot knottbit til sommareksem, noko ein som hesteeigar òg må vere merksam på når hesten skal ut på beite. Hestar som reagerer på insektbit, kan vi hjelpe ved å nytte insektspray og eventuelt ha på dekken. Hesteeigarar bør òg vere førebudde på at hestane kan bli solbrente. Hestar som manglar pigment i huda (spesielt kvite hestar eller hestar med kvite avteikn), kan trenge vern mot sola i form av solkrem.

Vaksine og ormekur

Før beiteslepp må vi sjå til at alle hestane er vaksinerte mot influensa og stivkrampe. Når det gjeld vern mot innvollsparasittar (orm), er det fleire ting vi gjere. Unge hestar bør ha ormekur minst ei veke før beiteslepp, og vi må vurdere i samråd med veterinær om eldre hestar skal ha det. Det kan vere uheldig å gi feil type eller for mykje ormekur, fordi parasittane blir resistente (byrjar å tole og overleve ormekurane).

Hovpleie / ta av sko

Når hestane skal på sommarferie, går dei i fleire veker utan hovstell. Nokon går heile sommaren. Det er derfor viktig å leggje inn trimming og pleie av hoven rett før hesten blir sleppt på beite, slik at hoven ikkje blir altfor lang før hesten kjem inn igjen. Mange hesteeigarar vel å ta av skoa før dei slepper hesten på beite. Hestane går gjerne saman i flokk. Nokre gonger blir dei sette saman med hestar dei ikkje kjenner så godt frå før, og då kan det bli litt krangling og noko sparking til rangordninga er etablert. Ein skodd fot vil skade meir enn ein uskodd ved spark. På beite er det òg lett å miste sko, eller skoen kan bli øydelagd eller vridd. I verste fall kan hesten skade seg på ein øydelagd sko. Det er rett og slett tryggare å la hesten gå utan sko. Dei fleste hestar toler godt å gå utan sko, men nokon har dårlege hovar og må ha sko for vern.

Klargjering av beite

Storleiken på beitet bør vere tilpassa talet på hestar som går der, slik at det er nok mat til alle. Eit estimat er at du treng minst 6 dekar per hest. Viss det er utmarksbeite, treng du meir. Når du sjekkar beitet før du slepper hestar der, bør du først gå over alle gjerde. Gjerda bør vere heile og stramme og utan spikar eller anna som står ut. Det er ikkje lov å ha piggtråd på eit hestebeite, så eventuelle restar etter dette må fjernast. Vi bør òg gjerde inn moglege farar, som gamle brønnar, skrothaugar eller liknande, for å hindre at hestane kan skade seg. Beitet må ha ein eller fleire sikre vasskjelder. Ver obs på at ikkje alle hestar drikk av naturlege vasskjelder som bekkar og dammar. Beitet bør ha område der hesten kan søkje ly ved kraftig sol, vind eller regn. Naturleg ly som tre, eit berg eller liknande er tilstrekkeleg på sommarbeite. Har ikkje beita naturleg ly, bør det setjast opp eit skur med tak og leveggar.

Vi deler ofte type beite i innmarksbeite og utmarksbeite. Det er lurt å ha ein strategi for beiting. Anten slepper ein alle hestane på eit større område, eller ein kan gjerde inn fleire område og rullere på beita gjennom sommaren. På innmarksbeite er det vanleg å gjødsle før hestane blir sleppte. Vi må då ikkje nytte hestegjødsel, på grunn av parasittar. Nyttar vi annan husdyrgjødsel, bør beitet bli gjødsla tre veker før beiteslepp. Viss vi nyttar kunstgjødsel, held det å gjødsle nokre dagar før hestane blir sleppte viss det regnar i mellomtida.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget