Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Nye løysingar på naturkrisa og klimakrisa

Vi må få ned klimagassutsleppa, og vi må ta betre vare på naturen, men korleis? No skal de jobbe i grupper, bli ekspertar på kvart dykkar område og saman finne løysingar for framtida!

Introduksjon

Slik samfunnet er bygd opp og verda fungerer i dag, lever vi ikkje berekraftige liv. Stadig meir natur går tapt fordi vi høgg ned skogen, bygger veg og fiskar for mykje. I tillegg held klimagassutsleppa fram med å auke. Derfor har vi både ei naturkrise og ei klimakrise. Desse krisene må løysast, og vi bør helst løyse dei samtidig slik at vi unngår og heller kan skape positive . Klarer de å finne nokon gode løysingar for samfunnet?

Til læraren: Om puslespelmetoden

Om metoden

I denne oppgåva bruker vi puslespelmetoden, som òg blir kalla jigsaw-metoden eller ekspertgrupper.

Først jobbar elevane litt individuelt før dei går saman i ekspertgrupper. Kvar ekspertgruppe samarbeider om å setje seg inn i det same temaet.

Deretter skal elevane jobbe i andre grupper, såkalla basisgrupper, med ein elev frå kvar ekspertgruppe. Kvar elev på basisgruppa fungerer då som ekspert på kvart sitt tema når basisgruppa skal løyse ei større oppgåve.

Les meir om metoden i artikkelen "Ekspertgrupper".

Om oppgåva

Dette er ei kompleks oppgåve. Om du klarer å gjennomføre dette på ein måte som aktiviserer og engasjerer, kan du komme gjennom ganske mange ulike faglege tema. Men då bør nok du som lærar sikre at elevane lærer eit minimum frå dei emna dei sjølve ikkje skal bli ekspert på. Du kan til dømes repetere noko av fagstoffet i etterkant, eller du kan lage eit kort samandrag over alle emna som elevane kan lese på sjølv.

Oppstart

Del dykk i basisgrupper med minst fire elevar i kvar gruppe.

Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. De skal no bli eksperten i basisgruppa på kvart dykkar tema.

Klimaeksperten

Du skal bli ekspert på klimaendringar og årsakene til at mange vil seie at vi har ei klimakrise.

Finn ut

  • Kva betyr omgrepa klimatiltak og klimatilpassing?

  • Korleis kan klimaendringane ramme oss?

  • Kvifor kan ein seie at vi har ei klimakrise?

Fagartiklar

Natureksperten

Du skal bli ekspert på korleis vi menneske er avhengige av naturen, og kvifor vi ikkje bruker naturen på ein berekraftig måte i dag.

Finn ut

  • Kva er naturressursar?

  • På kva måtar er vi menneske avhengige av naturen?

  • Kva siktar ein til med omgrepet antropocen?

Fagartiklar

Teknologi- og sirkulæreksperten

Finn ut

  • Kva er teknologi, og korleis har det både verka positivt og negativt på utviklinga?

  • Kva betyr omgrepa målkonfliktar og synergieffektar?

  • Kva handlar sirkulær økonomi om, og korleis kan ting bli meir sirkulære?

Fagartiklar

Berekraftseksperten

Du skal bli ekspert på korleis vi kan leve berekraftige og gode liv.

Finn ut

  • Korleis kan vi måle utvikling i eit land?

  • Kvifor lever vi ikkje berekraftig i dag?

  • Korleis kan vi måle kor berekraftig vi lever?

Fagartiklar

Endringseksperten

Du skal bli ekspert på korleis vi kan endre samfunnet i ei berekraftig retning.

Finn ut

  • Kva betyr eigentleg berekraftig utvikling?

  • Kva er dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling?

  • Kva gjer det vanskeleg for oss å bremse klimaendringane?

  • Korleis kan vi endre samfunnet i ei meir berekraftig retning og skape eit grønt skifte?

Fagartiklar

Førebuingar

Individuelt arbeid

Fordjup deg i dei gitte artiklane og svar på spørsmåla under temaet ditt.

Tidsbruk: 20 minutt.

Ekspertgrupper

Set dykk saman i ekspertgrupper. Om du har om klima, skal du no sitje saman med dei andre som òg har om klima, som då er frå andre basisgrupper.

Del det de har funne ut. Hjelp kvarandre med å forstå stoffet og bli ekspertar på temaet dykkar.

Tidsbruk: 10 minutt.

Deling og diskusjon i basisgruppa

Set dykk tilbake i basisgruppene og presenter for kvarandre det de har funne ut. Kvar ekspert får tre–fire minutt til å presentere sitt ekspertområde for dei andre.

Tidsbruk: 10–15 minutt.


Oppdraget til basisgruppa: Framtidsagentane

No har de blitt ekspertar på kvart dykkar område. Saman skal de utarbeide ei løysing som endrar samfunnet i ei berekraftig retning, der vi både gjer noko med klimakrisa og naturkrisa.

Løysinga skal sørge for at samfunnet og dei systema vi har i dag, blir meir berekraftige. Då må løysinga ikkje vere at "alle må sykle meir", men heller handle om korleis vi kan legge betre til rette for sykling i samfunnet.

1. Finn eit problem

Finn noko i samfunnet som er eit problem med tanke på kor berekraftig vi lever, kor store klimagassutslepp vi har, og korleis vi naturen. Det bør helst vere noko som både skaper klimagassutslepp og går negativt ut over naturen.

Står de fast?

Her kjem nokre forslag til problem eller utfordringar de kan ta tak, med ei kort beskriving av kvifor dette er eit problem for klimaet og naturen.

  • Det blir kasta for mykje mat: Matproduksjon krev store areal og kan derfor føre til nedbygging av natur. I tillegg skaper mykje matproduksjon klimagassutslepp, spesielt for enkelte typar mat.

  • Vi køyrer for mykje bil: Det fører til klimagassutslepp ved bruk (fossilbilar) og i produksjon (alle bilar). Slitasje frå dekk er ei av dei største kjeldene til mikroplast som hamnar i naturen, og vegbygging fører til at store naturområde blir bygde ned og delte opp.

  • Det blir for produsert mykje klede av dårleg kvalitet: Klesproduksjon bidreg til utslepp av klimagassar og krev ofte mykje vatn og bruk av kjemikal. Mange klede blir kasta utan å ha blitt brukte eller etter kort tids bruk, ofte på grunn av for dårleg kvalitet.

  • Vi byter ut elektronikk for ofte: Produksjon av mobilar, datamaskiner og annan elektronikk er energikrevjande og skaper store klimagassutslepp. Det krev òg store areal og kan føre til forureining av grunnvatn.

2. Beskriv problemet

Beskriv sjølve problemet og prøv å få fram ulike sider ved det. Prøv å kople på det de har blitt ekspertar på, for å beskrive problemet så godt som mogleg.

Spørsmål som kan hjelpe dykk i gang:

  • Kva handlar problemet om?

  • Korleis er dette problematisk for klimaet?

  • Korleis er dette problematisk for naturen?

  • Kan de finne konkrete døme som belyser problemet?

  • Korleis kan vi organisere samfunnet annleis for å redusere problemet?

  • Kan de finne nokon tal eller statistikk som bidreg til å forklare kvifor dette er eit problem?

3. Lag ei konkret løysing

Lag ei konkret løysing og beskriv denne så grundig som mogleg. Her gjeld det òg å utnytte kompetansen til alle ekspertane.

  • Klimaeksperten kan vurdere om løysinga er eit klimatiltak eller ei klimatilpassing, og om de gjer noko med årsakene eller konsekvensane av klimaendringane.

  • Natureksperten kan vurdere om løysinga bidreg til betre naturforvaltning og at vi tek betre vare på økosystemtenestene.

  • Teknologi- og sirkulæreksperten kan bidra til at løysinga hindrar målkonfliktar og skaper synergiar, og vurdere om ho på noko vis kan bidra til sirkulær økonomi.

  • Berekraftseksperten kan vurdere om løysinga kan gjere forbruket vårt meir berekraftig utan at det går ut over levekåra våre.

  • Endringseksperten kan vurdere korleis løysinga bør innførast, og korleis ho kan bidra til ei meir berekraftig utvikling som tek omsyn til alle dei tre dimensjonane ved berekraftig utvikling.

Til slutt må de vurdere følgande:

  • Kva er moglege utfordringar og negative sider ved løysinga dykkar?

  • Kva skal til for at løysinga lykkast? Er det noko som er spesielt viktig eller avgjerande?

  • Vil ho bidra til å løyse både klimakrisa og naturkrisa?

  • Korleis skal de hindre at løysinga går ut over levestandarden og levekåra våre?

Står de fast?

De står fritt til å velje og forme ut løysinga på den måten de ønsker, men de bør bruke ekspertisen frå dei ulike ekspertane og finne ei løysing som på eit eller anna vis bidreg til å løyse både klima- og naturkrisa.

Her er nokre forslag til korleis de kan tenke rundt løysinga:

  • ei teknologisk løysing som gjer det meir attraktivt å leve berekraftig

  • ein heilt ny teknologi som både senkar klimagassutsleppa og gjer noko med naturkrisa

  • ei ny form for subsidie eller støtte som kan bidra til at fleire lever meir berekraftig

  • skattar og avgifter som kan bidra til å endre forbruket av bestemde varer eller tenester

Presentasjonen til basisgruppa

Sluttproduktet skal vere ein presentasjon som overtyder om basisgruppa har ein god og gjennomtenkt plan for framtida. De må bruke fagomgrep og argumentere for kvifor planen dykkar er god.

Følgande må med i presentasjonen:

  • bilete som bidreg til å forklare kva de har tenkt (bruk biletsøk på nettet eller KI)

  • kompetanse frå alle dei fem ekspertområda

  • argument som overtyder oss om kvifor dette er ei god løysing (det er ein fordel å vise at de òg har tenkt på moglege utfordringar ved løysinga)

  • god bruk av fagomgrep på ein måte som viser at de forstår dei, til dømes klimatiltak, klimatilpassing, økosystemtenester, nedbygging, målkonfliktar, synergieffektar, berekraftig utvikling, dei tre ulike dimensjonane ved berekraftig utvikling, nokre mål på berekraft, sirkulær økonomi, avfallshierarkiet, rolla til ulike aktørar (privatpersonar, næringsliv og staten), naturforvaltning, antropocen, økosystemtenester

Skrive av Hans Græsli.
Sist oppdatert 01.06.2026