Filmar og figurar i Demografi og levekår
Film: Introduksjon til Demografi og levekår
Filmen (lengde 1:26) introduserer emnet gjennom ulike klipp og opne spørsmål knytte til demografi og levekår. Filmen blir brukt i oppgåva "Introduksjon til Demografi og levekår".
Film: Den demografiske overgangsmodellen
Animasjonsfilmen (lengde 3:19) forklarer den demografiske overgangsmodellen og alle dei fem fasane. Filmen blir brukt i artikkelen "Den demografiske overgangsmodellen".
Film: For mange eller for få menneske på jorda?
Animasjonsfilmen (lengde 2:56) forklarer kvifor både for få og for mange menneske kan vere utfordrande. Filmen blir brukt i artikkelen "Er vi for få eller for mange?".
Film: Global ulikskap
Animasjonsfilmen (lengde 3:42) forklarer kvifor nokre er rike og andre er fattige, og tek for seg avhengnadsteorien og moderniseringsteorien. Filmen blir brukt i artikkelen "Kvifor er nokre rike og andre fattige?".
Figur: Dei fem fasane i den demografiske overgangsmodellen
Figuren viser dei fem fasane i den demografiske overgangsmodellen og korleis fødselsraten, dødsraten og populasjonen blir endra gjennom fasane. Figuren blir nærmare forklart i artikkelen "Den demografiske overgangsmodellen".
Figur: Fleire eldre enn barn og unge
Figuren viser befolkningsutviklinga blant barn og unge og blant eldre i Noreg frå 1900 og fram til 2024 og dessutan vidare framskrivingar mot 2100. Figuren viser tydeleg den forventa eldrebølga og blir brukt i artikkelen "Er vi for få eller for mange?".
Figur: Befolkningspyramide Afghanistan 2024
Figuren viser befolkningssamansetjinga i Afghanistan i 2024 og blir brukt og forklart i artikkelen "Er vi for få eller for mange?". Tala frå befolkningspyramiden er gitt att i ein tabell nedanfor.

Figur: Befolkningspyramide Tyskland
Figuren viser befolkningssamansetjinga i Tyskland i 2024 og blir brukt og forklart i artikkelen "Er vi for få eller for mange?". Tala frå befolkningspyramiden er gitt att i ein tabell nedanfor.

Figur: Barn per kvinne i Noreg, India, Nigeria og Japan
Dette er ein interaktiv figur frå Gapminder. Her ser vi utviklinga i barn per kvinne i høvesvis Noreg, India, Nigeria og Japan. Figuren blir brukt i oppgåva "Demografisk detektiv".
Figur: Demografisk utvikling i verda frå 1950 til 2100
Figuren viser utviklinga av befolkninga i verda i alderssamansetjing og storleik frå 1950 og fram til 2100. Figuren er ein av fleire figurar og grafar i oppgåva "Forstå verda betre: oppgåver om demografi". Vi har ikkje teke med alle figurane her på denne sida. Sjekk gjerne oppgåva sjølv dersom du ønsker fleire figurar og grafar.
Figur: Human Development Index i verda
Kartet viser kor høgt ulike land skårar på levekårsmålet Human Development Index (HDI) i 2023, og blir brukt i artikkelen "Er Noreg det beste landet å bu i?".
Figur: Utvikling av HDI i landa i verda
Dette er ein interaktiv figur frå Gapminder. Han viser kor høgt ulike land skårar på HDI, og vi kan undersøke utviklinga frå 1990 og framover. Figuren blir brukt i artikkelen "Er Noreg det beste landet å bu i?".
Figur: Earth Overshoot Day
Figuren viser utviklinga av overforbruksdagen, som er dagen året vi på verdsbasis har brukt opp jordas økologiske kapasitet for det aktuelle året. Figuren blir brukt i artikkelen "Er Noreg det beste landet å bu i?".

Fleire figurar
I dette emnet har vi fleire figurar som ikkje er tekne med på denne sida. Du kan finne nokre av dei i oppgåva "Forstå verda betre: oppgåver om demografi".