Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Slik skriv du ein rapport

I mange yrke er det vanleg å skrive rapport. Men kva skal vere med i ein skriftleg rapport? Her lærer du å skrive rapport gjennom ein film og ein modelltekst.

Før du les

Sjå nærare på desse omgrepa før du les vidare:

Rapport
Ein rapport informerer om ei sak eller eit arbeid og dokumenterer kva som er gjort.
Rapporthovud
Eit rapporthovud inneheld informasjon om dato, mottakar, sendar og om kva rapporten handlar om.
Underskrift
Ei underskrift er fornamnet og etternamnet til den som har skrive eit dokument, til dømes ein rapport. Ved å setje namnet ditt under teksten godkjenner du det som står der.

Til læraren

Avklar forskjellen mellom logg og rapport viss nokon av elevane synest sjangrane er vanskelege å skilje. Ein logg er ofte skriven undervegs i arbeidet, til dømes beskriving av arbeidsoppgåvene dag for dag i ein praksisperiode. Rapportar er ofte endå meir strukturerte og samanfattar noko etter at det er gjort ferdig. Slik kan til dømes ein praksisrapport handle om heile praksisperioden: kva eleven gjorde, lærte, og korleis det gjekk.


Kva er ein rapport?

I filmen under (lengde 7:32) får du forklart kva som skal vere med i ein rapport.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Mange typar rapportar

I arbeidslivet bruker vi ofte rapportar for å vise kva vi har gjort. Til dømes kan du skrive ein arbeidsrapport for å forklare korleis du gjorde ein jobb. I naturfag kan du skrive ein forsøksrapport når du har gjort eit forsøk. Då forklarer du kva du gjorde, og kva som skjedde.

Krav til ein rapport

Den som les ein rapport, forventar presis og rett informasjon om ei sak eller ei hending. I rapportar må du derfor alltid vere nøyaktig med tid, stad og namn. Du må skrive og ganske kort, men samtidig passe på at alle viktige opplysningar er med. Du skal skrive rapporten i første person: eg eller vi.

Korleis skal du setje opp rapporten?

Rapportar kan ha litt ulike delar, alt etter kva slags rapport du skal skrive. Det er derfor viktig at du rapporten ut frå rapporttypen. Dette gjeld både rapportar du skriv i ulike fag i skulen, og rapportar som du skriv i jobb og praksis. Her får du eit eksempel på korleis ein enkel rapport ser ut:

  • Ulykkesrapport modelltekst

  • Rapporthovud

    Du begynner med eit rapporthovud. Eit rapporthovud har med

    • dato for den dagen du skriv rapporten

    • kven som skal ha rapporten (mottakar)

    • kven som har skrive rapporten (sendar)

    • kva rapporten handlar om

    Innleiing

    Innleiinga skal gi ei kort oversikt over kva rapporten handlar om. I innleiinga til ein ulykkesrapport skal du til dømes skrive om kva situasjon ulykka skjedde i.

    Hovuddel

    I hovuddelen skriv du all faktainformasjon som du meiner det er viktig å ha med for å saka. I ein ulykkesrapport er det naturleg å dokumentere kva som skjedde før ulykka, i hovuddelen.

    Avslutning

    Som avslutning kan du komme med di eiga vurdering dersom du blir beden om det. I ein ulykkesrapport er det til dømes vanleg å skrive kva du kan gjere for å at ei slik ulykke skjer igjen.

    Når rapporten er ferdig, må du hugse å skrive under for hand. Underskrifta di viser at du innhaldet.

    Relatert innhald

    Skrive av Elisabeth Lønning og Marion Federl.
    Sist oppdatert 05.08.2025