Hopp til innhald

Fagstoff

Smittesluser i dyrehald

Ei smittesluse skal hindre at det kjem smitte anten inn i eller ut av dyrehaldet. Det er ikkje valfritt om dyrehaldet skal ha smittesluse eller ikkje når du driv med næringsretta dyrehald.
Sluse med hygiene- og smittevernutstyr som vask, plastovertrekk til sko, kjeledressar og søppelpose. Ein benk på tvers av rommet skil mellom rein og urein side. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Smittesluse for å hindre smittespreiing

I forskrifta om dyrehelse står det skrive kva hygienekrav du som dyrehaldar må ta omsyn til for å hindre smittespreiing. Det er spesielt viktig med ei velfungerande smittesluse.

Ei smittesluse bidreg til

  • å fremme god dyrehelse – fordi det reduserer sjansen for smitte mellom dyr og dyrepopulasjonar
  • god folkehelse – fordi betre dyrehelse bidreg til auka mattryggleik og mindre risiko for zoonosar
  • god dyrevelferd – fordi dyr som er friske, unngår smerte, stress og ubehag frå sjukdom

Det finst nesten like mange ulike smittesluser som det finst dyreanlegg. Men målet og funksjonen er det same.

Kva består ei smittesluse av?

Ei smittesluse består av

  • ei rein og ei urein sone
  • eit tydeleg skilje mellom rein og urein sone, ofte skilt med ein fysisk terskel/benk/matte/tape eller liknande.
  • knaggar eller skap der du kan henge frå deg (ureine) klede og sko du kom i
  • moglegheiter til å desinfisere hender og utstyr
  • ein vask med såpe og varmt og kaldt vatn. Han er gjerne plassert i tilknyting til skiljet mellom rein og urein sone.
  • reine klede og sko som høyrer til dyrehaldet

Rein eller urein sone?

Det er viktig å hugse på at den sona vi kallar rein, vender inn mot dyrerommet, og sona vi kallar urein, vender ut mot omverda. Med urein blir ikkje meint at du nødvendigvis kjem til dyreanlegget med møkkete klede. Dei kan gjerne vere nyvaska, men blir framleis kalla ureine fordi det potensielt kan vere smitte på dei, og dei skal derfor ikkje inn i dyrerommet.

Klede som du har skifta til og som blir nytta inne i dyrehaldet, kan nokre gonger bli tilgrisa og møkkete. Desse kleda blir framleis kalla reine klede fordi dei berre er til bruk inne i dyrerommet og ikkje har smitte utanfrå på seg. Dersom det skulle vere smitte i dyrerommet, vil du forhindre at dette kjem ut, ved å bruke smitteslusa når du forlèt dyrehaldet.

Hugs at du alltid snakkar med dyrehaldar før du nyttar ei smittesluse. Nokre dyrehaldarar ønsker at du først dusjar og skiftar absolutt alle klede, andre stader er det nok å ta på skoovertrekk og eingongsdress.

For at ei smittesluse skal fungere, må ho vere utforma på ein slik måte at du ikkje kan dra med deg smitte inn eller ut, og den som nyttar smitteslusa, må ha god opplæring og forståing for korleis ho fungerer.

Korleis gjer du det i praksis?

I urein sone

  1. Du kjem alltid først til urein sone. Sjå etter eventuelle oppslag eller informasjon på oppslagstavle eller vegg, som dyrehaldar ønsker at du skal lese før du nyttar deg av smitteslusa.
  2. Gjer deg kjend med kvar du kan henge frå deg ytterklede og sko og eventuelt setje frå deg sekk eller anna utstyr.
  3. Avhengig av årstid nyttar du meir eller mindre klede under arbeidstøyet. Dersom du ønsker mindre klede, henger du frå deg dette på ein knagg eller i eit skap.
  4. Vask hendene grundig med såpe og varmt vatn. Tørk deg godt, og bruk handsprit om dette er sett fram.

  5. Det er no spesielt viktig at du ikkje tek på noko anna i urein sone. Dersom du må handtere noko i urein sone, må du vaske hendene på nytt før du entrar den reine sona.

  6. Gjer deg kjend med dei reine kleda til dyrehaldet. Kvar i rein sone heng dress/frakk/eingongsdress? Kvar står skorne?

Over i rein sone

Avhengig av utforminga som skil urein og rein sone må du no gjere deg nokre tankar om korleis du skal ta på deg dei reine kleda utan at dei kjem i kontakt med urein sone.

Dersom du skal ha på kjeledress og skiljet består av ein benk:

  1. Set deg på benken og med beina plasserte i urein sone.
  2. Ta tak i dressen og hald han innanfor rein sone.
  3. Før så det eine beinet over benken og direkte inn i dressen og ned i støvelen.
  4. No står du med ein fot i urein sone og ein fot i rein sone.
  5. Før så det andre beinet over benken og direkte ned i dressen og set foten oppi støvelen. Du skal så langt det går unngå å tråkke med sokkelesten i rein sone då sokkane blir sett på som ureine.
  6. Kle på deg resten av dressen. Dersom det er sett fram kaps, buff, hanskar, munnbind eller liknande, kan du ta på deg dette.

Du er no i rein sone med reine klede og har nytta deg av smitteslusa på ein korrekt måte. Du er klar for å entre dyrerommet.

Oppgåve om smittesluse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Amundsen og Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Husdyrhald