Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Kløving med hest

I dette arbeidsoppdraget skal du lære ferdigheiter som gjer deg i stand til å planleggje og gjennomføre ein tur til fjells med hest.

Vi skal ta omsyn til vêret, terrenget og til både hesten og turdeltakarane sine føresetnader og utstyr.

Dette skal vi gjere:

  • vere to dagar på fjellet med hestar
  • overnatte i telt eller lavvo
  • finne eigna veg i terrenget
  • finne ein eigna stad for overnatting og for beite til hestane
  • jobbe saman i grupper for å løyse praktiske oppgåver
  • lære om å pakke og tilpasse kløv, ha med kløvhest og ri med hest i variert terreng
  • ta vare på tryggleiken for hestane og turdeltakarane

Alle tek med:

  • klede, klesskift
  • ridehjelm
  • sko som er eigna til å gå i fjellet med
  • sko/støvlar som er eigna til å ri med
  • sovepose, liggjeunderlag
  • toalettsaker
  • turkopp/drikkeflaske
  • godt humør!

Før turen:

  • lese vêrmeldinga og ta omsyn til ho
  • planleggje turmål, lese kart og vurdere terrenget
  • vurdere kor mykje kløvhestane kan bere
  • vurdere kor langt vi kan gå ut frå terrenget, og kvar det er beite og vatn for hestane
  • saman med læraren: vurdere kva hestar som skal vere med på turen, kva hestar som er rutinerte kløvhestar, og kva hestar som eventuelt skal bere ryttarar
  • sjå over utstyret til hestane
  • pakke førstehjelpsutstyr
  • saman med læraren: vurdere om hestane skal nytte heller, tjor eller om vi skal frakte med transportabelt gjerde
  • berekne mat til alle deltakarane
  • pakke fellesutstyr i kløv
  • pakke salvesker
  • læraren: gå gjennom ulike måtar å føre kløvhest i forskjellig terreng på

Læraren sørgjer for:

  • kart og kompass
  • mat for heile gruppa
  • kokeutstyr, inkludert ev. bestikk og fat
  • utstyr til hestane
  • telefon/satellitt-telefon dersom området er utanfor dekning
  • førstehjelpsutstyr

Undervegs på turen:

  • lage leirplass
  • lage mat
  • lage gjerde / plassere hestane for beiting, sørgje for at hestane får vatn
  • visitere hestane før og etter etappane
  • om natta: nattevakt/tilsyn med hestane

Vurdering

Etter turen skal du lage ein samansett tekst.

Du skal presentere kva du har lært gjennom dei to dagane, og korleis du opplevde turen som aktivitet.

Faglæraren og norsklæraren utarbeider felles vurderingskriterium for teksten, formell vurdering med karakter.

Lær om samansette tekstar (NDLA).