Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Utforsk ein naturkatastrofe

Naturkatastrofar påverkar både menneske, natur og infrastruktur på dramatiske måtar. No skal vi prøve å finne ut korleis dei oppstår, og kva det er som gjer at naturkatastrofar blir alvorlege.

Før du begynner

I denne oppgåva skal vi undersøke naturkatastrofar og korleis dei påverkar menneske og samfunn. Det kan vere lurt å lese gjennom alle punkta før du startar, slik at du tenker på sluttproduktet du skal lage undervegs.

1. Vel ein eigna naturkatastrofe

Vel ei konkret hending du vil studere. Vel noko det er lett å finne gode kjelder om, som nyheitsartiklar, rapportar eller intervju med augnevitne. Hendinga kan vere forårsaka av jordas indre eller ytre krefter. Under finn du forslag til ulike hendingar du kan studere.

  • Ytre krefter: jordskred, flaum, kvikkleireskred, snøskred

  • Indre krefter: tsunami, jordskjelv, vulkanutbrot

2. Forklar naturfenomenet

Når du har valt ein naturkatastrofe, kan du gå vidare til å finne ut korleis sjølve fenomenet oppstår. Jordskjelv, til dømes, blir ofte knytt til rørsler i jordskorpa, mens flaum gjerne er knytt til styrtregn og mykje nedbør. Prøv å finne ut kva slags naturfenomen som førte til naturkatastrofen du vil undersøke.

Bruk gjerne desse ressursane:

3. Set deg inn i hendingsgangen

No skal du utforske korleis katastrofen gjekk føre seg frå start til slutt. For å gjere dette kan du prøve å finne svar på desse spørsmåla:

  • Kor mange menneske vart ramma?

  • Kor omfattande var skadane?

  • Kva for akutte utfordringar oppstod for lokalsamfunnet?

  • Vart naturen og økosystem ramma?

  • Vart kystområde eller jordbruksområde overflødde eller øydelagde?

Ikkje alle desse spørsmåla er nødvendigvis relevante for naturkatastrofen du har valt, det kjem an på kva som har skjedd.

Du bør no ha eit bilete av konsekvensane, både menneskelege og økonomiske. Bruk dette til å få innsikt i korleis naturen og samfunnslivet heng saman.

4. Korleis klarte samfunnet seg i ettertid?

No er det på tide å sjå på korleis samfunnet klarte seg i ettertid. Undersøk kor lang tid det tok for samfunnet å komme tilbake til eit normalt liv, ved å svare på minst to av desse spørsmåla:

  • Kva beredskapsplanar var på plass i forkant?

  • Hadde styresmaktene eit varslingssystem som fungerte, eller kom åtvaringa for seint? Fanst det evakueringsrutinar, og vart dei i så fall følgde?

  • Vart hjelpeorganisasjonar kontakta, og kom dei fram i tide?

  • Vart hus og annan infrastruktur raskt reparert, eller var det behov for meir langsiktig gjenoppbygging?

  • Kom det nokre nye reglar for kvar og korleis ein kunne bygge hus etterpå, for å unngå like store øydeleggingar seinare?

5. Er det noko å lære?

For å binde det heile saman er det lurt å reflektere over kva vi kan lære av erfaringane frå nettopp denne katastrofen.

Kan hendingar som dette bli meir vanleg i framtida på grunn av klimaendringar, eller er dei uavhengige av menneskeskapte faktorar? Kunne hendinga ha vore unngått om vi hadde bygd hus eller vegar på ein annan måte? Kva må gjerast for at ikkje noko liknande skal skje igjen?

6. Lag eit sluttprodukt

Til slutt skal du samanfatte funna dine.

Forklar kvifor katastrofen hende, kva som skjedde i , og kva tiltak som vart sette i verk i etterkant. Dette viser deg korleis naturen og samfunnet heng saman når uventa krefter plutseleg slår til.

Sluttproduktet kan vere ein presentasjon for klassen, ein film eller ein artikkel, alt etter kva du og læraren din synest passar.

Skrive av Eirik Tengesdal Skogvold.
Sist oppdatert 04.04.2025