Forklar eit yrkesfagleg emne
Oppgåve 1. Fagspråk og kvardagsspråk
Del 1: Lag to forklaringar
Tenk på noko du kan godt frå yrkesfaget ditt. Det kan vere eit fagord, ei oppgåve eller ein arbeidsmåte. Døme: skrive ein rapport (helsesekretær), skifte ein sikring (elektrikar) eller vaske på rett måte på kjøkkenet (kokk).
Første forklaring: Skriv om temaet til ein kollega som forstår fagspråket ditt.
Andre forklaring: Skriv om det same temaet til ein kunde eller brukar som ikkje kjenner fagspråket. Bruk enkle ord.
Tenk over forskjellen:
Korleis forandra du forklaringa når du skulle skrive til kunden eller brukaren?
Kvifor måtte du bruke andre ord eller uttrykk?
Del 2: Jobb saman to og to
Gi kvarandre forklaringane de skreiv i del 1. Les dei og gjett kven dei er skrivne til: Er det kunden/brukaren eller ein kollega?
Samanlikn dei to forklaringane de har laga i del 1. Kva for forskjellar og likskapar er det mellom dei?
Korleis tilpassa de språket ut frå om det er ein kollega eller ein kunde/brukar som er mottakar?
Oppgåve 2. Kommunikasjon med kollegaer og kundar
Del 1: Skriv e-postar
Skriv ein e-post til ein kollega der du ber om hjelp med noko på jobb. Bruk fagspråk når du skriv, slik det er naturleg til ein kollega som kjenner fagspråket.
Skriv ein e-post til ein kunde eller brukar der du ber om informasjon om noko kunden eller brukaren har svaret på. Skriv på ein måte som gjer det lett for kunden eller brukaren å forstå innhaldet, sjølv om du skriv om noko som er knytt til jobben din. Ikkje bruk fagspråk eller omgrep som kan vere vanskelege å forstå for nokon som ikkje er ein fagperson.
Del 2: Diskuter
Jobb munnleg i par eller i lita gruppe.
Snakk saman om kvifor det er viktig å tilpasse språket til mottakaren. De kan bruke nokre av startsetningane under som hjelp:
Det er viktig å tilpasse språket til mottakaren fordi ...
Fagspråk er lurt å bruke når ...
Klar kommunikasjon med kundar og brukarar er viktig fordi ...
Når eg snakkar med ein kunde eller brukar, pleier eg å ...
Når eg snakkar med ein kollega, bruker eg fagspråk fordi ...
Viss eg bruker vanskeleg fagspråk når eg snakkar med kundar eller brukarar, kan det gjere at ...
Oppgåve 3. Lag ein fagspråk-quiz
Jobb saman i grupper på 2–3 personar.
Vel 3–5 fagord frå eit av programfaga de har.
Forklar ordet på to måtar:
Lag éi forklaring der du bruker fagspråk, slik du ville forklart det til ein kollega.
Lag éi forklaring der du bruker kvardagsspråk, slik du ville forklart det til ein kunde eller brukar.
Send fagorda og forklaringane til lærar, som lagar ein quiz for klassen.
Gjennomfør quizen:
Lærar les opp eller viser forklaringane de har laga i oppgåve C.
Gjett kven forklaringa er laga for. Er det for ein kollega med fagspråk, eller for ein kunde med kvardagsspråk? De bør kunne grunngi svaret.
Diskuter i klassen:
Kva er forskjellen på måten vi bruker fagspråk og kvardagsspråk på?
Kvifor er det viktig å kunne begge delar?
Relatert innhald
Kva er fagspråk, og korleis bør det brukast?