Hopp til innhald

Fagstoff

Vedlikehald av hesteanlegg

Arbeidet i ein stall består av meir enn berre arbeid med dyra. Både utstyr, bygningar og uteanlegg treng jamleg tilsyn og vedlikehald. I arbeidet med daglege rutinar på eit hesteanlegg er det viktig å setje av tid til vedlikehald.
 Ei kvinne tørkar av ein drikkeautomat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved å ta vare på anlegg og utstyr aukar du tryggleiken for alle som ferdast der, og vi får ein trivelegare arbeidsplass for både menneske og hestar. Du vil dessutan spare pengar, fordi investeringar vil vare lenger. Mindre innkjøp av nye ting fører òg til mindre belasting på klima og miljø.

Godt vedlikehald fører til

  • betre økonomi
  • berekraftigheit
  • god HMS (helse, miljø og sikkerheit)

Viktige stikkord:

  • Set av nok tid til vedlikehald av bygningar og utstyr.
  • Ha ein vedlikehaldsplan.
  • Ferdigheiter som å kunne snikre, måle, sy og gjere andre reparasjonar er nyttig.
  • Tilkall hjelp om det er noko du ikkje kan gjere sjølv.

Vedlikehaldsplan

Det er lurt å ha ein plan, til dømes ein kalender eller eit årshjul, der vi sikrar at vi har jamleg tilsyn og vedlikehald på alle delar av anlegget. Vedlikehald kan bestå av at du reingjer og kontrollerer, skiftar ut eller pussar opp om det er delar som er slitne.

Døme på område som treng jamleg vedlikehald:

  • ridebanebotnar
  • drikkekar og kraner
  • sluk og avløp
  • takrenner og dreneringsgrøfter
  • gjerde (nokre hestar gneg på tre, isolatorar går i stykke, straumtråd kan bli slakk eller sliten)
  • treningsutstyr (saltøy, selar, dekken, vogner og så vidare)
  • tekniske installasjonar (skrittemaskin, kompostkvern og liknande)
  • hindermateriell
  • brannvarslings- og sløkkingsutstyr
  • ventilasjon i bygningar
  • måling på bygningar
  • dekke på gardsplass og i luftegardar (grus, asfalt, gras eller liknande)
  • gjødselhandtering
  • stoffkartotek (dette skal omfatte alle dei helsefarlege stoffa som blir handterte i verksemda)
  • stallapotek

Hesteanlegg

Trykk på symbola på biletet og finn ut kva slags bygningar og innretningar det er på dette hesteanlegget.



Kven utfører vedlikehaldsarbeidet?

Nokre av vedlikehaldsoppgåvene kan alle bidra med, mens andre krev meir spesialisert arbeidskraft. Må du leige inn hjelp til vedlikehaldsarbeid, er dette meir kostbart enn om du kunne gjennomført det sjølv. Ferdigheiter som å kunne handtere verktøy, måle og sy og gjere andre former for reparasjonar kjem derfor godt med om du ønskjer å jobbe på eit hesteanlegg.

Refleksjonsoppgåve

  1. Kvifor er vedlikehald av hesteanlegg viktig?
  2. Korleis kan vedlikehaldet vere berekraftig?
  3. Korleis kan godt vedlikehald bidra til betre folkehelse?
  4. Kva trur du kan gå gale viss vedlikehaldet på hesteanlegget ikkje blir utført over ein lengre periode?
  5. Gi døme på når du ville kontakta nokon andre for å få hjelp til ei vedlikehaldsoppgåve. Kven ville du kontakta, og kvifor?

Fordjupingsoppgåve

Lag ein kalender eller eit årshjul som viser fordelinga av vedlikehaldsoppgåver gjennom eit heilt år for eit hesteanlegg. Dette kan anten vere eit hesteanlegg du kjenner, eller ein draumestall.

Relatert innhald

Det finst ei godkjenningsordning for hestebedrifter: Bransjestandard hest. Her fortel Øystein Bakken frå Norsk Hestesenter om ordninga.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget