Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Slik skriv du søknad

Gode råd for korleis du kan setje opp ein søknad når du skal søke jobb.

Før du les

Desse fagomgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:

Søknad
Ein søknad er eit dokument der du søker på noko. Det finst mange ulike typar søknader. Til dømes søknad om lån eller jobbsøknad.
Arbeidstakar
Ein arbeidstakar er ein person som jobbar for nokon.
Arbeidsgivar
Ein arbeidsgivar er den ein arbeidstakar jobbar for.
Referanse
Ein referanse er ein person som kan seie noko om deg som arbeidstakar eller person. Det kan til dømes vere ein arbeidsgivar eller ein lærar.
Attest
Ein attest er ei skriftleg stadfesting. Ein jobbattest er eit skriftleg dokument som stadfestar at du har jobberfaring.
Cv
Ein cv er ei ryddig oversikt med informasjon om kva arbeidserfaring og utdanning du har.
Vitnemål
Eit vitnemål er eit dokument som viser at du har bestått skulen og kva karakterar du har fått.

Gi godt førsteinntrykk

Jobbsøknaden er gjerne det første inntrykket arbeidsgivaren får av deg. Den avgjer om du får komme til jobbsamtale og kanskje kan få jobben. Derfor bør du legge arbeid i å skrive ein god søknad.

Ein søknad skal alltid setjast opp som eit brev, og han skal vere kort. Cv-en er eit viktig til søknaden, der har du med ein presentasjon av deg sjølv, utdanning og arbeidserfaring.

Mange bedrifter bruker eit digitalt system for jobbsøking. Då fyller du ut eit digitalt skjema, men du må òg skrive inn søknadstekst og legge ved cv-en din.

Søknad og cv skal utfylle kvarandre

Søknaden din skal vere presis og nokså kort. Du bør få fram kvifor nettopp du kan vere rett person til den stillinga som er lyst ut. Detaljane om utdanning og praksis skal stå i cv-en. Ikkje gjenta dei i søknadsbrevet. Under ser du ein vanleg måte å skrive jobbsøknad på:

Avsendar

Øvst i venstre hjørne skriv du namnet ditt og adressa di.

Tips

Når du søker på jobb, vil du gjerne verke profesjonell og seriøs. Viss du har ei litt useriøs e-postadresse, kan det gi dårleg inntrykk av deg. Då kan det vere lurt å ei ny adresse for meir formelle samanhengar.

Dato

Datoen set du på same linje som og , heilt ut til høgre på same linje.

Mottakar

To–tre linjeskift under adressa di skriv du namnet og adressa til mottakaren. Dersom søknaden skal sendast til ein bestemd person, skal firmanamnet stå øvst og personnamnet på linja nedanfor.

Overskrift

Lag ei overskrift som viser kva stilling du søker på, til dømes "Søknad på stilling som ...". Overskrifta skal stå med utheva skrift.

Innleiing

Innleiinga skal vere kort. Fortel korleis du har fått vite om stillinga: Vis til kvar og når du har sett annonsen du svarer på. Dersom du har hatt ein telefonsamtale med arbeidsgivaren , er det den du viser til. Gjenta at du søker på den stillinga som er lyst ut.

Hovuddel

Fortel om deg sjølv, kvifor du ønsker jobben, og kvifor du trur du er rett person til stillinga. Det er viktig at du les nøye, slik at du kan tilpasse søknaden til det jobben handlar om. Men det er viktig at du kjem med rett informasjon om deg sjølv. Det er viss du skriv noko som berre delvis er rett, og så blir du spurd om dette på eit jobbintervju.

Ta med:

  • personlege eigenskapar og erfaringar som vil vere nyttige i jobben
  • utdanning og praksis som arbeidsgivar etterspør spesielt
  • kvifor du ønsker deg nettopp denne jobben

Avslutning

Bruk ei enkel og vennleg avslutning. Skriv at du gjerne møter til intervju, og søknaden. er ikkje vanleg når søknaden blir send digitalt.

Vedlegg

Det er vanleg berre å sende søknadsbrev og cv. Kopiar av vitnemål og attestar tek du med på jobbintervjuet. Sender du berre med cv, skriv du "Eitt vedlegg" litt under underskrifta di.

Viss du er usikker på kva du skal legge ved søknaden, sjekk kva det står om dette i stillingsannonsen. Manglar annonsen denne informasjonen, kan du ta kontakt med arbeidsgivar og spørje.

Bilete

Det har blitt ganske vanleg å legge ved eit bilete i søknaden. Det kan vere ein god idé, men her bestemmer du sjølv.

Tenk over

Korleis kan til dømes skrifttype, , ordval eller skrivefeil i ein søknad påverke inntrykket arbeidsgivaren får av deg?

Relatert innhald

Skrive av Marion Federl, Caroline Nesbø Baker og Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 12.02.2025