Slik skriv du eit møtereferat

Før du les
Desse fagomgrepa bør du sjå nærare på før du les vidare:
- Møteinnkalling
- Ei møteinnkalling er ein formell invitasjon til eit møte. I innkallinga får du mellom anna informasjon om dato, stad og kva saker som skal takast opp.
- Møtereferat
- Eit møtereferat er ei skriftleg oppsummering av kva som blei sagt og bestemt i eit formelt møte.
- Referent
- Ein referent er den personen som har ansvar for å skrive møtereferatet.
- Vedtak
- Eit vedtak er noko som blir bestemt, altså vedteke, på møtet.
Møtereferat
I filmen under (lengde 7:06) får du forklart kva som skal vere med i eit møtereferat.
Eit møtereferat er det skriftlege beviset på kva som har blitt sagt og bestemt på eit møte. Viss du er referent, noterer du stikkord under møtet. Desse notata skriv du om til eit ordentleg møtereferat etterpå. Referatet må du sende ut så raskt som mogleg etter møtet.
Kva skal møtereferatet innehalde?
Eit møtereferat må innehalde nok informasjon til at ein som ikkje har vore til stades, kan bruke referatet til å setje seg inn i saker og vedtak. Når du skriv referat frå eit møte, må du vere sakleg og ikkje skrive om eigne meiningar.
Dette må alltid vere med i møtereferatet:
- kva slags møte referatet handlar om
- når og kvar møtet blei halde
- kven som var til stades på møtet
- kva saker som blei diskuterte, og kva som blei vedteke
- namnet på referenten
I tillegg til desse fem hovudpunkta kan det vere med ein del andre opplysningar, til dømes ei liste over kven som skal motta referatet, og tid og stad for neste møte.
Dømeteksten under viser korleis du set opp eit møtereferat på rett måte. Du kan sjå på han når du skal skrive eige møtereferat.
- Dømetekst møtereferat(DOCX)
Dømetekst møtereferat
Relatert innhald
Øv deg på å skrive møtereferat.
Lær korleis du skriv ei møteinnkalling.