Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Marknadsstrategi

Oppgåve

Effektmåling av kantine-eksperiment

I dette eksperimentet skal de utarbeide og køyre ein marknadsføringskampanje i ei veke for eit produkt som blir selt i kantina. Etterpå skal de undersøke om de klarte å påverke medelevane ved å sjå på endring i salet.

Oppdragsbeskriving

De skal jobbe saman i grupper, og kvar gruppe skal utarbeide ein marknadsføringskampanje som skal vare i ei veke. Etterpå skal effekten av kampanjane målast.

Del 1: Produktval og planlegging

  • Kvar gruppe vel kvart sitt produkt frå kantina på skulen.

  • Ta kontakt med kantina og spør om de kan bruke utvalde produkt til eksperimentet.

  • Be om omsetningstal for produkta for ei vanleg veke.

  • Kvar gruppe skal lage innhald til ein marknadsføringskampanje som oppmodar til kjøp ved å framheve dei positive eigenskapane av produktet, som smak, kvalitet og oppleving.

Del 2: Innhaldsproduksjon og publisering

  • Kvar gruppe utarbeider kvar sin marknadsføringskampanje. Marknadsføringskampanjane skal køyrast i ei skuleveke. Sjå gjerne artikkelen "Planlegge ein enkel marknadsføringskampanje".

    • Ta bilete, spel inn videoar og skriv tekstar som beskriv dei gode erfaringane dykkar med produktet.

    • Bruk det de ha laga av bilete, videoar, tekstar og eventuelt andre kreative verkemiddel i utforminga av ein marknadsføringskampanje.

    • Før de publiserer noko, sjekk med kantina at innhaldet er godkjent.

    • Lag ein kampanjeplan for skuleveka: Kva skal publiserast i kva kanal på kva tidspunkt av kven?

  • Publiser innhald i samsvar med kampanjeplanen.

Del 3: Evaluering og effektmåling

  • Etter at kampanjeperioden er over, spør kantina om omsetningstal for den veka de køyrde marknadsføringskampanjen.

  • Analyser resultata og diskuter

    • kva produkt som fekk størst auke i omsetning

    • kva for faktorar de trur bidrog mest til auken i omsetninga. Var det val av produkt, utforminga av reklame eller val av sosiale medium-kanalar?

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 27.02.2026