Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Feltarbeid: Kva ytre krefter har forma nærområdet?

Er det spor etter arbeidet til elva der de bur? Undersøk nærmiljøet gjennom feltarbeid, og finn døme på korleis ytre krefter formar og påverkar landskapet.

Oppgåve: Undersøk arbeidet til elva i nærområdet

Jobb i grupper på to–fire elevar

1. Forarbeid

Før de set i gang med sjølve gjennomføringa av feltarbeidet, er det nødvendig å gjere nokre førebuingar.

Studer kart

Studer først eit kart over landskapet der de bur, eller i nærleiken av skulen. Bruk kartapplikasjonen nedanfor til å undersøke om det finst ei elv eller ein større bekk tilgjengeleg i nærområdet, som de kan undersøke nærare. Hugs at de kan endre på kartlaga.

Les artiklar og diskuter kva de skal undersøke

Kva som kan vere aktuelt å undersøke i felt, vil variere frå stad til stad. Kvar gruppe les gjennom desse fagartiklane:

Diskuter i gruppa og i klassen: Kva kan vere aktuelt å undersøke i nærområdet dykkar? Sjå forslag i boksen nedanfor. Gruppene vel eitt eller fleire punkt som dei ønsker å fokusere på i feltarbeidet sitt.

Forslag til kva som kan undersøkast i felt:

  • spor etter elveerosjon

  • spor etter transport av lausmassar i elva

  • spor etter avsetningar frå elva

  • finne døme på landformer danna av elva

  • måle vasshastigheita i elva

  • menneskeleg påverknad

Lag ei problemstilling og planlegg feltarbeidet

Når de har bestemt kva de vil undersøke, lagar de ei passande problemstilling. Planlegg kva som må til for å svare på denne problemstillinga:

  • gjennomføring (tid og stad)

  • metodar (kartlegging, dokumentasjon, målingar, loggføring)

  • klargjering av nødvendig utstyr for å samle inn data (skrivesaker, kart, kamera, stoppeklokke, måleband og så vidare)

  • fordeling av ansvar (kven gjer kva i felt)

La faglærar sjå over og godkjenne gruppa sin plan for gjennomføring av undersøkingar i felt.

2. Gjennomføring i felt

Gjennomfør undersøkingar i felt i ein skuletime (eller fleire skuletimar, dersom det er mogleg). Dra saman med resten av klassen og faglæraren. Hugs nødvendig utstyr.

  • Gruppa samlar inn data for å svare på problemstillinga si. Diskuter observasjonar de gjer.

  • Spør gjerne læraren dykkar om hjelp dersom de synest det er vanskeleg å komme i gang.

Tips: Ta gode notat, diskuter og dokumenter observasjonar mens de er i felt. Det vil gjere etterarbeidet mykje enklare.

3. Etterarbeid

Ikkje vent for lenge med etterarbeidet! Sjå gjennom innsamla data (notat, målingar, bilete, filmar), og diskuter i gruppa kva observasjonar de har gjort. Har de funne svar på problemstillinga dykkar?

Presenter resultat frå observasjonar som de har gjort i felt, på ein av følgande måtar:

  • munnleg presentasjon med framvisning av bilete/film og observasjonar som er gjorde

  • film som viser gjennomføring av arbeidet og kva observasjonar som er gjorde

  • plakat eller veggavis som kan hengast opp i klasserommet

  • skriftleg feltrapport eller innlevering

Andre ytre krefter det er mogleg å undersøke

  • landformer frå isbrear eller bølger

  • lausmassar og avsetningar frå isbrear eller bølger

  • menneskeleg påverknad på landskapet

  • vurdere naturfarar i utsette område (skred eller flaum)

Skrive av Sølvi Skeide.
Sist oppdatert 16.01.2025