Fagspråk i yrkesfaga

Før du les
Sjå nærare på desse fagomgrepa før du les teksten:
- Fagspråk
- Fagspråk er ord og uttrykk som blir brukte innan eit fagområde. Fagspråket er kjent for dei som jobbar med det same.
- Kvardagsspråk
- Kvardagsspråk er det språket vi snakkar i kvardagen saman med venner, familie og andre.
Kva er fagspråk?
Fagspråk er språk vi bruker på jobb, i praksis og på skulen når vi jobbar med fag. Det skil seg frå det språket vi bruker til vanleg, det vi kallar kvardagsspråket.
Fagspråket er kjent for dei som jobbar med det same, og inneheld ord og uttrykk som trengst for å gjere ein god jobb. Til dømes vil helsefagarbeidarar og elektrikarar bruke ulikt fagspråk når dei skriv eller snakkar med andre fagpersonar på jobb.
Fagspråk er altså eit verktøy dei som jobbar saman, bruker. Det hjelper kollegaer til å kommunisere presist. Ofte er fagspråket ulikt kvardagsspråket.
Døme på fagspråk
I teksten under er det minst ti ord som høyrer til fagspråket til ein som jobbar på apotek. Finn du dei?
Apotekteknikaren jobbar med både reseptpliktige og ikkje-reseptpliktige legemiddel i tillegg til andre varer som blir selde i apoteket. Apotekteknikaren har sjølvstendige oppgåver med vareplassering og dagleg drift av apoteket i tillegg til rettleiing av kundar og helsepersonell. Vaksinasjon, føflekkskanning og konsultasjonar om produkt blir også utførte av apotekteknikaren. (Haugan, 2019)
Tenk over
Kva slags fagspråk bruker de i det yrket du utdannar deg til? Tenk både på praksis, skule og jobb.
Kvifor bruker vi fagspråk?
På jobb, i praksis og på skulen bruker vi fagspråk. Då forstår alle orda på same måte. Det er viktig å ha eit presist og godt fagspråk for å unngå misforståingar som kan føre til uheldige eller farlege situasjonar på arbeidsplassen. Vi blir òg meir effektive når vi bruker fagspråk, fordi vi forstår med ein gong kva vi skal gjere.
Tenk over
Kva for farlege eller uheldige situasjonar kan oppstå på grunn av manglande eller upresist fagspråk i det yrket du utdannar deg til?
Når skal du ikkje bruke fagspråk?
I samarbeid med andre fagpersonar, til dømes ein kollega på jobb, er det viktig å bruke fagspråk for å snakke effektivt og presist om det faglege. Men fagspråk kan skape forvirring og misforståingar hos brukarar, kundar og andre som ikkje er fagpersonar.
Viss til dømes ein helsefagarbeidar bruker vanskeleg fagspråk i samtale med ein brukar, kan det få brukaren til å kjenne seg dum. Slik er det i dei fleste yrke. Tenk over når det passar å bruke fagspråk, sånn at du er sikker på at den du snakkar med, forstår kva du meiner.
Tenk over
I kva situasjonar vil du bruke fagspråk til ein kollega, men ikkje til ein pasient, brukar eller kunde?
Relatert innhald
Undersøk og øv på korleis du tilpassar språket etter mottakaren.

