Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekneoppgåve – innkjøp av grovfôr

Øv deg på å tenkje økonomi når du handlar inn fôr til stallen.
Hestar går utandørs og et grovfôr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du jobbar på ein stall med 10 hestar. Kvar hest får i gjennomsnitt 12 kg høyensilasje per døgn. Du får i oppgåve å handle inn rundballar for den delen av året hestane ikkje står på beite. I dette tilfellet er det snakk om perioden frå 15. august til 15. juni.

Oppgåve 1. Rekn ut talet på rundballar

Du finn ein forhandlar som meiner rundballane hans veg omtrent 600 kg per balle i år. Kor mange rundballar treng du?

Oppgåve 2. Rekn ut kostnaden for fôret

Bonden tek 4 kr per kg for høyensilasjen. Kor mykje kjem fôret til å koste?

Oppgåve 3. Kor mykje dyrare under fôrkrise?

Året etter er det tørke og fôrkrise. Forhandlaren seier han likevel kan levere deg fôret, gitt at du betaler 8 kr per kg. Kor mykje meir vil det koste per hest, per månad?

Utrekning oppgåve 1 og 2

Oppgåve 1. Talet på rundballar
Først må vi finne ut kor mange kg fôr vi treng. Vi må multiplisere gjennomsnittleg tal på kg høy per hest og per dag (kg/hest/d) med talet på hestar og med talet på dagar.

12 kg/hest/d·10 hest· 30 d·9 =32 400 kg

Ved å nytte nemninga "kg/hest/d", kan vi nytte nemninga "hest" på talet på hestar og "d" på talet på dagar (døgn) og sjå at svaret kjem ut i kg. (Kvifor gjer det det?)

Så må vi finne ut kor mange rundballar på 600 kg vi treng for å kome opp i 32 400 kg. Det gjer vi ved å dividere tala på kvarandre. Nemninga på rundballevekta skriv vi som "kg/rundballe" fordi det er 600 kg per rundballe.

32 400 kg600 kg/rundballe=54 rundballe

Du må kjøpe 54 rundballar.

Oppgåve 2. Fôrkostnad

Her må vi multiplisere prisen per kg (kr/kg) med talet på kg vi skal kjøpe.

4 kg· 32 400 kr/kg=129 600 kr

Prisen for grovfôret blir 129 600 kr

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget