Aure

Artar og føde
Ferskvassauren og sjøauren vert òg omtalte som «vanleg» aure og er i same slekta som atlantisk laks. Regnbogeauren vart innført til Europa frå USA på slutten av 1800-talet. Han veks raskt og eignar seg godt som oppdrettsfisk. Oppdrettsaure er i det alt vesentlege regnbogeaure, og det er vanlegvis den som vert servert på restaurantar.
Den fullvaksne auren livnærer seg av småfisk, medan yngre aurar først og fremst lever av insekt og sniglar. I ferskvatn et auren blant anna det vesle krepsdyret marflo. Det er marfloa som gir den raude fargen til fiskekjøtet, og i vatn med lite marflo vert fiskekjøtet kvitt.
Fangstreiskapar
Auren vert hovudsakleg fiska med garn eller fiskestong. Det er lite kommersiell fangst av vanleg aure, men for sportsfiskaren er han eit attraktivt bytte.
Bruk
Auren vert seld fersk eller djupfryst i skiver, filetar eller som heil fisk. Aurefileten vert kaldrøykt og varmrøykt, sukkersalta og spekt. Han passar godt til svært mange typar retter, for eksempel rå til sushi og sashimi, kokt, steikt og grilla. Han er utmerkt i wok- og gryteretter. Den kaldrøykte og varmrøykte auren kan brukast som pålegg eller i salatar, pasta eller i andre kombinasjonar.

Næringsinnhald
Oppdrettsauren er i likskap med oppdrettslaks ein god fisk ernæringsmessig. Han inneheld mykje omega-3-feittsyrer og er rik på vitamina A og D.
Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.