Hopp til innhald

Fagstoff

Fôring av hest

Hestar som lever fritt i naturen, vil bruke 16–18 timar i døgnet på å beite. Fordøyingssystemet er derfor tilpassa jamn tilgang på gras.
 Fire hestar som et grovfôr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi har hestar i fangenskap, gir vi hestar grovfôr i form av gras, høy eller ensilert gras. I tillegg er det vanleg å gi kraftfôr i form av korn, pellets eller müslifôr. Her tek vi føre oss åtte konkrete fôringsråd som hjelper deg med å halde hestane friske.

Hugseliste for fôring av hest


Vatn
Sørg alltid for at hesten har god tilgang på reint vatn.
Grovfôr
Fôr nok grovfôr, minst 1,5 kg tørt høy per 100 kg kroppsvekt.
Kvalitet
Bruk berre fôr av god kvalitet. Unngå støv og mugg.
Kraftfôr
Unngå å fôre for mykje kraftfôr, maks 0,4 kg per 100 kg hest per måltid.
Fôr tilpassa type og bruk
Fôr tilpassa typen og aktivitetsnivået til hesten.
Fôringsrutinar
Ha ein fast fôringsrutine, fôr ofte og lite.
Gradvis fôrskifte
Skift fôr gradvis.
Rutine for helsesjekk
Pass på å ha gode rutinar for å sjekke helsa til hesten

1. Vatn

Vassbøtte som blir fylt. Foto.

Hestar drikk normalt rundt 20 til 40 liter vatn i døgnet, men fort mykje meir om det er varmt eller dei blir hardt trena. Forsøk viser at hesten drikk meir om vatnet han får, er heilt reint. For at fordøyingssystemet skal fungere godt og maten skal gli lett gjennom matrøyr, mage og tarmar, er det viktig at hesten har fått i seg nok vatn. Det er derfor spesielt viktig å sjekke at hesten har tilgang på vatn før du fôrar. I verste fall kan manglande vasstilgang føre til forstoppingar og kolikk.

2. Grovfôr

Grovfôr er hovudnæringa til hesten. Grovfôr er fôr laga av engvekstar. Gras på beite, tørka gras som vi kallar høy, og som vi anten har i plastpakka balle eller teke vare på i silo. Når vi , kan vi anten pakke graset utan tilsetjingsstoff eller tilsetje ensileringsmiddel. Grovfôr utan ensileringsmiddel er det som er vanlegast å gi til hest.
Meir om korleis vi konserverer engvekstar finn du i artikkelen Dyrking av eng og fôrvekstar.

Tørrstoff (TS)

Det er den tørre delen av fôret som er næring for hesten, dette kallar vi (TS). Resten av grovfôret er vatn. Ein hest bør ha minimum 1,5 kg TS per 100 kg kroppsvekt. Det vil seie at ein hest på 500 kg bør ha minimum 7,5 kg TS.

Det tørraste grovfôret er tørt høy. Dette har typisk rundt 85 prosent tørrstoff. Gras kan vere fuktig og har derfor ein låg tørrstoffprosent, men det kan òg silo og ensilasje ha om det er pakka når graset er fuktig.

Tabellen under viser kva tørrstoffprosent som er vanleg for dei ulike grovfôrtypane.

tørrstoff i ulike typar grovfôr

Type grovfôr

TS i prosent

Friskt gras

20–25 %

Silo

20–75 %

Ensilasje, fuktig

25–50 %

Ensilasje, tørr

50–80 %

Tørt høy

>85 %

Tabellen viser korleis ulike former for grovfôr inneheld ulik mengde tørrstoff (TS) og kor mykje dette minimumet svarer til i kilo fôr per 100 kg hest og per 500 kg hest.

omrekning av tørrstoffinnhald i grovfôr frå prosent til masse

TS i prosent

Tørrstoff i gram per kg grovfôr

Mengde grovfôr per 100 kg hest

Mengde grovfôr per 500 kg hest

20 %

200 g

7,5 kg

37,5 kg

25 %

250 g

6 kg

30 kg

30 %

300 g

5 kg

25 kg

40 %

400 g

3,8 kg

19 kg

50 %

500 g

3 kg

15 kg

60 %

600 g

2,5 kg

12,5 kg

70 %

700 g

2,1 kg

10,5 kg

80 %

800 g

1,9 kg

9,5 kg

90 %

900 g

1,7 kg

8,8 kg

Næringsinnhald

Grovfôr av same type (rundballar med høyensilasje) kan ha ulikt innhald av næringsstoff. Dette kjem an på samansetjinga av gras og urter i enga der graset vart slått. Det avheng òg av når på året graset vart slått, og dessutan vêret på slåttetidspunktet. Du kan sende inn grovfôr til analyse for å få vite nøyaktig innhald av næringsstoff i grovfôret. Vi har eit system som sorterer grovfôr på ein skala frå H1, som er det mest næringsrike grovfôret, til H5, som er grovfôr med lågt næringsinnhald. Det er ein fordel å velje grovfôr med ein som passar hesten din. Til dømes passar det ofte med H1 eller H2 til hestar i hardt arbeid og hopper med føl, mens ein ridehest i lett arbeid kanskje bør ha H3 eller H4. Skal du finne ut kor mykje grovfôr du skal gi hesten din, må du òg ta omsyn til kor næringsrikt grovfôret er. Har du grovfôr med lågt næringsinnhald (høg H-verdi), kan du gi fleire kilo enn om du har eit grovfôr med høgare næringsinnhald.

Rundballe eller høy?

Rundballe pakka i kvit plast. Foto.

Tradisjonelt har det vore vanleg å føretrekke fôr med høg tørrstoffprosent til hest. Dette kan nok ha å gjere med at det er lettare å handtere og ikkje frys om vinteren. I forsøk der hestane sjølv har fått velje, viser det seg at dei føretrekker saftigare fôr framfor høy. På større stallar er det vanleg å fôre med rundballar. Ein rundballe kan vege 500–800 kg. Det er derfor vanskeleg å flytte dei manuelt. Når ein rundballe er opna, kan han byrje å rotne, det er derfor viktig at hestane ikkje får ete av han i for lang tid etter at han er opna. Kor lang tid ein kan nytte ein rundballe etter opning, avheng mellom anna av temperatur. Er det varmt og fuktig vêr, kan det ta berre 3–4 dagar før fôret blir ueigna som hestemat fordi det byrjar å rotne. Mindre stallar vel ofte å fôre med høy i firkantballe. Desse veg oftast 12–15 kg og er lettare å handtere. Du slepp òg å tenkje på at fôret må etast opp innan ei viss tid etter at ballen er opna.

Halm

Halm er strå frå korn. Det har låg næringsverdi, og det kan derfor diskuterast om det kan kallast fôr. Halm blir til dømes fôra i år der det er dårleg produksjon av gras. Det kan òg fôrast til hestar som et raskt og ikkje treng så mykje næring, dei såkalla "lettfôra" hestane, slik at dei har noko å tygge. Tygging gjer hestane rolegare og meir tilfredse. Ved fôring med halm er det havrehalm som hestar liker best. Det er viktig å ikkje fôre med meir halm enn halvparten av grovfôret. Grunnen er at halm er fiberrikt og tungtfordøyeleg, og i for store mengder kan det føre til forstoppingskolikk.

3. Grovfôrkvalitet

Lukt og observer grovfôret nøye før du fôrar. Fôr som er pakka eller lagra feil, kan mugne. Det kan òg bli med element som ikkje skal vere i ein rundballe under pakking, som søppel, døydde dyr, leire og støv. Finn du døde dyr, skal du kaste alt fôr som har vore i nærleiken av dette! I slikt fôr kan det utvikle seg botulismebakteriar som gir frå seg ei livsfarleg gift for hestar.

4. Kraftfôr

Kraftfôr er ei fellesnemning for "kraftig" fôr. Dette er fôrtypar som inneheld meir energi og/eller protein enn grovfôr. Kraftfôr kan vere reint korn, eller det kan vere pellets eller müslifôr som er produsert spesielt for å gi hesten det han treng av energi, vitamin og mineral. Havre er eit kornslag som tradisjonelt har vore brukt mykje til hest i Noreg. I dag er det vanlegare med spesialutvikla kraftfôr. Du kan kjøpe kraftfôr spesiallaga til å dekke behovet til hobbyhestar, konkurransehestar, gamle hestar, avlsdyr, føl og så vidare.

5. Fôr tilpassa type og bruk

Hestens fôrplan bør tilpassast aktivitetsnivået til hesten og type. Å betyr å fôre ein hest som ikkje er i trening eller treng energi på nokon måte. Om hesten treng ekstra energi, må vi auke fôrmengda. Ein hest treng ekstra energi til dømes når det er kaldt vêr, når han blir trena, når hoppa er drektig eller har diande føl, og når unghestar er i vekst. Vi må ta omsyn til typen til hesten når vi bestemmer fôrmengde. Til dømes blir ponniar og kaldblodige hesterasar rekna som lettfôra samanlikna med edlare hesterasar. Dei edle hesterasane treng altså meir fôr for vedlikehald. Det er òg individuelle forskjellar. Rolege hestar bruker ofte mindre energi og treng dermed mindre fôr enn høyenergiske hestar. Ein stor hest treng som oftast meir fôr enn ein liten hest. Det finst dataprogram der vi kan legge inn informasjon om hesten og få forslag til fôrplan. For å bruke eit slikt dataprogram eller app, må vi på førehand sørge for å ha klar opplysingar om typen til hesten, kjønn, alder, vekt og kor hardt han blir trena.

Når ein hest som blir trena, skal ha fri ein eller fleire dagar, er det viktig å redusere fôrmengda dei dagane han har fri. Gløymer vi det, aukar sannsynet for lidingar som kolikk og krysslamming.

6. Fôringsrutinar

Når hesten ikkje kan gå og grase jamt gjennom dagen som han gjer på beite, er det viktig at du sørger for å fordele måltida jamt gjennom døgnet. Jo fleire måltid, jo betre. Hesten har det best både fysisk og psykisk om han blir fôra ofte med små måltid. Fôrar vi manuelt, avgrensar det seg noko kor ofte vi har tid til å fôre. Fire måltid i døgnet er normalt. Har vi fôrautomat, kan hesten få mat oftare. Fôrautomat på utegang les av ein chip som hesten har festa i grime eller halsring. Fôrautomat som står i boks, fordeler fôret til faste tider. Det er tilrådd å gi grovfôret før du gir kraftfôr. Grunnen er at det å tygge grovfôret set i gang spyttproduksjonen. Spyttet gjer at fôret glir lettare ned i matrøyret og skaper gode vilkår for sunn fordøying vidare gjennom fordøyingssystemet. Tørt kraftfôr kan i verste fall skape matrøyrforstopping hos hestar som er svoltne og et for fort.

Tabellen under er døme på ein fôrplan for ein hest som blir halden på stall og er i jamn trening. Hesten heiter Lady og er ein norsk varmblods ridehest. Ein slik fôrplan heng ofte på boksdøra til hesten for å sikre at hesten får det fôret han treng.

døme på fôrplan

Morgon

Lunsj

Middag

Kveld

Høyensilasje (kg)

2

2

5

5

Kraftfôr – Diamant (l)

0,5

1

0,5

Tilskot – salt (ml)

30

Ung gut veg opp fôr til hestar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

7. Gradvis fôrskifte

Hestar klarer å hente næring nok til å overleve frå gras og urter. Grunnen til at fordøyingssystemet klarer å fordøye graset, er at det finst store mengder bakteriar og mikroorganismar i tarmane hos hesten som hjelper til med å bryte ned cellulosen i fôret. Hesten er heilt avhengig av desse for å klare å nyttiggjere seg næringsstoffa i maten. Mikroorganismane er avhengige av jamn tilgang på relativt likt fôr for å overleve. For å ikkje forstyrre organismane i tarmane må du vere nøye med å tilføre nye typar fôr gradvis. Ei endring i tarmfloraen kan føre til dårlegare næringsopptak, diaré og auka produksjon av gass i tarmen.

8. Rutinar for helsesjekk

Hestemunn som blir halde open med instrument. Foto.

kan påverke fôropptaket. Det er derfor viktig med gode rutinar for parasittførbygging og eventuell behandling i samråd med veterinær. Munnen og tennene er ein viktig del av fordøyinga. Hesten mel grovfôret med jekslane sine. Tennene veks heile livet og blir slitne. Når dei blir slitne, kan det danne seg skarpe kantar på tennene som gjer at hesten ikkje greier å male fôret. Andre problem i munnhòla kan vere bakterieinfeksjonar eller smerter i samband med tannfelling. Det er viktig at veterinær/hestetannlege sjekkar tennar jamleg, og eventuelt sliper ned som hindrar normal funksjon. Om fôret pakkar seg i munnen til hesten, kjem ut i små fôrballar, om det luktar vondt av munnen, eller du merkar noko anna unormalt, er det viktig å tilkalle veterinær for å sjekke.

Lovverk

I forskrift om velferd for hest kan vi lese at hestar skal ha fôr som i mengde og kvalitet dekker næringsbehovet, og som er av god hygienisk kvalitet. Ved skal alle hestane kunne ete samtidig dersom dei ikkje har fri tilgang på fôr eller det blir fôra individuelt. Det skal vere moglegheit til individuell fôring. Alle hestar skal ha tilgang på tilstrekkeleg grovfôr.

Alle hestar skal ha tilgang på tilstrekkelege mengder drikkevatn av akseptabel bakteriologisk og kjemisk kvalitet. Automatiske innretningar for tildeling av fôr og vatn skal kontrollerast dagleg.

Hos Lovdata kan du lese heile forskrift om velferd for hest.

Miljø og berekraft

Samanlikna med rundballar og silo, der vi tilset ensileringsmiddel, vil gras som er pakka i rundballe utan ensileringsmiddel, mugne lettare. For å unngå at grovfôret mugnar, må vi pakke fôret godt. I produksjonen av rundballar til hest blir det nytta meir plast enn i rundballar som er tilsette ensileringsmiddel. Det er tilrådd minst 12 lag plast på rundballar til hest. Vurder derfor nøye både val av grovfôr og vêr medvite på korleis du handterer plastavfall. Kraftfôr importert frå utlandet er populært. Transporten av fôret frå andre land er ressurskrevjande og gir utslepp av klimagassar. Det kan slik sett vere ein fordel å velje fôr frå lokale produsentar.

Refleksjonsoppgåver

  1. Du opnar ein rundballe som er mykje tørrare enn den førre du har fôra frå. Skal du gi meir eller mindre grovfôr til hesten din?
  2. Kva kan skje om du skiftar fôrtype raskt?
  3. Kvifor er det viktig å redusere fôrmengda når hesten skal ha fri?
  4. Kva tiltak kan du gjere for at fôringa skal bli mest mogleg berekraftig for miljøet?
  5. Ein hest på 500 kg får 15 kg høy. Kva kan grunnen vere at han får så mykje?
  6. I fôrplandømet får Lady 14 kg ensilasje kvar dag. Kor stor tørrstoffdel trur du ensilasjen har? Anta at Lady veg 500 kg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget