Hopp til innhald

Fagstoff

Ferdsel med hest i utmark

Når vi bevegar oss ut i skog og fjell med hest, er det viktig å ha kunnskap om skrivne og uskrivne lover og reglar for å unngå konfliktar med andre brukarar av naturen og med grunneigarar.
Åtte ryttarar som rir etter kvarandre på rekkje på høgre side av ein grusveg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg har vi mykje flott natur. Hesten gjer det mogleg å oppleve naturen på ein heilt spesiell måte. Når vi bevegar oss ut i skog og , er det viktig å ha kunnskap om korleis vi skal ferdast, og kvar vi har lov til å ferdast, for å unngå konfliktar med andre brukarar av naturen og med grunneigarar.

Viktig å hugse

  • Ferdsel i utmark blir regulert av lov om friluftslivet (friluftslivslova).
  • Utmark er skog og fjell.
  • Det er lov å ri eller med hest i utmark og på veg eller opparbeidd sti som fører til utmark.
  • Pass på å ferdast i terreng som toler ferdselen til hesten.
  • Innmark er dyrka mark, eng, kulturbeite, gardsplass og hage.
  • Det er ikkje lov å ferdast på innmark.
  • Kommunen kan forby riding på enkelte avgrensa område.
  • Eigar av privat veg kan forby ferdsel med hest og vogn i utmark og veg som fører til utmark.
  • Det førebyggjer konfliktar å lage avtalar med grunneigarar med omsyn til ferdsel med hest.

Lov om friluftslivet og ferdsel med hest i utmark

I naturen gjeld lov om friluftslivet. Her finn vi mellom anna allemannsretten. Denne retten gir alle tilgang til å ferdast i utmark, så sant dei tek tilstrekkeleg omsyn til naturen og andre brukarar av denne (friluftslova paragraf 2). Dette gjeld òg når vi rir eller kløvjar med hest. Det du skal vere merksam på, er at hesten er eit stort og tungt dyr som set igjen meir spor i naturen enn til dømes eit menneske til fots. Det er derfor viktig å hugse på at vi må ta omsyn når vi ferdast i skog og fjell. Pass på at du ferdast langs stiar, veg og i terreng som toler ferdsel med hest.

Kva er innmark? Kva er utmark? Og kva er lov?

Lov om friluftslivet skil mellom innmark og utmark. Allemannsretten gjeld i utmark. Som innmark reknar vi dyrka mark, hage, gardsplass, slåtteeng og kulturbeite. På innmark er det ikkje lov å ri, kløvje eller køyre hest. Unntaket er at du kan ri eller kløvje på ein veg eller opparbeidde sti som fører til utmark. Føresetnaden er at denne vegen ikkje går gjennom gardsplass eller hage, eller at ferdsel på annan måte vil gjere nemneverdig skade (friluftslova paragraf 3). Kommunen kan forby ferdsel i enkelte område med godkjenning frå grunneigar. Vi har i utgangspunktet lov til å ferdast på frosen innmark (med unntak av hage og gardstun) mellom 14. oktober og 30. april. Grunneigar kan forby det om han eller ho meiner det fører til skade. Det blir tilrådd uansett å spørje først, då mange oppfattar at spor og avføring etter hest kan skade jorda.

Plantefelt, preparerte skiløyper og badeplassar

Vi har ikkje høve til å ferdast med hest i plantefelt, i preparerte skiløyper eller på badeplassar, sjølv om desse ofte er i utmark. Ver òg klar over at kommunen kan ha eigne reglar til dømes nær drikkevasskjelder. Slike reglar skal det opplysast om på skilt, så les skilting nøye når du er på tur.

Skilnad på å ri/kløvje og å køyre hest

Lova skil på om vi rir/kløvjar eller om vi køyrer hest i utmark. Du kan køyre hest på veg i utmark, men grunneigar kan forby ferdsel på privat veg (friluftslova paragraf 4).

Svart-kvitt bilete av ein kløvhest og bonde frå gamle dager. Fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskjell på organisert ferdsel og privat trening av hest

I utgangspunktet er det ingen reglar som forbyr mange å ri saman i utmarka. Det kan likevel bli problematisk, fordi det blir vanskelegare å utøve tilstrekkeleg omsyn, slik allemannsretten krev. Retten til å kløvje og ri på stiar og veg som fører til utmark gjeld dessutan ikkje for organiserte rideklubbaktivitetar. Skal du drifte ein profesjonell stall (utleigestall, rideskule, trenarstall, turridingsverksemd eller liknande) er det naudsynt å ha gode planar for bruk av nærliggjande eigedommar. Ofte kan det vere lurt å lage eigne ride- og køyrevegar for å førebyggje konfliktar og auke tryggleiken for andre som ferdast i området. Det blir tilrådd å lage gode avtalar med grunneigarar og eventuelt andre partar som blir ramma av ferdselen din med hest.

Standardkontraktar

For å hjelpe private hesteeigarar og hestesenter med å få til gode avtalar med grunneigarar har Norges Bondelag, Norsk Hestesenter, Norsk skogeierforbund, Norges Rytterforbund og Det Norske Travselskap gått saman om å lage to standardkontraktar. Desse ligg som relatert innhald på denne sida.

Den eine kontrakten er eigna for private hesteeigarar som skal ferdast på ein eigedommen til ein annan. Den andre kontrakten er eigna når ei bedrift, ei foreining eller kommunen skal lage avtale om hesteferdsel på ein eigedom.

Ein slik er eit døme på ein avtale som to eller fleire partar bind seg til. Ein står sjølvsagt fri til å lage andre typar avtalar enn standardkontraktane, desse er meinte som ein guide og hjelp.

Refleksjonsoppgåver

  • Kvar har ein ikkje lov å ferdast med hest?
  • Kva må vi tenkje på når vi skal planleggje å lage ein ride- og køyreveg?
  • Diskuter eit konkret døme på konfliktar knytt til ferdsel med hest. Bryt nokon av dei involverte lova? Korleis kan ein løyse konflikten?

Relatert innhald

Friluftslova og allemannsretten er lovverk som gjer at du har rett til å ferdast ute i naturen, men det er nokre reglar du må rette deg etter.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i hestefaget