Fagstoff
Film
Film: God kommunikasjon på jobb
Kvifor er det viktig å tenke over korleis du kommuniserer på jobb? Møt personar frå fire ulike yrkesgrupper som fortel kva dei synest er viktig.
I denne filmen møter du fire personar i ulike yrke som fortel om korleis dei kommuniserer på best mogleg måte i jobben. Nokre av orda i filmen er litt vanskelege, så les ordforklaringane før du begynner å sjå.
Ordforklaringar til filmen God kommunikasjon på jobb
Ordforklaringar IT-teknikar
- Bruk
- ein som bruker nokre tenester, til dømes som får hjelp med pc-en sin
- IT-teknikar
- ein som jobbar med å hjelpe til med pc og andre datatekniske ting
- Kortslutta
- her: verkar ikkje meir
- Ha i bakhovudet
- hugse på
- Teknisk terminologi
- fagspråk om teknologi (data og liknande)
- Fungerer
- fungerer, verkar
- Flaut
- pinleg
- Formell
- etter reglane, korrekt. Mange snakkar til dømes formelt med kundar i jobbmøte, mens dei snakkar litt mindre formelt (uformelt) på pauserommet med kollegaer.
- Profesjonelt språk
- språk vi bruker i formelle jobbsituasjonar, til dømes fagspråk
- Face to face
- frå engelsk: ansikt til ansikt, altså fysisk
- Uformelt språk
- språket vi bruker i det daglege utanfor jobbmøte
- Te seg profesjonelt
- oppføre seg profesjonelt, oppføre seg slik det er forventa i den jobben vi har
- Internt fagspråk
- fagspråk som folk bruker og forstår på jobben eller i eit bestemt yrke
- Driftsfeil
- at noko sluttar å verke som det skal, til dømes ei maskin eller eit system
- Frustrert
- fortvilt, lei seg
- Hektisk
- travelt, mykje å gjere
- Underliggande/rotproblem
- eit problem som er årsaka/grunnen til eit anna problem
Ordforklaringar servitør
- Servitør
- ein som jobbar med å servere kundar mat og drikke, til dømes på ein kafé eller ein restaurant
- Eigenskap
- noko som er typisk for ein person eller ein ting
- Utdjupe
- forklare noko endå meir
- Misforståing
- noko ein ikkje forstår på rett måte
- Kontra:
- her: i motsetning til
- I djupna
- å gå djupare inn i noko, sjå nærmare på noko
- Basisspråk
- her: eit enkelt språk
- Skape eit godt band
- ha god kontakt
- Bord som er vanskelege å ha med å gjere
- gjester ved eit restaurant- eller kafébord som ikkje er hyggelege
- Betrevitar
- ein person som trur hen kan alt og veit betre enn alle andre
- Imøtekommande
- høfleg og hjelpsam, lett å komme i kontakt med
Ordforklaringar kommunikasjonsrådgivar
- Intern kommunikasjon
- kommunikasjon mellom dei som jobbar på same staden
- Ekstern kommunikasjon
- kommunikasjon mellom tilsette og kundane/brukarane dei har
- Fordel
- noko som er bra eller gir deg ei betre moglegheit i ein situasjon
- eit sosialt medium der vi kan kommunisere med andre
- Messenger
- teneste til å kommunisere med andre gjennom chat, video, med meir
- eit sosialt medium der det meste handlar om jobb
- Emoji
- biletteikn, til dømes eit smilefjes som symboliserer at avsendar er nøgd med noko
- Bilete taler for seg sjølve
- når bileta gir så mykje informasjon, at det ikkje trengst tekst i tillegg
- Vidareformidle
- bringe vidare, gi informasjon (eller noko anna) vidare
- Profil
- her: informasjon om ein person
- Hjartekommunikasjon
- her: når du som tilsett er personleg med kunden. Du viser forståing for problemet, og prøver å løyse det på best mogleg måte for kunden.
- Utfordring
- noko som krev ekstra innsats for å få til
- Forkorting
- noko som er forkorta. Døme: Ordet til dømes blir ofte forkorta "t.d."
- Utanforståande
- nokon utanfrå, nokon som ikkje er del av noko
- Prepaid Ticket Advice (PTA)
- engelsk for førehandsbetalt billett
- Misnøgd
- ikkje nøgd
- Avsendar
- her: bedrift eller arbeidsplass som sender informasjon til ein kunde
- Bodskap
- det viktigaste ein avsendar vil fortelje ein mottakar
Ordforklaringar yrkessjåfør
- Respektive
- her: kvar for seg, kvar enkelt sin
- Sortere
- dele inn, fordele
- Legge opp ruta
- her: bestemme kven ein skal levere varer hos først
- Ille kjekt
- veldig bra (dialekt)
- Uhyre
- her: veldig
- Sit saman i øy
- sitje ved kontorpultar som står saman
- Gods
- her: varer eller ting som blir transporterte (flytte), til dømes med bil, båt eller tog
- Haste
- å gjere noko fort på grunn av dårleg tid
- Audmjuk
- her: ha respekt for andre
- Behjelpeleg
- hjelpsam, ville hjelpe til
- Forståingsfull
- ein person som vil forstå andre menneske
- Tøy
- her: klede
God kommunikasjon på jobb. Film: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0
Relatert innhald
Kva er god kommunikasjon på jobb?
Kva bør du tenke over når du skal kommunisere i yrket du utdannar deg til? Kva med deg som har norsk som andrespråk? Sjå filmen og jobb med oppgåvene.