Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Øv på uttale av viktige ord på arbeidsplassen

I denne oppgåva skal du øve deg på å uttale ord som er mykje brukte på arbeidsplassen. Dette får du gjere gjennom å snakke, skrive og ha rollespel.

Til læraren

Vis gjerne nokre av uttalevideoane i emnet "Lytt, skriv og snakk". Gjer desse tilgjengelege for elevane når dei skal øve på rett uttale av ord som blir mykje brukte på jobb eller i praksis.

Oppgåve 1. Snakk saman om uttale

Jobb saman to og to eller i mindre grupper. Svar munnleg på spørsmåla under:

  1. Kvifor trur de det er viktig med rett uttale av fagord og ord som blir mykje brukte på ein arbeidsplass?

  2. Kva for kan skje på ein arbeidsplass viss ein tilsett uttaler ord feil?

  3. Elevar som ikkje kommuniserer godt nok på norsk, har ofte problem med å få seg lærlingplass. Kva trur de er grunnen til det?


Oppgåve 2. Samle viktige ord på arbeidsplassen

Til læraren

I del 1 i denne oppgåva skal de samle fagord til øving av uttale i eit fellesdokument. Døme og mal ligg under Filer. Dette dokumentet bør vere tilgjengeleg for elevane når de har samla orda i del 1.

Del 1: Ord som er vanskelege å uttale rett

Diskuter i klassen:

  • Kva for fagord eller ord som er mykje brukte på arbeidsplassar og i praksis, synest de er vanskelege å uttale rett?

  • Kva er vanskeleg med uttalen?

Læraren skriv ned orda og deler i eit fellesdokument.

Del 2: Vel nokre ord

Vel deg fem ord frå delingsdokumentet i del 1, som du vil øve på rett uttale av.

Del 3: Øv på uttale

Gå saman to og to. Øv på rett uttale av orda de har valt i del 2. Spør læraren viss de er usikre på rett uttale.

Del 4: Spel inn ein lyd

Til læraren

Det er nyttig for eleven med tilbakemelding på innspelinga. Viss det er enkelte ord eleven framleis treng å øve meir på, så hjelp hen med dette. Denne oppgåva kan gjerne gjerast i samarbeid med programfag.

Lag ei lydinnspeling til læraren din der du bruker orda i del 3 i setningar. Pass på rett uttale av orda, og at setningane gir meining.

  1. Her er døme med orda frå bygg og anlegg:

  2. Eg held på å skru på ein bil.

  3. Kan du hente skruane som ligg i skuffa?

  4. Kor la du fugesprøyta etter at du hadde brukt ho?

  5. Eg treng eit måleband for å måle lengda.

  6. Eg gløymde høyrselsvernet på verkstaden.


Oppgåve 3. Rollespel med fagomgrep

Jobb saman to og to.

Del 1: Lag eit rollespel

Lag eit om ein situasjon på ein arbeidsplass. Bruk fagord som er mykje brukte, og som kan vere vanskelege å uttale rett.

Del 2: Spel rollespelet

Spel rollespelet for ei anna gruppe eller framfor klassen. Fokuser på rett uttale av ord og når de framfører.

Del 3: Samanfatt

Samanfatt munnleg felles i klassen. Svar på desse spørsmåla:

  1. Kva kan de gjere for å bli flinkare til å uttale mykje brukte ord på arbeidsplassen rett?

  2. Kva for lydar er det de treng å øve ekstra på?

Skrive av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 05.03.2025