Hopp til innhald

Fagstoff

Fjernsynet kjem inn i stovene på 1960-talet

Dei første offentlege TV-sendingane vart sende frå Berlin i 1935. Fjernsynet i Noreg vart offisielt opna i 1960. Fjernsynet sende nyheiter, spelefilmar, underhaldning og skulekringkasting. Radioen utvida sendetida. Politikarar kritiserte NRK for å sende "umoralske" program.
Tekstversjon av NRK TV-historie

(Filmklipp som viser korleis fjernsynsmasta blir montert på Tryvann)

Kommentator: Radiomastene på Tryvannshøgda har fått ein tvillingbror opp til seg som formidla den første fjernsynssendinga her i landet. Mastefolka heiste fjernsynsantenna 110 meter opp i vêret.

(Filmklipp som viser folk som stimlar saman framfor eit fjernsynsapparat i eit utstillingsvindauge)

Kommentator: I 1954 kom dei første, sensasjonelle prøvesendingane på fjernsyn.

Kringkastingssjef Kaare Fostervoll seier på fjernsynsskjermen: Fjernsynet er det finaste tekniske instrument som menneske har skapt.

Kommentator: På Egertorget samla fleire tusen menneske seg framfor den fjernsynsmottakaren som Aftenposten hadde sett opp.

(Filmklipp som viser medverkande og kameraproduksjon i studio)

Kommentator: I det improviserte studioet på Tryvannshøgda sat dei medverkande. Fjernsynsleiaren, ingeniør Rytter, annonserte først programmet. På Egertorget trakka folk kvarandre på tærne.

(Filmklipp som viser statsminister Einar Gerhardsen bak eit skrivebord)

Einar Gerhardsen: Mange har vore engstelege for at fjernsynet skal gripe forstyrrande inn i rytmane og vanene i familielivet. Og etter erfaringar frå andre land har ein særleg vore opptekne av at barna skal bli så opptekne av fjernsynet at dei forsømmer både lekselesing og aktiv leik ute i sol og frisk luft. Det er ingen grunn til å vere redd fjernsynet. Det er jo i verkelegheita eit merkeleg eventyr som no møter oss.

(Filmklipp som viser dåverande kronprins Olav bak eit skrivebord)

Kronprins Olav: Det er eit langt skritt frå dei første spede byrjingane som vart demonstrerte av fjernsyn i 1937, og fram til det relativt teknisk fullkomne som vi har kunna gle oss over i samband med prøvesendingane.

(Filmklipp som viser ein programleiar og eit intervjuobjekt i studio)

Programleiar: Professor doktor med. Hans Jacob Ustvedt, utnemnd til ny kringkastingssjef etter Kaare Fostervoll.

Kringkastingssjef Hans Jacob Ustvedt: Ein dag full av lydar og bilete, det er ingen idealdag for eit menneske. Så paradoksalt som det enn kan høyrast, så kunne eg nesten ha lyst til å legge inn eit ord for stilla. Det bør ikkje vere noko vesentleg siktepunkt for ein kringkastingssjef, men eg trur ein bør vere merksam på kva det betyr.

(Filmklipp som viser sportsreporter Knut Bjørnsen som sklir på ein sko over golvet og hamnar i fanget til sportskommentator Per Jorsett)

(Latter)

(Filmklipp frå Stortingssalen)

Kommentator: Motstandarane mot fjernsyn i fargar bestod av Venstres og Senterpartiets grupper og enkeltrepresentantar frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti. Saksordføraren, Einar Førde frå Arbeidarpartiet, forsvarte fleirtalssynet. Vi har venta lenge med å skaffe oss dette, som mange meiner er eit unødvendig leiketøy.

Einar Førde på Stortingets talarstol: Mykje av motstanden mot fargefjernsyn er av psykologisk art. Fargefjernsynet får nokså ufortent status som symbol på vondskapen og irrasjonaliteten i vårt økonomiske system. Motstanden har også sterke innslag av puritanisme. Vi får finne oss i at synda er komen til jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar.

Kommentator: Motstandarane ønskte skikkelege mottakarforhold for svart-kvitt-fjernsyn for heile befolkninga før vi unner oss den luksusen å innføre fargefjernsyn.

(Filmklipp med to komikarar som haler i kvar sin ende av ei snor. Snora ryk med eit smell, og det blir fargar på TV-skjermen.

(Filmklipp med ein komikar som spring rundt med eit instrument som fangar opp pipesignal. Han spring opp trappa og inn i ei leilegheit der det sit ein mann i slåbrok. Instrumentet krasjar rett i TV-skjermen. Omgitt av røyk krev han inn pengar frå TV-sjåaren.)

(Filmklipp som viser intro og vignett til fjernsynsprogrammet Norge Rundt)

Programleiar Arnt Ryvold i Norge Rundt: God kveld, og velkommen til ein ny programpost her i fjernsynet, Norge Rundt, distrikta sitt magasin. No i kveld, for første gong, er opplegget litt spesielt, fordi vi har alle NRKs ti distriktskontor med oss. Det gir oss kanskje litt lite tid, og vi må då vere kvikke og invitere til ein slags journalistisk norsk dans, kanskje med ein del bråkast innimellom.

(Filmklipp med kringkastingssjef Bjartmar Gjerde i studio saman med to programleiarar)

Kringkastingssjef Bjartmar Gjerde: God morgon til Svalbard. Det er ei stor glede å få høve til å helse og gratulere befolkninga på Svalbard. Dette er det første fjernsynsprogrammet som går direkte. Signalet går over ein satellitt som har fått nemninga ECS 2. Det er no 25 år sidan norsk fjernsyn vart opna, og det tok altså eit kvart hundreår før de på Svalbard fekk høve til å sjå fjernsynsprogram til same tid som befolkninga på fastlandet.

Programleiar Knut Bjørnsen: Og så skal vi då gjere den offisielle samankoplinga av linjene våre. Der!

(Filmklipp med to klovnar som ler hjarteleg)

Overføring av levande bilete

Då NRK starta forsøk med fjernsynssendingar i 1954, var Noreg ganske seint ute i forhold til andre land. Dei første offentlege TV-sendingane med brukbar biletoppløysing i Europa vart sende ut frå Fernsehsender Paul Nipkow i Berlin allereie i 1935. Året etter begynte BBC i London med fjernsynssendingar. Medan tyskarane baserte seg på eit mekanisk system for overføring, satsa britane på eit elektronisk system utvikla av Marconi.

Les meir om det tekniske grunnlaget for fjernsynsoverføringar

Allereie som student hadde Paul Nipkow i 1884 fått patentert eit elektrisk teleskop for illuminerte bilete. Skotten John Logie Bird brukte Nipkows patent då han i 1926 klarte å overføre levande bilete på telefonlinje frå Glasgow til London.

Den russiskfødde amerikanaren Vladimir Zworykin hadde likevel i 1923 fått patent på eit "ikonoskop", ein forløpar for det elektroniske katoderøyret som han i 1929 kalla kineskope. Det var likevel amerikanaren Philo Taylor Farnsworth som allereie i 1927 var den første som klarte å overføre levande bilete ved hjelp av eit elektronisk system.

Enkelt forklart ligg grunnlaget for overføring av levande bilete i noko vi kallar ei elektronisk avsøking. Ein elektronstråle i biletrøyret på mottakarapparatet blir styrt over skjermen i ei rekke horisontale linjer i same takt som dei tilsvarande linjene i det kameraet der sendingane kjem frå, som avsøker eit optisk bilete. Denne synkroniseringa av avsøkinga kom ein fram til ved hjelp av eit sett av koordineringsimpulsar som blir lagt til biletinformasjonane i det signalet som blir sendt ut.

BBC tok opphavleg i bruk linjesprangavsøking av 405 linjer som vart gjentekne 25 gonger per sekund. Dette vart gjort slik at annakvar linje vart avsøkt først, deretter dei mellomliggande. I barndommen til fjernsynet valde ei rekke land ulike standardar, noko som gjorde internasjonal programutveksling unødig komplisert. Det vart etter kvart semje mellom dei fleste europeiske land at standard linjesprangsøking skulle vere 625 linjer, 25 gonger i sekundet. I dag er det berre Nord- og Sør-Amerika og dessutan Japan som har andre standardar.

Prøvesendingar for fjernsyn i Noreg

20. august 1960 opna kong Olav dei offisielle fjernsynssendingane i Noreg, etterfølgd av eit timelangt direktesendt underhaldningsprogram frå Den norske opera i Folketeaterbygningen på Youngstorget i Oslo. Då var det registrert rundt 20 000 lisensbetalarar.

Les meir

Igjennom dei seks åra som hadde gått sidan dei første prøvesendingane i 1954, hadde det vore ein hektisk aktivitet. Den første fjernsynssjefen vart i 1957 Otto Nes, som kom frå Radioteatret. Han sat som sjef for NRK Fjernsynet heilt til 1987. Dei fleste andre programmedarbeidarane kom også frå radioen. Også på teknisk side gjekk mange frå radioen til fjernsynet. Men fotografar måtte rekrutterast frå filmbransjen, likeins klipparar, lyssetjarar, dekoratørar og sminkørar.

Våren 1958 vart det arrangert VM i ishockey på Jordal Amfi i Oslo, og NRK sende ni kampar derifrå. Det vart også eksperimentert med ei rekke programformat der fleire av medarbeidarane i radioen etter relativt korte fjernsynskurs fekk ulike oppgåver. I 1958 vart også Nordvisjonen etablert som eit samarbeidstiltak for programutveksling og samproduksjonar mellom dei nordiske allmennkringkastarane.

Hausten 1958 kunne kringkastingssjef Kaare Fostervoll setje spaden i jorda for det nye fjernsynshuset på Marienlyst. Først berre verkstadsfløya, der det vart innreidd to studio på høvesvis 240 kvadratmeter og 110 kvadratmeter. Arkitektane Nils Holter og Jan Baucks fjernsynshus på Marienlyst, med ein endeleg prislapp på 100 millionar kroner, stod ikkje ferdig med sine sju etasjar og 38 000 kvadratmeter før i 1969.

I 1962 gjekk Kaare Fostervoll av for aldersgrensa, og indremedisinaren Hans Jacob Ustvedt vart relativt overraskande vald som etterfølgar. Kjennskapen til NRK hadde han gjennom tre år som leiar av Kringkastingsrådet. Han skulle komme til å leie NRK igjennom ein kraftig ekspansjonsperiode for fjernsynet.

Allereie i 1963 passerte fjernsynet radioen når det gjaldt talet på tilsette. Det året vart det etter betydeleg tautrekking, som enda i Stortinget, bestemt at radio og fjernsyn i NRK skulle organiserast som separate einingar. I 1970 var talet på tilsette i fjernsynet stige til 831, og distribusjonsnettet var bygd ut med 40 sendarar og 333 omformarar. Nesten heile Noreg kunne no ta inn NRK Fjernsynet, og 850 000 nordmenn betalte lisens.

Medan Otto Nes i 1963 heldt fram med å leie fjernsynet med tittelen programdirektør, vart Arbeiderbladets utanriksredaktør Torolf Elster utnemnd til radiodirektør. Han hadde etterfølgt Ustvedt som leiar av Kringkastingsrådet, og hadde også blitt nytta som utanrikskronikør i NRK, men hadde elles inga spesiell radioerfaring. At han tredde inn som radiodirektør, skulle likevel snart merkast.

Programtilbodet på fjernsyn

I 1970 var sendetida på fjernsyn auka til nærare 40 timar vekentleg, frå ein forsiktig start med ein time dagleg i 1960. Kva fekk dei så sjå? Dagsrevyen vart til å begynne med send tre vekedagar – fire frå hausten 1962. Rundt 60 prosent av innslaga var innanriksstoff levert av frilansfotografar land og strand rundt. Resten kom frå utlandet, og då ofte som filmrullar sende som flyfrakt. Med Mette Janson og Per Øyvind Heradstveit som nyheitsanker fekk Dagsrevyen tidleg ein meir direkte og pågåande stil enn det som var vanleg. Sommaren 1962 kunne Heradstveit presentere den første nyheitssendinga på satellitt mellom USA og Europa. Ein ny tidsalder var innleidd.

Foto av to penkledde personar som handhelsar på scenen under innspeling av Kvitt eller dobbelt i Store studio på Marienlyst i Oslo. Ein kameramann filmar seansen. I forgrunnen kan ein skimte bakhovuda til publikum på dei fremste seteradene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Allereie hausten 1960 vart måndag filmdagen i fjernsynet. Samtidig vart onsdagskvelden etablert som ein slags litlelaurdag med programmet Lystspillopper. Og fredag var det "Detektimen" – hausten 1961 med Raymond Burr som Perry Mason, den første kultfiguren blant norske sjåarar.

Laurdagsunderhaldninga stod i starten Erik Diesen for med det velprøvde konseptet Slagerparaden frå radio.

Hausten 1961 vart det Kvitt eller dobbelt med Gunnar Haarberg som programleiar som samla sjåarane på laurdagskvelden. Våren 1962 begynte Skolefjernsynet sendingane sine.

På mange måtar var det likevel den 72 timars direkte fjernsynsoverføringa av Kings Bay-debatten i Stortinget i august 1963 som verkeleg viste norsk offentlegheit noko av kva det nye mediet kunne brukast til.

Smakebitar frå 1960-talet

Barne-TVs historie i NRK

Men radioen var ikkje død

Innføringa av fjernsynet førte til at radioen måtte definere seg på nytt som medium; det nytta ikkje å halde fram i dei same banane som ein meir eller mindre hadde følgt sidan 1945. Ei utviding av sendetida, slik at dei to lange sendepausane midt på dagen kunne forsvinne, var eit uttrykt mål for kringkastingssjef Elster, og han klarte å realisere det ved inngangen til 1970-talet. Sidan fjernsynet på byrjinga av 1960-talet berre sende frå klokka 20.00 til 22.00 på kvelden, oppmoda Elster medarbeidarane sine til å finne nye programformer i radio frå klokka 17.00 til 20.00 og etter klokka 22.00.

Les meir

Mange av dei redaksjonelle medarbeidarane i NRK var filologar. For å nå målsetjinga om fleire ganske korte programpostar og fleire aktuelle innslag i alle programtypar, ville Elster rekruttere fleire medarbeidarar med journalistisk bakgrunn. Kringkastinga skulle ikkje dosere meiningar, men gi lyttarane eit bilete av ei verda i forandring på ein slik måte at dei vart bevisste sin eigen situasjon. Og i tiltredingstalen til avdelingsleiarane sa han også at det godt kunne spreie seg ein lettare og muntrare tone i annonsering, presentasjon og kommentarar: "Ikke anstrengt lystighet, fleip og sjargong, men her og der en liten munter vri på ordene, av og til kanskje en svak antydning av selvironi, og noe litt mer personlig i ordleggingen, slik at en får kjenslen av at det er mennesker, individer, som taler til andre mennesker." Lasse Dyrdal i Programsekretariatet kom hausten 1963 tilbake frå ei studiereise til allmennkringkastarane i Vest-Europa med ei heil smørbrødliste av idear til endringar.

Desse forandringane kunne særleg merkast i nyheitsdekninga. I 1967 hadde talet Dagsnytt-sendingar komme opp i ni dagleg, og ved inngangen til 1970-åra var dei ytterlegare auka til elleve. Tendensen i Aktuelt-sendingane var fleire og kortare innslag. Medan NRKs medarbeidarar i Stortinget tidlegare berre hadde presentert materialet sitt i programposten "Storting og styringsverk", vart dei no aktivt oppmoda til å levere stoff til dei korte nyheitssendingane. Ikkje minst bidrog Herbjørn Sørebø til dette då han kom til Dagsnytt i 1964. Utanriksstoffet stod Elster spesielt nær, og her skjedde det på 1960-talet ein liten revolusjon gjennom tilsetjing av faste korrespondentar som kunne levere stoff til alle typar program. Det starta i 1964 med tilsetjinga av frilansmedarbeidaren Richard Hermann i London og heldt fram året etter med at Bjørn Jensen vart send til New York. I 1966 følgde Paris, der Ottar Odland etablerte NRK-kontor. Året etter gjorde Anton Blom tilsvarande i Bonn.

I 1967 inngjekk NRK dessutan frilansavtalar med Harald Munthe-Kaas i Hong Kong om å dekke hendingane i Aust-Asia og med Dag Halvorsen i Wien om å dekke hendingane i Aust-Europa. Når ein så legg til at NRK fekk Moskva-kontoret sitt i 1968 med Tor Strand som den første korrespondenten, og at Ottar Odland same år vart send til Washington for å etablere NRKs andre kontor i USA, kan ein betre forstå at dødsstøyten same år vart gitt den tradisjonelle utanrikskronikken. Sommaren 1963 lanserte NRK Reiseradioen med Johan Vigeland som programleiar. Våren 1965 vart morgonsendingane supplerte med Nitimen med Kjell Thue som programleiar.

Stortinget kritiserer NRK

Ikkje alle likte den meir frivole haldninga i NRK. Då Olav Øverland hausten 1963 tok opp seksualundervisninga i skulen i eit samtaleprogram med sosiologiprofessor Erik Grønseth, vekte det storm i kyrkjelege krinsar.

Hausten 1964 stilte Kristeleg Folkepartis Kjell Bondevik spørsmål ved om ikkje tida no var inne for å "verja publikum" mot uheldig moralsk innverknad.

Les meir

I ei nordisk sending frå Danmark skulle visstnok magister Jesper Jensen hatt synspunkt på seksualmoral som var endå verre enn Grønseths. I 1969 viste Fjernsynsteatret Ingmar Bergmans Riten. Det førte til at forfattaren Alfred Hauge skylda NRK for å drive gudsspott. Kjell Bondevik, som no hadde blitt kyrkje- og undervisningsminister, oppmoda nærast til at ein kunne gå til sak mot NRK. Og berre planane om ein samlivsserie i fjernsynet våren 1969 fekk Lars Korvald frå Kristeleg Folkeparti til å stille spørsmål i spørjetimen i Stortinget om det var forsvarleg å ta opp eit så komplisert og ømtåleg spørsmål som prevensjon i fjernsynet.

Mykje av denne kritikken vart retta mot Hans Jacob Ustvedt personleg. Han stod oppreist og forsvarte som oftast dei vala medarbeidarane hans hadde teke. "Fjernsynsteatret er ikke fjernsynets underholdningsavdeling", skreiv han til statsråd Helge Sivertsen. "Det er heller ikke en avdeling med det primære mål å samle familiene til en koselig stund. Dramatisk kunst er, som kunst i det hele, en alvorlig ting." Påkjenninga med å forsvare NRKs redaksjonelle sjølvstende vart likevel for stor. I november 1971 vart Ustvedt sjukmeld ut året. Før jul same år kunngjorde han at han ville fråtre før perioden hans som kringkastingssjef gjekk ut.

Kjelder

Dahl, H.F. og Bastiansen, H.G. (1999). Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. NRKs historie bind 3. J.W. Cappelens Forlag.

Gran, G. (2000). Men radioen var ikke død. NRK i oppbruddstiden på 60-tallet og 70-tallet – sett fra innsiden. Norsk rikskringkasting.

CC BY-NC-SASkrive av Svein Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)